Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Ungdom - Kravstore og utakksame?

Ungdom - Kravstore og utakksame?

Essay om kva forskjellige meinar om ungdom, og om ungdommen virkelig er så galen som dei somme gonger høyres ut som.

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
24.05.2005
Tema
Alder

”Ungdommar stel, slåst, bannar, er frekke og kravstore”. Det er ikkje måte på kor motbydelege ungdommen er i dag i fylgje mange vaksne. Men er det verkeleg så gale som mange skal ha det til?

 

Mange seier at ungdommen snik på bussen. Det er kanskje rett det, men seinast i går såg eg ei vel vaksen dame skubbe seg framover i busskøen. Det var ingen som kommenterte det. Det verkar som om vaksne trur dei kan gjera kva dei vil, men når ungdommen gjer det same, då er det gale, då! Kvifor er det slik?

 

Med ein gong ein går inn i ein butikk høyrer ein ofte frå dei ansatte: ”Ikkje stå her viss du ikkje skal ha noko. Kom deg ut!” Kanskje mange ser eit tilfelle og dømer alle i den store ”ungdomsflokken”? Men no må me tenka oss litt om og. Me er kanskje litt frekke og kanskje me ikkje bryr oss så mykje om andre? Eller er det berre dei vaksne som er sure?

 

For nokre veker sidan høyrde eg to vaksne damer snakka om kor kravstore ungdommane er blitt. ”Dei blir jo aldri fornøgde”, var ein kommentar som blei sagt. Då tenkte eg for meg sjølv; Kven er det som klagar og syt når prisen på maten har gått litt opp eller når mjølka ikkje smakte akkurat slik dei hadde tenkt den..?

 

Det er veldig lett å bli påverka no i denne ungdommstida. Filmar, TV seriar, kjendisar og andre folk er alle med på å påverka liva våre. Me synst stjernene er kule, og difor vil me gjerne vera som dei. Så forandrar me oss kanskje litt, og blir meir frekke og tøffe og ”kule”. Somme av oss er kanskje frekke og snakkar stygt om folk, difor blir ein lett med på det for å vera ein del av gjengen. Alt dette skjer kanskje utan at me heilt anar det sjølve.

 

Når ein ser ein gjeng ungdommar slåst eller herja om kveldane er det lett å få eit dårleg inntrykk. ”Det var berre nokre ungdommar” er ein kommentar ein ofte høyrer. Er ungdom ”berre” noko då? Kvifor har mange så negativt syn på ungdommen?

 

Når ein er ung vil ein som oftast ha det kjekt og vera med i gjengen. Dette er noko som det ofte er press på, og det er lett å berre gjera som alle andre. Det er ikkje så enkelt å vera ungdom når ein skal vera snill, kul, høfleg og att på til passa inn i miljøet. Når undersøkingar i Noreg visar at 85% av ungdommar mellom 15-17 år drikk jevnlig, er det vanskeleg å vera den som står utanfor og seier: ”Nei takk”. Dette er kanskje noko som mange ikkje tenkjer så mykje over, men det er litt viktig å hugsa på kor vanskeleg det er når alle har så store forventingar til ein. Foreldre, venner og lærarar har mange og ulike forhåpningar til ein, og det er vanskeleg å vera ideell.

 

Det virkar som om at dei vaksne nokon gonger har vanskeleg for å skjønna at me veks og forandrar oss. Dei går kanskje og håpar på at me alltid skal ha dei samme uskuldige meiningane og alltid vera barn. Kanskje me ungdommar berre lever i eit anna tidsperspektiv enn dei vaksne? Eller –- kan det vera slik at kua har gløymt at ho har vore kalv?

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil