Søk i stiler
 

Død over bokmål


Kåseri om nynorsk kontra bokmål.
Sjanger:Kåseri
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Bokmål/nynorsk
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



Overskrifta kan kanskje verke noko drastisk, men eg føler at ho slett ikkje er så langt frå røynda. Sant skal seiast, det finst mykje fleire personar i Noreg som skriv bokmål enn dei som bruker blyanten til å formidle det nynorske språket, men eg meinar det er større radikalar som nyttar nynorsk enn bokmål. Hadde det vore opp til meg, skulle eg gjerne ha sett Ivar Aasen falle av stellebordet som liten, og eg veit eg har mange med meg når eg seier dette. Hei, vent no litt. Ja, ja, kanskje vi er radikale alle som ein. Men eg står ved mitt utsegn om at dei verste radikalarane bur i nærleiken av Volda og ved Volda sine utpostar, som blant anna Hareid og Ulsteinvik. Eg må berre få seie at eg synst det er litt merkeleg når dei ti pensjonistane i Hareid Helselag utgjer ein like stor post på statsbudsjettet som heile Stavanger by. Korleis fåtalet av norske bønder og utkant-kloningar har makta å få gjennomført ein slik nynorsk-kampanje er meg eit stort mysterium. Det er vel ikkje eigentleg nødvendig med to variantar av alle skjema og skriv i heile Noreg. Eg trur ikkje nasjonen hadde dukka under fordi om Jon Lilletun sitt skriv om betre helse i skulen ikkje blei skrive på begge skriftmåla. Ikkje fortel meg at personar frå begge sider ikkje forstår dei to formane så godt som heilt ut, både skriftleg og muntleg. Dessutan er eg ikkje så sikker på kor mange bønder det er som verkeleg kan skrive i det store heile. Mi oppfatning av problemet mellom bokmål og nynorsk er at heile debatten er fullstendig idiotisk. Eg meiner personleg at nynorsken burde ha innsett kva han var, gammal, men eg skjønnar dei som er tilhengarar av nynorsk. Dei ville ha verka temmeleg dumme dersom dei trakk seg frå debatten, med så mykje prestisje på spill. Det ville forresten dei som lika bokmål spesielt godt også verka. Her er det største problemet, slik eg ser det. Eg meiner det berre står om prestisje og at alt godt, gammalt folkevett har blitt skove til side. Det må kunne gå an å møtast på ein halvveg? Nynorsken har berre blitt meir og meir lik bokmålet, så eg meinar ein slags samanslutning kunne vere på sin plass.

 

Nokon meiner også at ein bør støtte opp alle minoritetsspråk og gi dei fleste ein sjanse til å kunne lære seg nynorsk på skulen. Men eg meiner det må vere unødvendig for eit så lite land som Noreg å ha meir enn eitt skriftspråk. Eg er for all del ikkje imot nynorsk som eit muntleg språk, men då bør det vere snakk om dialekter. Tenk berre på alle pengane som går med til å ha alle papir på bokmål og nynorsk. Det er gale nok at samisk er eit eiga språk, men då blir det ein heilt anna debatt. Berre for å trekkje fram eit eksempel på kor mye problem eg har med nynorsk: Når eg skriv nynorsk må eg skrive om bønder, berre for å kunne "tenkje nynorsk". Eg meiner derfor at det ikkje er nokon samanheng mellom talemål og skriftspråk, eg skal gjerne seie "toska" og skrive "tosker". For eg har ingen trong til å finne røtene mine, men derimot ein trong til å ha ein identitet. Og for meg er min identitet norsk. Dessutan set eg ikkje særleg pris på at folk tenkjer på meg som ein bonde. Hadde eg ville vore bonde hadde eg kome til å stått i fjøsen fordi eg likte det, og slett ikkje fordi eg synst nynorsk er eit fint skriftspråk! Om nokon absolutt vil skrive på grautmål, så er det deira sak. Og eg tykkjer det er fint om kjente skriv til kvarandre på dialekt. Det er berre at eg ikkje er venen til for eksempel Jon Lilletun, og eg føler inga slektskap med han. Så eg synst han godt kunne skrive forståeleg norsk.

 

Eg trur hovudårsaken til nynorskentusiastane sitt blinde pågangsmot er det at dei meiner mobbinga av barn og bønder ville gått ned dersom å skrive nynorsk hadde vore vanleg kost for alle i Noreg, og kanskje heile verda! Det kan kanskje verke som det er den dårlege barndommen til radikalarane som driv dei framover, men det kan tenkjast at dei verkeleg føler seg så eitt med sitt talemål at dei berre må skrive slik også. Eitt onde er betre enn to seier eg. Og eg kan ikkje skjøne kva som gjer dei så galen med å skrive nynorsk. Av og til føler eg at dei nektar å komme inn i røynda, men fortset å leve på 80-talet med hockeysveis, tronge dongeribukser og ein vill idé om at nynorsk er kult. Kult med sterk l, kanskje, men definitivt ikkje kuuult. Men for å kome med litt krass kritikk mot dei som elskar nynorsk: - Kvifor i all verden lar de forskjellen mellom nynorsk og bokmål bli mindre? Hadde det enda vore andre vegen ballen trilla, så hadde eg iallfall skjønt litt. Skriftformene er no så like som to smørklattar som har smelta i sola. Hadde det vore to totalt forskjellige skriftspråk hadde eg skjønt frustrasjonen deira, om ikkje godt så iallfall betre. Er god nynorsk bokmål? Eg synst vi har halde lenge nok på nynorsken, og at det snart kunne vere ein idé å la han gå i gløymeboka. Muntleg vil han alltid leva!

 

Eg skjønnar mye av historia bak nynorsk, det med at vi ville samlast til eit land utan det danske skriftspråket og la tradisjonane leve vidare. Vi må berre hugse på at no er vi ikkje under Danmark og at det kan vere lurt å ha eit liknande språk som svensk og dansk. Nynorsk kan av og til høyrest ut som afrikansk for svenskar, og vi vil vel strengt tatt ikkje laga fleire problem for dei enn ka dei klara å lage sjølv. Hadde det ikkje vore ein tanke om nynorsk blei tatt av dagsordenen, og bøndene fikk økte subsidiar i staden? Eg synst iallfall ein kunne prøve å tenkje ut betre forhold å bruke pengar på enn nynorske A4-ark som flyt rundt i alle norske heim. Men når dette er sagt, skal eg nemne at det ikkje er berre dårlege sider med nynorsk. Ta til dømes det at historia bak det nåverande norske skriftspråket. Det finst sikkert ikkje eitt einaste land som har betre kontakt med si eiga fortid. For når ordet nynorsk kjem inn i knollen, tenkjar iallfall eg med ein gong på han Ivar Aasen - og slik gjeng det frå 1814 og fram til no på eit blunk. Dessutan kan det tenkjast at det er positivt for ungane i landet å få lære fleire ulike språk. Eg trur at dette gjør at dei blir sterkare både muntleg og skriftleg i framtida. Om ikkje alle forstår nynorsk eller kvifor vi brukar det, kan det vere greitt om at mange får lære seg det radikalarane kallar "norsk - slik det var meint a vere!". Men her har eg også eit anna synspunkt, og det er at nynorsk kunne, etter mi meining, ha blitt eit reint valfag. Da hadde det vore opp til kvar enkelt om han eller ho ville lære seg skriftspråket. Da ville i tillegg dei som dett utanfor i dei obligatoriske nynorsktimane, kanskje ha lært seg noko nyttig i staden for å sitje og klø seg i ræva. Det blir liksom som om dei allereie har byrja å gjøre seg klar til eit liv i ventekø utanfor sosialkontoret.

 

La meg få prøve å oppsummere litt av holdningane mine. Eg synst eigentleg nynorsk er eit bortkasta obligatorisk fag, og at dei som vil snakke eller skrive sånn kan få velje det av fri vilje. Som til dømes å flytte med kona, ungane og den altfor kresende hunden til ei utbygd i Sogn og Fjordane. Det er mogleg at synsvinkelen min blir litt einsformig mot nynorsk, men la meg forsikre deg at eg verkeleg prøvde å finne noko positivt med nynorsk. Det eg kom fram til var stort sett at nynorsk er bra å kunne og vite om for å få betre innsikt i historia til Noreg som land, og kanskje det at det blir eit nærare forhold mellom storbyane og bygdene. Men for å vere ærleg lurar eg litt på korleis nynorsk har klart, som ein liten, hissig alge, å feste seg til det norske samfunnet slik det er no. Og eg meinar absolutt det bør vere tid for å avskrive nynorsk som eit sidestilt mål til bokmål. Det er ein grunn til at bokmål faktisk blir kalla norsk!


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

jeanette
14.11.2006 16:25

Bra!
4
anbefalinger
jeg skjønner ikke vitsen i at vi som skriver bokmål må lære nynorsk og de som skriver nynorsk må lære bokmål. Vi forstår hverandre jo uansett  Smile :-\)

H
03.12.2007 16:58

Bra!
4
anbefalinger
"Skal man lære alle dialektene i Norge da? det hadde vært slitsomt det. akkurat det samme!"
Nynorsk er IKKE en dialekt, men et eget språk! Så det er ikke det samme "I"...

Christina
24.02.2006 14:50

Bra!
3
anbefalinger
Eg skriv nynorsk på skulen. Me snakkar meir som nynorsk enn bokmål, og då vert det naturleg for oss å skrive nynorsk. Me held ikkje på med det for å terge dei som skriv bokmål, me skriv nynorsk for me vil skriva det. La oss få skrive det me vil! Eg veddar på at de er berre byasar uansett. Bønder er ikkje folk som står i fjoset heile dagen, bønder er folk som jobber for at de skal få noko å ete. Bønder er kule, dei er folk som står på og ikkje gjer opp, og som ikkje er redde for å ta i eit tak!

Bendik Tangstad
21.09.2015 11:13

Bra!
3
anbefalinger
Dette er bare tull, lenge leve nynorsk!!!!!!!!!!1

Christina
12.03.2007 09:46

Bra!
2
anbefalinger
Enig med jeanette!

Bokmål!
07.02.2006 16:49

Bra!
1
anbefalinger
Et jævla drittspråk er nynorsk, det er mye bra nynorsk littereatur å lese, men når man skal ødelegge alt med å få elevene til å skrive nynorsk, og slå opp i annenhvert ord, så ødelegger man språket, det er greit at man lærer å lese nynorsk, men at man skal ha all den grammatikken og skrivinga ser jeg på som noe sykt unødvendig! Så til slutt vil jeg si: Eg hatar nynorsk!!!!!!!!!!!!!!!!

Meg
20.03.2006 15:22

Bra!
1
anbefalinger
Bra!! Og har veldig lyst til å si: Jeg HATER nynorsk.. Skjønner ikke hvorfor vi har det på skolen i det hele tatt.. kunne brukt de timene på noe annet!!!!

Johanna
04.04.2006 14:43

Bra!
1
anbefalinger
Du motseie egentli deg sjøl ganske masse når su skrive på nynorsk, men ikkje klare å forstå kvifor folk gjer det, og det einaste eigentlege argumentet ditt er at det er dyrt å ha alle offentlege dokument på to språk (dei første avsnitta handlar om nesten det same). Teksten har for få avsnitt, men den e skreve bra; du e flink te å skriva, den ska du ha! Dessuten e da ikkje noke gale med bønder, hadde da ikkje vore for dei, så hadde du fått brø, ost, melk, kjøtt osv frå utlandet, og da hadde du kanskje ikkje likt so godt heller?

andreas
19.04.2006 18:06

Bra!
1
anbefalinger
Som mange andre HATER jeg nynorsk! Vi blir tvunget til å skrive og å snakke det på skolen, hva er vitsen?? Jeg får ihvertfall ikke bruk for det! Hvorfor ikke la nynorsk bli et valgfag på linje med fransk og tysk??? Når jeg for noen dager siden skrev nynorsk-stil måtte jeg slå opp nesten hvert eneste ord i ordboka!! Bruk heller timene på noe annet og nyttig!!!!!!! BRA SKREVET!!!!

mille
19.04.2006 23:08

Bra!
1
anbefalinger
eg sunns atte detta her berra verte barnsleg...
dokke klage heila tie øve kossn dokke hate nynorsk..! ka om me hate bokmål da..? blirkje någe argument av det for det..! når du komme med den innstillinga om at du hate det så blir de ikkje akkurat så mye enklare blir det vel..?
eg har for min del ingen problemår med nynorsken.. faren komme fra sunnmøre så eg har egentligt alltid hørrt de og har ikkje hatt mykje problemer med det... sunns det er mykje finare enn bokmålen..! d blir så påtatt ofta..! men de er vel ein smakssak... eg sunns atte grammatikk e någe shit når det komme til BÅDE nynorsk og bokmål..! d går jo akkurat ut på det sama..?! orda er berre litt forskjellige... likar ikkje grammatikk i det heile egentligt..!
dokker hate kanskje nynorsken, men viss det ikkje hadde vore noke bokmål så hadde det ikkje vore spørsmål eingong om det skolle vore fjrena..!
då hadde den vore der!!! alltså.. det er ikkje så monge som like matte hellår.. eg sunns og det kan vera greit nok til tider.. men dei aller fleste hatar det og sug i det..! men det er der for å bli fordi me har ingenting anna å bytta det ut med!
viss du berra skal fjerna det fordi du ikkje likar det eller kan det så er det inga god grunn... då kjem du inga vei her i live.. heller ikkje sånn som du skreiv at du finn inga positive ting med nynorsken... ka er det i allverda som er så positivt med bokmålen da..? berre fordi det er meir utbredt så betyr ikkje det at det er så mykje betre..
og når det kjem til skrivinga så er faktisk nynorsk meir systematisk enn bokmål..
det er berre det at bokmålen er øveallt og då kan du det liksom fra før...!

