Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Stygt og pent

Stygt og pent

Kva styrer oppfatninga til folk av kva som er stygt og pent?

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
13.10.2004
Tema
Mote


Det er eg som avgjer kva som er stygt og kva som er pent. Kvar dag har eg min daglege patrulje rundt om i gatene, og eg fikk alltid noko som ikkje fortener å eksistere – eller nokon. Eg er velsigna med ei heilt unik evne, eg kan nemleg luke ut ting og folk som byr meg i mot, og soleis oppretthalde den vakre reinsemda i naturen. Hadde ikkje eg vore der, hadde det ikkje vore grenser for kva slags fælslege skapningar som hadde vandra rundt her.

 

Eg er streng i mi vurdering over kva som er pent nok til å halde fram med å vere. Eg set skarpe grenser, og eg fylgjer dei til punkt og prikke. Etikk og moral er to ord som ikkje står i ordlista mi, heller ikkje toleranse. Kva viss sjølv dei styggaste krypa som kravla rundt på jorda skulle hatt like vilkår? Då hadde utvilsamt ei degenerering funne stad.

 

Når eg no tek på meg kle og går ut, so er det mange som kan forvente å verte tekne av dage. Kvinner med kort, svart hår og som er tunne, vert avretta straks. Når eg går fordi dei, stoggar eg hjarta deira slik at dei dett i hop på asfalten med groteske hyl. Rundt meg dett kvinner i hopetal steindaude saman. Berre dei lyshåra, langhåra, frodige kvinnene fortener å leve – få det inn i hovuda dykkar. Slik er det berre.


 

Det er ikkje berre stygge menneske rundt meg. Det er òg stygge hus og stygge bilar. Husa står der og breiar seg ut, trur dei har all verdas rett til det. Sameleis er det med dei stygge bilane, dei fjertar rundt med rustskadar og øydelagde eksosanlegg. Slikt kan ein ikkje ha noko av. Husa tek fyr og eksploderer når eg går forbi dei, det er herleg å sjå dei stygge, grå, brune og kvite skykkjene brenne opp, dei brenn i naudsynlege bål. Alle dei stygge bilane kolliderer i groteske, sinnssvake ulukker og eksploderer i drønnande, hylande smell. Førarane døyr dei òg, sjølv om dei er pene. Folk som er so blinde at dei kan få seg sjølv til å køyre rundt i slike vrak, er eit trugsmål for den vakre reinsemda eg freistar å oppretthalde.

 

Dei pene får alle si velfortente løn. Dei pene damene vert endå penare og vert kvitt alle defektar og skavankar, dei få lytene dei har, forsvinn. Dei pene husa får på eit merkeleg vis all gjelda si nedbetalt, sjølv om dei kjøpte huset so tidleg som i går. Det same skjer med dei pene bilane, for viss ikkje gjelda vert nedbetalt, kunne ein jo risikere at eigarane bytta bilen i ein billegare og styggare bil, og slikt skal ein ikkje ha noko av.

 

Når eg vaknar ein morgon, merkar eg at evna mi er borte. Då tyder det truleg at det ikkje lenger er fleire stygge ting igjen i verda. Då kan eg lett til sinns konstatere at arbeidet mitt er over. Sjokket er difor sjølvsagt stort når eg ser at gata er full av stygge menneske. Eg går forbi dei igjen og igjen, men hjarta deira stoppar ikkje, dei merkar meg ikkje eingong.

 

Sia evna mi ikkje kan hjelpe meg, so får eg gjere arbeidet sjølv. Med ein kniv i hende går eg ut på gata og stikk kniven gjennom hjarta deira og dei søkk i hop med groteske hyl akkurat som før. Slik ryddar eg effektivt gata mi. Eg stikk innom ein Hydrostasjon og kjøper ei kanne bensin, for no er det dei stygge husa sin tur.

 

Eg rekk berre å brenne ned ti stygge hus for kraftige hender tek tak i meg og dreg meg vekk. Hei, kor fører de meg hen? Eg er jo ein heilag mann som prøver å oppretthalde den vakre reinsameda! Du verda, kor alle protesterer, dei roper og brøler som ville dyr, dei peiker på meg og riv seg i håret. Lat meg vere i fred, eg har eit livsviktig arbeid å gjere, dei stygge må og skal lukast vekk. Dei får ikkje lov til å leve! Dei får ikkje lov til å leve!

 

*

 

Rapport frå klinisk psykolog :

 

Etter mitt skjønn skil denne pasienten seg ut i ein so stor grad at det ikkje er forsvarleg å sleppe han ut i samfunnet igjen. Av di han med fullt overlegg har drepe meir enn 30 menneske, er alle vilkår til stades for å erklære pasienten for utilrekneleg og sers ustabil.

 

Oppfatningane hans av kva som er stygt og pent, er for meg makabre og sterkt etnisk-rasistiske. Han seier han tidlegare hadde ei ’evne’, men ho er sjølvsagt borte no. Synspunkta til pasienten er veldig påverka av den ariske ideologien, som i sterk grad favoriserer den kvite rasen.

 

Pasienten har, under hypnose, fortalt om oppveksten sin i eit fattig land under borgarkrigen. Der skildrar han myrke soldatar som gong på gong gjer åtak. Han skildrar stygge hus og gamle bilvrak, det er ikkje noko lyspunkt i noko av det han fortel. Heller ikkje fortel han om noko kjærleiksforhold mellom han og foreldra sine.

 

Han fortel òg om ville ungdomsår sterkt prega av tyngre rusmiddel, for det meste hallusinogenar. Det er min teori at pasienten gjennom å ta desse hallusinogenane har fått den sokalla ’evna’ si. Det er truleg at desse stoffa over tid har mist effekten, slik at med effekten forsvann òg ’evna’.

Pasienten har symptom som liknar ri av abstinens, han kaldsveittar, er bleik og seier gong på gong at han kjenner seg dårleg, at han må kaste opp, osb... Aversjonen hans mot tinga han oppfattar som stygge, har truleg samanheng med impulsar han fekk i barndomen og pregar soleis allmennkjensla og vurderingsevna hans.

 

I lys av handlingane hans, rår eg til at pasienten vert overførd til lukka avdeling til oppbevaring på ubestemt tid, eller iallfall til saka hans kjem opp for retten. Eg vil diagnotisere pasienten som schizofren med klåre psykopatiske trekk og overlèt han soleis til den aktuelle, psykiatriske institusjonen. Med dette avskriv eg meg eit kvart ansvar for pasienten.

 

Mai 2002.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil