Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Draumen

Draumen

Ei somalsk jente som har ein draum om å bli lege, men draumen blir brått vekke.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
02.02.2005


Det er ein tidleg sumardag i juli. Klokka er sju, og i Oslo er dei heilt tomt. Dei einaste ein høyrer er vinden som kraslar i lauva på trea, og pipen av ljoskrysset for gangoverfelt. Det er så stilt at ein kan nesten høyre kva vinden tenker. Sola skin så raudt å blankt som blodet frå ein menneske. Uforstyrra og stum glir sola lengre og lengre opp på himmelen, gjev ikkje eit ord frå seg, er heilt diskré, ho gjer berre den daglege prosedyren, - lyser opp kvardagen for alle levande vesen på jord.

 

Rama er 15 år. Med igjen trekte gardiner og rullegardin ligg ho senga gjømt under dyna, ligg heilt ”sammenkrølla” som eit foster inni mors mage og stoppar sola for å ljose opp kvardagen hennar.

 

Lite, grått og trist er det inne det vesle rommet hennes. Målinga frå dei mørke veggane flassar av, bit for bit. Slik er det for Rama òg. Den manglande barndommen flassar av bit for bit. Aldri har Rama leika med dokker, aldri har ho leika med barn. Det var bare ho, mora. Ho, faren. Ho besteforeldra.


 

Frå ho var 7 år har Rama alltid måtta laga middag til familien kom heim, etter skulen måtte ho hente den einaste bror sin i barnehagen. Rama har aldri hatt ein barndom. Ho var ”vaksen” når ho var 7.

 

No har Rama sumarferie, men ho ferierar ikkje. Dei einaste positive er at ho slepp og gjere lekser, men på ein annan måte så er det vel eigentleg ikkje så positivt det heller, for til mindre lekser det er, til meir er det å gjere heime.

 

Rama er opphavleg frå Somalia. Far hennar er veldig religiøs, han er så religiøs at dottera hans får ikkje ut av huset utan fylgje av han, for dei er så redd at ho skal gjere noko gale, slik at dei blir bannlyst av religionen.

 

Rama kom til Noreg med faren sin då ho var 4. Ho har gått på skule sidan fyrste klasse, og fram til tiande som ho nettopp har avslutta. Rama er veldig intelligent og har utruleg bra karakterar. Ho har så bra karakterar at ho klarer å kome inn på akkurat det ho vil. I mars i år så søkte ho på allmenn på Sogn vgs i Oslo. Ho bestemte seg for å få studiekompetanse slik at ho kunne gå vidare og begynne å studere til å bli lege.

 

Det var hennes draum. Heilt målbevisst og sikker tenkte Rama på og rømme frå faren slik at ho fekk ein utdanning som alle andre, men det var ikkje så lett. Ikkje så lett var det når faren var psykisk sjuk. Han tok gitter framfor vindauga på soverommet til Rama, låste døra til rommet hennes når han skulle ut. Ho var sperra inne. Innesperra som ein undulat i eit fuglebur. Kvifor var det noko vits for sola og lyse opp kvardagen hennar, når alt anna bare var eit reint helvette?

 

Seinare den veka, fekk faren eit brev som var poststempla i Somalia. Rama slukte etter pusten, men pusten bare forsvann, hjarta byrja å dunke så kraftig at det omtrent hoppa ut. No skjønte ho det, tida var inne. Nokre dagar etterpå kom faren inn på rommet hennar, han let døra stå open så lyset kunne sige inn, han sat seg ned ved senga hennar, han tok forsiktig hendene sine bort på hennar, han var klam og kald, nervøs som alltid. Rama såg mot veggen, ho ville ikkje sjå på ein mann som hadde øydelagt livet hennar. Etter ei tid ville han at ho skulle sjå på han, men ho sa ikkje eit ord, bare såg i den same stillinga. Han prøva forsiktig ei gong til, men han fekk ikkje noko respons. Tilslutt blei han øsande forbanna og reiv tak i håret hennar, og kjefta ho huda full fordi ho ikkje viste respekt for far sin. Rama bare låg der, nokre gjennomsiktige diamant-tårer rant nedover den mørke huda. Om ein høyrde godt nok etter kunne ein høyre hylande barneskrik. I tankane. På utsida var ho heilt stum, like stum som når sola glir opp på himmelen. Dei store brune auga hennar, var som edelsteinar. Knusa edelsteinar.

 

Faren fortale kva som skulle skje. Rama skulle bli gifta bort til ein mann som var 25 år, og som budde i Mogadishu i Somalia. Meir fekk ho ikkje vite, før ho kom til han, og då blei ho tvinga til å gifte seg med han, og bere hans ungar.

 

Dette var det verste som kunne skje for Rama. Angst og depresjonar kom sigande. Det var akkurat som om det blei lima fast inni hennar, og at det aldri forsvann. Rama fekk beskjed at ho skulle reise om ein månad, men då skulle eigentleg Rama skulle byrje på Sogn vgs. Draumen hennes om å gå på allmenn, og få studiekompetanse for å studere vidare var sporlaust forsvunne, som ei nål i ein høystakk, eller som ei leirduve som var skoten på. Draumen var knust i bitar, og deretter sopa oppatt og kasta i søpla.

 

Rama orka ikkje meir, ho orka ikkje å lide meir. Ho sat inne på det triste, mørke rommet sitt og bare såg på seg sjølv. Ho hadde ein spegel veggen, framfor der sto ho, heilt naken. Den nydelege mørke kroppen hadde blitt til ei utturka lik. Knoklane og beina stakk ut av huda, ho var heilt forferdeleg. Ho sat seg ned, såg bannlyst på seg sjølv i spegelen, og slo til seg sjølv. Kvifor ho, kvifor måtte ho lide?

Til slutt såg ho oppatt i spegelen, smilte til seg sjølv, - og skar.

 

Dei kom ein svalande vind inn i rommet, rullegardina blei riven ned, gardinene trekt til sida, gitteret fjerna, og glaset blei opna. Eit sterkt ljos skar inn i rommet, sterkare enn sola, ljosare enn dagen.

Vegen var fri, fri for Rama. Døden var hennes draum.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil