Er eg norsk eller er eg best

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk

Kven er blonde, blåøygde og langbeinte? Kven har raude rosar i kinna? Kva for ein nasjon har minst skilnad mellom fattig og rik? Kva for ein nasjon har dei sprekaste 60 åringen? Det er i alle fall ikkje Noreg. Når ein skal dra fram kva det er som kjenneteiknar nordmenn kunne ein skrive fleire sider, for vi nordmenn er så nasjonalromantiske at kvar hending skal gjerast norsk og berre norsk. Berre sjå på den måten vi feirar nasjonaldagen vår på. Vi skal visa oss fram og markere dagen som om det var det viktigaste i heile verda. Vi skal bråka og ramla, alt for å verte lagt merkje til. Og ta nasjonalsongen vår, "Ja vi elsker dette landet...". Vi er glade i landet vårt, meir glade enn det svenskane er i landet sitt, og det er det ingen som skal vere i tvil om. Sidan vi er så fullstendig klar over at det er fordummande med svenskar, lagar vi masse vitsar for å væra sikker på å få rakka langt nok ned på dei. Og kvar gong vi slår dei svenske i ein idrett eller i "Melodi Grand Prix", så er det folkefest i gatene.

 

I fleire hundreår har Ola og Kari lært frå første til siste vræl at dei ikkje må tro dei er noe betre enn andre. "Gullmedalje?…Eg? Åh den! Pytt! Domarane hadde nok for sterke kontaktlinser…!

 

Vi nordmenn tar godt vare på naturen vår. Vi har nok av innsjøar og fjellvatn. Så det gjer ikkje noko om nokon fell bort for eit solid prosjekt som utbygginga av Gardemobanen. Og om arbeidarane pustar inn Roca Gil, som er eit kreftframkallande så gjer ikkje det noko, for han Ola har heimebaka brød med brunost i magen, og med norsk kumjølk så er dette ein ypparleg motstandsdyktig diett i mot kreft. Og brunosten er sjølvsagd skori med ostehøvelen, som er ein norsk oppfinning, men det er eigenleg ikkje viktig å nemne.

 

Kva er eigenleg løyndomen bak Steven Spielbergs filmsuksess eller Clintons politisk suksess: Kva er det eigenleg som gjer at Spielberg alltid klarar å halde orden i alle manusa sine, og at Bill Clinton alltid har talene sine i korrekt rekkjefølgje under alle politiske møta og samlingar? Sjølvsagd måtte det vere ein norsk oppfinning bak- nemleg bindersen.

 

Noreg har god økonomi, takket vere havet sitt svarte gull. Og om ikkje akkurat olja er eit typisk norsk fenomen, så er i alle fall boreriggane det. Vi lagar norrøne namn på dei slik at kaksane frå utlandet ikkje har den minste tvil om kor oljen dei kjøper kjem frå, nemleg Noreg. Vi har til og med laga våre eigne seriar om nettopp livet på boreriggane. "Offshore" heiter ein av desse, og er typisk norsk. Serien handlar om vanlege norske menneske med normale norske problem, og dei arbeider på ein boreplattform. Pengane olja gir oss, dei brukar vi til å byggje nye flyplassar, pusse opp slottet eller lage opera. Ja, Noreg. Det er landet som prioriterer. Men oljepengane vert brukt til så mykje, for det er uendeleg av dei. Det meste av oljepengane blir brukt til å lage eit oljefond, slik at alle etterkommarane våre skal ha pengar til å klare seg gjennom livet. Ikkje bry deg om at det ikkje er meir olje att på jorda til den tid, berre det er pengar til borna våre så. Sidan vi er norske så skal vi visa kor flinke vi er til å tenkje langsiktig, tenkje på framtida og tenkje på våre etterkommarar. Vi er jo berre eit av verdas rikaste land, det ville vore for gale å bruka pengane på noko vi trong no, som skular og eldreheimar til eit eksempel. Nei, vi skal forran som eit godt eksempel for alle landa, slik at dei kan sjå opp til oss. Typisk norsk....... Det er ingen land som tek så godt vare på innbyggjarane sine som vi gjer. Berre du har litt vondt i kneet eller olbogen kan det hende helsevesenet ikkje vil pleie deg her i Noreg, og sender deg avgarde til Tyrkia for rehabilitering. Der kan du drikka deg full kvar kveld, det er jo det vi nordmenn gjer i "Syden". "Vi er norske og det ser du på måten vi drikk..". Men først må du kanskje stå nokre år i såkalla helsekø der du lærer at det er mykje strev bare for å sende ein person avgarde. Du skal væra takksam for at du i det heile tatt har sjansen til å få gjort noko med helseplagene dine.

 

Eit uttrykk som har vakse fram her i Noreg er "norsk gjort er godt gjort", og det er jo så sant som sagt. Men ingen treng å seie det; det er allmennkunnskap. Her står seljaren og kjøparen på same side, kjøp norsk tenkjar dei begge. Og alle veit at norsk er det same som kvalitet og at kvalitet igjen er det same som pris. Prisen er det ikkje så nøye med berre vara er norskprodusert og har god kvalitet. For ikkje snakke om norsk elektrisk kraft, det er kvalitet det. Det einaste er at det berre er nordmenn som har oppdaga kvaliteten i norsk kraft, difor er det førebels berre Ola Nordmann som betaler for kvaliteten, medan andre land berre betaler for straumen. Det er difor vi har tenkt å byggje gasskraftverk så dei andre landa kan leggje merke til kvaliteten på norsk straum samanlikna med kloakkstraumen som flyt gjennom Europa.

 

Men så er det allikevel slik at alle disse ulike nordmennene heier på Noreg når "Drillos" spiller mot andre nasjonar, eit eksempel er: "Gratulerer Drillo!!!!! Maken finnes ikkje i hele verden!!! Verken Noreg som lag eller trener-team! Ingen slår Egil Drillo Olsen i å analysere motstandarane i hjel. Å for et genialt bytte, det å få inn Myggen og Jostein! Å for eit lag!!!!! Det." Og de aller fleste i Noreg var stolte da Vebjørn Rodahl vant OL-gull, uansett om de aldri har vært i Trøndelag. Nordmenn flest er også einige i at staten må subsidiere bøndene litt og dessutan sørgde for at fiskarane langs kysten i Nord-Noreg får muligheten til å overleve. Og det meiner også de som aldri har tatt i et fiskesnøre og knapt har sett et gardsbruk. Kva som skjer med danske bønder eller islandske fiskarar er vi derimot ikkje så interessert i. Det kan tvert imot tenkjes at det er en fordel for "oss" dersom det går dårleg for dei. Det finnes altså følelsesmessige band mellom nordmenn sjølv om vi er aldri så ulike, og vi har en oppfatning av at det er et skilje mellom "oss nordmenn" og "de andre"

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst