Team mates: Et gufs fra fortiden.

Bok av Paul Cockburn
Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk

Fakta
Forlag: Stabenfeldt AS
Originalspråk: Engelsk
1. utgåve (engelsk): 1996
Oversettelse: Olga May Bore
Sidetal: 192
Målform: Bokmål

 

TEAM MATES

 

Boka er med i ein serie av bøker som heiter TEAM MATES. Desse bøkene handlar om Nicky Fiorentini og Chris Stephens, som er bestekompisar og lagkameratar i Riverside Colts og på skulelaget til Spirebrook ungdomsskule. Chris spelar spiss, medan Nicky er ving. I ei tidlegare bok er dei på tur til Old Trafford der dei blant anna møter Ryan Giggs og Peter Smeichel. Favorittlaget deira er sjølvsagt Oldcester United, det lokale eliteserie laget, og draumen deira er at dei ein gong skal få spela med det gamle storlaget. Laget eksisterte nemleg allereie før fyrste verdskrigen, og det er allereie på denne tida historia byrjar… Boka

 

Ein gong Chris går ein tur i Memorial Park for å møta Nicky, møter han ein gut som vert jaga av ein mann. Heilt plutseleg rekkjer han ut ein arm, og gøymer han bak ein busk. Då faren er over, går han tilbake for å henta han fram igjen, men då er guten vekk. Det samme var ballen han hadde med seg…

 

”Det gjekk ein augneblink før Chris oppdaga at han ikkje hadde den lenger. Han trudde han kunne hugsa at han hadde lete ballen trilla bort til hekken ved sida av stien berre eit lite stykke bortanfor gøymestaden han hadde drege guten inn i.

 

Han sjekka stien i begge retningar, men han var allereie overbevist om kva som hadde skjedd. Den utakknemlege vesle rakkaren hadde stelt den! Og det etter at Chris hadde redda han! -Utruleg! brølte han, og sparka til litt laus bork i rein frustrasjon. Borkbitane landa mellom buskane.

 

-Hei! Ikkje øydelegg plantane, laud ei stemma. Chris heldt på å hoppa ut av sitt gode skinn. Han snurra rundt mens han lurte på om han var blitt teken på fersken av parkvakta eller kven det no var som hadde skremt guten. Det var ingen av delane. Ein mann hadde dukka opp på stien ved svingen som førte til fontena. Chris måtte mysa då han såg på mannen – ein skarp vegg av solskin vart filtrert gjennom greinene på eit tre bak det mørkhåra hovudet til mannen. Han kom litt nærmare for å gjera det lettare for Chris å sjå han.

 

-Eg har ikkje skada nokre av plantane, svarte Chris irritert, før han la til: -Ein gut stal nettopp ballen min. Han høyrde med ein gong at det ikkje var den minste samanheng mellom dei to setningane, men no var det for seint. Mannen sendte han eit breitt smil, og det var tydeleg at utbrotet til Chris mora han. No då Chris kunne sjå mannen betre innsåg han at nykomlingen ikkje var så gammal som han hadde gissa i byrjinga – kanskje ikkje meir enn nitten, eller noko sånt. Fyren hadde skinande blå auge, og ansiktet hans var bleikt og plettfritt. Han hadde glinsande svart hår som var kortklipt på ein ganske brutal måte, med unntak av ein ganske stor pannelugg som hang ned i panna på samme måte som Nicky sitt alltid gjorde.”

 

Slik vert Chris kjent med William som påstår at han har spelt for Oldcester. Han har på seg ei gammal Oldcester-drakt. Dei spelar litt fotball i parken, og avtalar å møtast igjen for å spela fotball seinare. Når dei har gjort alt dette, forsvinn William igjen like mystisk som han dukka opp.

 

Samtidig gler Chris seg til han skal prøvespela for Oldcester. Prøvespelinga skal vera neste helg, og viss Chris får plass der, får han plass på den nye fotballskulen til Oldcester der dei både får trena fotball og gå på skule. Det einaste som manglar før dei kjem skikkeleg i gang med bygginga av skulen er ein skikkeleg sponsoravtale. Om morgonen den samme dagen Chris møtte William, las han i avisa om at Virgin Cola har inngått ein avtale med Oldcester der Virgin Cola gjev 10.000.000 £ til fotballskulen, og får namnet sitt på draktene til laget.