Victoria
25.05.2006 13:34

Bra!
1
anbefalinger
Blir dåke "tvunget til å skrive og å snakke det på skolen"? stakkars.. Må berre få sagt det; det er ikkje mogleg å SNAKKA nynorsk. Både nynorsk og bokmål er skiftsspråk. Dialektene ligge nærare den eine aller andre, men dåke meine vel at heile vestlandet snakke nynorsk. Høyr etter korleis folk frå Bergen og Haugesund snakke då for eksempel. " Eg meiner personleg at nynorsken burde ha innsett kva han var, gammal" , gratulera med dagen, du høyre jo tilogmed på namnet at det er nyare enn bokmål, som kjem frå den danske språket. Viss du ser på deg sjøl som norsk bør du kunna forstå nynorsk, og ikkje trenga å slå opp kva einaste ord som om da skulle vert gresk. Du TRENGE jo ikkje å skriva den forma så er lengt vekke frå bokmål. Eg skriver ikkje dykk, men dåke. Eller me, men vi. Og viss du berre leitar så finn du tusenvis av eksempel på dette. Kunnskap er makt, dåke er heldig så får læra. Ikkje ver så utakksame eller "utakknemlige" for dei som ikkje forstår kva det tyder(betyr). Eg skjemst av dåke

Vaskebjørnen
11.04.2007 22:52

Bra!
1
anbefalinger
Johanna: Ettersom dette sannsynligvis er en skoleoppgave hvor man MÅ skrive på nynorsk, vil jeg ikke si at Fredrik her motsier seg selv. Dessuten vil jeg si at mat fra utlandet er minst like god som den norske. Hadde det ikke vært for at vi måtte beskytte norske bønders arbeid og at de krever så mye mer betalt enn bønder i utlandet, hadde matprisene vært betydelig mye billigere.Jeg skjønner at vi ikke kan gjøre alle norges bønder fattigere, til det er Norge for dyrt. Norge er ikke akkurat egnet til jordbruk, til det har landet for mange fjell. Derfor bør vi kanskje importere mer mat fra utlandet.

Enig
17.05.2007 14:45

Bra!
1
anbefalinger
Jeg er enig, unødvendig å lære om det andre skriftspråket, enten det er bokmål eller nynorsk, nynorsk kan være kult syns jeg, liker en mellomting best, slitsomt med oslo folk som er for fine til å si stein, boka, husa etc. | Eg er enig, unødvendig å lære om det andre skriftspråket, enten det er bokmål eller nynorsk, nynorsk kan være litt kult synes eg, liker en mellomting best, slitsomt med oslo folk som er for fine til å si stein, boka, husa etc.
Så fikk me det på to skriftspråk då !

leser
16.02.2009 15:42

Bra!
1
anbefalinger
Kvifor står det i overskrifta "død over BOKMÅL" ?
gjør det her vertfall .

B
07.03.2006 19:12

Bra!
0
anbefalinger
Bra, bra, bra Christina! Hvorfor skal de som skriver nynorsk, tilpasse seg de som skriver bokmål, bare fordi bokmål-elever flest ikke gidder å lære seg nynorsk? " Ærsj, vi driter i dansk. Det ligner så på norsk, og de forstår hva vi sier. De får lære seg norsk. "

I
07.03.2006 19:46

Bra!
0
anbefalinger
Bra! Men kunne trengt noen flere avsnitt. Vegger av tekst er ikke bra.

