Søk i stiler
 

Forfatteren Ludvig Holberg


Presentasjon av den norsk-danske forfatteren Ludvig Holberg.
Sjanger:BiografiLastet opp:16.03.2005
Språkform:NynorskForfatter:Anonym
Tema:Ludvig Holberg
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook


Holberg blei født 3. desember 1684, og døydde 28. januar 1754. Han var ein norsk-dansk forfattar. Han kallast det, fordi han blei fødd i Bergen, men han blei utdanna i Danmark, og andre stadar rundt om i Europa. Han var vel i verkelegheiten verken norsk eller dansk, han var Europear.

 

I 1702 kom Holberg til København. Han pendla litt fram og tilbake mellom Danmark og Noreg medan han studerte. Han trengte pengar og arbeida som huslærar innimellom. Stipend blei den andre viktige finansieringskjelda for Holbergs utdanning.

 

Han var enormt produktiv. Forutan den skjønnlitterære produksjonen skreiv han også mange faglege verk. Han hadde studert jus, historie og språk, og blei kva vi kan kalle ein sjeldan lærd mann. Han blei då også utnemnt til professor i tre ulike fag, metafysikk, latin og historie.

 

Som skjønnlitterær forfattar slo Holberg igjennom med det svært omfangsrike og satiriske diktet Peder Paars. Det kom i tre bind i åra 1719-20. Den blei inntil då Danmarks største kassasuksess i bokbransjen. For første gong i dansk historie var eit verk trykt i tre utgåver innan halvanna år. Med Holberg blir den skjønnlitterære boka for første gong etter Bibelen eit verkeleg massemedium i Danmark-Noreg. Bakgrunnen for suksessen var, kvalitetane i teksten, som så oftast elles ein skandale. Boka blei nemlig forsøkt stoppa og konfiskert. Den hadde latterleggjort kjendisane på ein så alvorleg måte at nokon av dei klaga til kongen.

 

Mykje av Holbergs litteratur er mest interessant som kulturhistorie, men forbløffande mykje av det han skreiv, oppfattast framleis som moderne. Han skreiv Danmark-Noregs første sciencefictionroman i 1741, Niels Klims underjordiske reise. Den blei også forsøkt beslaglagt på grunn av den krasse samfunnskritikken. Boka ble ein braksuksess, der skandalen sjølvsagt hjelpte til. Han skreiv også moderne om kvinner og kvinnerolla.

 

Det var likevel gjennom teatermediet Ludvig Holberg gjorde størst publikumssuksess. Han skreiv ein serie komediar i 1720-åra, heile 26 på mindre enn fem år. Denne produksjonsrekorden blei kalla Holbergs poetiske raptus. Han skreiv dei alle for å setje dei opp på eit nytt teater i København. København var framleis ingen storby (ca.70000 innbyggarar), og få av innbyggjarane var lærde. Det innebar at ein ikkje kunne spele et stykkje lenge, publikum var begrensa. Derfor trengte ein stadig nye tekstar. Enkelte blei også omsett og utgitt i utlandet.


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

Silje Meyer Traa
26.11.2009 16:56

Bra!
4
anbefalinger
Det var bra sakt! Mye hjelp til Ludvig Holberg oppgaven.

Tobias
12.10.2015 10:21

Bra!
1
anbefalinger
Tusen takk, virkelig nyttig stoff.


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.012 sec - 1 pageviews