 

Chris tenkjer at han sikkert får høyra meir om sponsoravtalen på privatkampen som skal gå til inntekt for Sean Priest, ungdomsutviklaren til United samme ettermiddagen, og det får han. Etter at han har vore i parken der han traff William, reiser han, faren og Nicky på Star Park for å sjå kampen. Før kampen har dei litt tid til overs, så dei reiser inn på klubbmuseet til Oldcester. Chris finn fram til ei liste over alle som hadde spelt på a-laget dei siste 25 åra. Dei granskar lista nøye, men dei finn ikkje noko om noko som heiter William. Dei finn ikkje nokon som heiter Bill heller. Det dei derimot finn, er eit gammalt lagbilete frå 1905 der dei brukar drakter som var identiske med den drakta William hadde på seg. Han finn ut at heilt frå 1922 og fram til no hadde det ikkje vore nokon som hadde brukt ei liknande drakt.

 

Seinare, etter kampen, besøkjer han ein draktseljar, som meinar at viss nokon hadde hatt ei drakt frå 1920-åra ville vera verdt ein formue. På den tida vart det ikkje lagt ut drakter for sal.

 

Etter kvart som Chris og Nicky dykkar stadig lenger ned i fortida, finn dei stadig fleire bevis på at William er eit gjenferd frå 20-åra. Det som gjer det vanskeleg for dei er at nesten alt stoffet frå klubben gjekk tapt i ein brann i klubbhuset.

 

På kontoret til United sin manager, Dennis Lively, finn dei nokre tavler der det står lister over spelarar heilt sidan klubben vart oppretta. På den lista finn dei ein spelar som hadde ein W som initial i fornamnet i det samme året som krigen braut ut. Han heitte W Murdoch Ein av gongene Chris møtte William, fann han blant anna ei eldgammal dagbok. I den står det om William Murdoch og Jack Schwarz, William sin argaste konkurrent. Det står at Jack mobba William, eller Billy som han vart kalla. Då den fyrste verdskrigen braut ut meldte Billy seg med ein gong frivillig. Han døydde under den krigen. Det siste som stod i dagboka var at Billy gledde seg til at han forhåpentlegvis fekk komma heim på perm snart.

 

Ved besøket hjå Dennis Lively, får han høyra om Frank Swain, ein mann som påstår at han skriv ei bok om klubben sin historie. Chris reiser på besøk til han for å intervjua han om William, men han seier at han samlar inn stoff for ei oppgåve på skulen. Hjå Frank får han vita at faren til Frank, heitte Jack Swain, eller Jack Schwarz som han kalla seg før krigen braut ut. Han måtte nemleg skifte namn slik at han ikkje høyrde for tysk ut. Det visar seg at Frank eigentleg hadde samla inn alt stoffet berre for å brenna det. Då han får høyra om dagboka der det står at Jack Schwarz var ein mykje dårlegare spelar enn Billy, tek han den frå Chris.

 

”Swain vifta den dyrebare boka framfor ansiktet på Chris. -Og no denne. Etter alle desse åra prøver Murdoch framleis å laga bråk – og det er mislykka igjen! Du får ikkje øydeleggja far sitt rykte med denne, Stephens! -Kva har du tenkt å gjera? -Brenna den, sjølvsagt. I denne familien plar me å brenna ting me ikkje likar. Han gliste vondskapsfullt, overbevist om at han hadde vunne.”

 

Etter dette var ikkje Chris i tvil om at det var Jack Swain som brente ned klubbhuset. Problemet var at no var beviset deira sikkert allereie øydelagt… Oppsummering

 

Boka er ganske innvikla, og det er mange bitar som må puslast i hop før Chris til slutt løyser floka hjå Frank Swain. Ein ting som likevel ikkje vert løyst, er kor William kjem frå. Boka har med små historiar om Billy, som blandar seg i resten av teksta. Heile det fyrste kapittelet er til dømes ein historie om Billy på den tida han levde. Eg forstod ikkje kva heile dette kapittelet handla om før eg hadde komme eit godt stykke ut i boka.

 

Boka inneheld sjølvsagt mykje meir enn det eg har teke med no. Blant anna står det om kampane til Chris, korleis det går i prøvespelinga, privatkampen til Sean Priest og fleire møte med William. Blant anna kan eg røpa at Chris får den gamle drakta til William, og at han lovar å ha den på seg under den fyrste kampen sin for United. Dette ligg eit langt fram i tid, og dette får me sikkert vita meir om i seinare bøker om TEAM MATES. Vurdering

 

Eg tykkjer boka var fin viss du er interessert i fotball. Eg har lest betre fotballbøker enn dette, og eg vil ikkje anbefala henne viss du ikkje er interessert i fotball. Viss du derimot er det, pluss at du er glad i å lesa, er den verdt å spandera eit par timar på.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst