Søk i stiler
 

Det som skulle gå galt..


Handler om Karl som har vore eit mobbeoffer.

Karakter: 5

Sjanger:NovelleLastet opp:06.07.2005
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Mobbing
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook


Det er tidlig måndag morgon. Karl Leif ligg i senga med eit godt tak om dyna. Han tenkjer på korleis dei siste månadane har våre sidan han flytta. Tassen, labradoren til Karl, kjem luskande inn på rommet hans. Han hoppar opp i senga og byrjar å slikke Karl i ansiktet med den våte tunga si.

 

Mora ropar nedan kjøkkenet at no er det frukost. Karl hiv på seg nokre kleder og går ned trappa. Den nylakka trappa knirka mens Karl går med tunge steg nedover. Tassen labba i forvegen og kjem fyrst fram til kjøkkenet. Dei et og klokka var enda berre 8 då dei var ferdige.

 

"Karl Leif, du må ta å gå en tur med Tassen før du fer på skulen", seier mora til han.

"Karl Leif du liksom, kunne du døype mej nåke verre??" mumlar han.

han tek på Tassen bandet og går ut.

 

Han går bort gjennom gangfeltet. Det er haust og dei fleste trea har misst blada sine, som no ligg på bakken og skin sin siste fagre glød før dei døyr. "Rart..." tenkjer han og går vidare. Han ser ei jente som kjem gåande mot han med ein kvit puddel i halsband. Han prøvar og granske ut kven det er, og finn ut at det er Irene.. skulens mest populære jente.

 

"Kaffor kjeme ho mot mej?", han ser seg bak for å sjekke om det kanskje er nokon bak ho er på veg til, men der var ingen. Han kjenner han blir varm i kroppen og prøvar å late som ingen ting.

 

Ho kjem bort, smiler og seier hei. Karl pressar fram eit hei, og kjenner gløden i annsiktet sitt. "E de din labrador?" spør ho. "ja", svara Karl.

Tassen byrja å snuse på puddelen og det virka som han likte denne lille sjarmerandes skapningen.

 

Dei vart pratandes ei sund før begge gjekk heimover igjen. "Irene", var alt som sto i tankane til Karl. Han kom heim att og mora merka han var mykje gladare enn han var tidlegare om morgonen.

 

Han tok på seg skule-sekken og byrja å gå mot skulen. Då han sto utanfor skuleporten var det enda 5 min til skulen byrja. Han såg Patrick og gjengen hans kome gåande frå venstre... Dei merkar han og byrja å springe mot han. Karl blir heilt stiv og klarar ikkje å bevege seg. Dei seier nokre stygge ord til han før dei byrjar å slå og sparke han.

 

Skuleklokka ringjer og gjengen spring vekk og inn på skulen. Karl grin, kjenner den salte bittre tåresmaken i munnen sin. Han tek seg i panna og kjenner han har eit digert blodig kutt. Han røyser seg og kjenner att han har låkt i foten sin, han haltar inn på skulen og læraren møter han i gangen og sender han rett til legevakta.

 

Nokre dagar seinare er Karl klar til å gå på skulen igjen.

Mora tilbyd seg å gå ilag med han til skulen, men han takkar raskt nei. Han byrjar å gå og det varer ikkje lenge før han støyter på Patrick og gjengen.. Dei skubbar han imellom seg og slengjer han ned på bakken og sparkar han. "På`n igjenn", tenkjer Karl.

 

Brått høyrer han eit høglytt jenterop. "Heei!!, ka dokke styre med? he dokke tenkt å drepe guten??" . Det var Irene. Patrick vart ganske overraska å byrjar å gå vekk frå Karl. Dei andre fylgjer etter.

 

Irene hjelper Karl på beina og fylgjer han til skulen. Ho går rett inn på rektors kontor og fortel kva som har hendt Karl. Rektor tek det ganske alvorleg og utviser Patrick og dei andre ei veke frå skulen.

 

Karl blei aldri meire plaga av Patrick og gjengen hans. Irene var den som hadde sett ein stoppar for det. Irene og Karl fekk eit ganske nært venne-forhold, som seinare vart til eit søtt kjæreste par. Tassen og puddelen til Irene fekk eit ganske intimt forhold og. Karl og Irene blei kåra til det "hottaste paret" på heile skulen og det var stor stas. Karl har diplomet hengjande på veggen heime og tenkjer ofte tilbake på tida før han møtte Irene...


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

irene
16.12.2005 00:33

Bra!
4
anbefalinger
utruleg bra skrive! ikkje mange som klarer å halde ein så fin nynorsk tale, som du har brukt!


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.013 sec - 1 pageviews