Online
23.03.2006 20:42

Bra!
0
anbefalinger
Ehm.. bra tekst, men du heilt øverst seier" Eg hatar nynorsk" og ikkje "Jeg hater nynorsk" (a)  Razz :-P

Fredrik
22.05.2006 09:48

Bra!
0
anbefalinger
 Very Happy :-D

Bergensere
31.05.2006 00:36

Bra!
0
anbefalinger
Det er greit at me har nynorsk. Men eg synes at me skulle ha kun eit skriftspråk på skulen. Altså bokmål eller nynorsk. Ikkje begge delane. Det er heilt møkk

jeanette
14.11.2006 16:24

Bra!
0
anbefalinger
jeg skjønner ikke vitsen i at vi som skriver bokmål må lære nynorsk og de som skriver nynorsk må lære bokmål. Vi forstår hverandre jo uansett  Smile :-\)

uten namn
08.03.2009 01:57

Bra!
0
anbefalinger
Altso, det er jo ikkje slik at vi som skriv nynorsk pratar akkurat slik vi skriv det.. det går IKKJE and. og det du sei med at du må sjå for deg bønder for å klare å skrive nynorsk synst eg er teit, det er som om eg skulle ha sagt at eg må sjå for meg ein oslo soss med merkekleder osv for å klare å skrive bokmål, noko eg ikkje må, fordi at det er noko vi må lære på skulen å skrive, det er ein del av norsken, akkurat som nynorsken. Og det er totalt feil at dei som snakkar dialekt med nynorsk i skal starte å skrive bokmål fordi at dokke som skriv bokmål ikkje likar nynorsk.. synst at dokke som skriv bokmål berre tenkjer negativt om nynorsk, og eg synst personleg at nynorsk høyrest mykje betre ut enn bokmål, mykje på grunn av alle ulike dialektene og måten vi uttalar orda på. Bokmål blir kjedeleg å høyre på i lengda, blir for likt, og for lite dialekte synst eg.

anomym
08.03.2009 02:06

Bra!
0
anbefalinger
Eg har lest litt av komentarane her over etter at eg las teksten.. "Når jeg for noen dager siden skrev nynorsk-stil måtte jeg slå opp nesten hvert eneste ord i ordboka!! Bruk heller timene på noe annet og nyttig!!!!!!!" synst det er så tåpeleg skreve, og det er jo ikkje berre dokke som lid.. vi som skriv nynorsk må også skrive bokmål, men såklart, vi lid ikkje like mykje som dokke, fordi at vi ser positivt på det, tekjer annaleis og at det berre er eit emne innan for faget norsk.. kva er så gale med nynorsken eigentleg..? høyrest ut som om dokke held på å døy når dokke skriv det, som om det er verdas undergang.. Eg skriv både nynorsk og bokmål fordi at eg må det pga skulen... og forresten, dokke kan ikkje snakke nynorsk, nynorsken er eit skrivstspråk ikkje ein snakke måte. synst dokke er teite som skriv så mykje negativt om noko som er ein del av heimlandet dokka... Nynorsk har like mykje rett til å bli brukt som bokmål.. Slutt å klag bokmålskrivera, bli voksne og slutt å oppfør dokke så barnslige..

Hellu
27.01.2010 21:35

Bra!
0
anbefalinger
Jeg hater nynorsk! Alle på skolen min hater det og lærerne synes at det ikke er noe vits i, så hvorfor? Da kan jo de som lærer bokmål få slippe det også..

MEEEEG
03.05.2011 19:10

Bra!
0
anbefalinger
KVa er eigentlen poenget med å gjera nokon ac sidene negative? Me kan jo ikkje forandra på det uansett. Dessutan så er det bra kunna begge deler. Sjølv om eg har nynorsk så likar eg å skriva bokmål, men eg likar og nynorsk. Sjølvsagt er det enklare å skriva bokmål då nesten allt du les er bokmål, MEN nynorsk kan ofte verta teken meir seriøst enn det bokmål kan verta. ( faktisk så er det mange eg kjenner som skriv nynorsk på CV pga dei vert teken meir seriøst av den potensielle arbeidsgivaren. )


21.09.2015 11:17

Bra!
0
anbefalinger
Wy can\'t you just talk english everybody! F*cking Norwegian immigrant...

Justin bieber
21.09.2015 11:21

Bra!
0
anbefalinger
Yo, my bro bard pitt told me about this page and i was sooooo stocked to check it out. broooooo swag swag!
smoke weed everyday!

BUY DRAG ME DOWN BY ONE DIRECTION ON ITUNES!


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.023 sec - 1 pageviews