Søk i stiler
 

Den grelme Grå


Tankevekkende novelle med tittelen: "Den grelme Grå".
Sjanger:NovelleLastet opp:18.05.2000
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Grøssere
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook


«Dag etter dag grånar kjærleiken, lik skinnet på den døyande mann.»
- Roger Waters

 

Dagen har vore ganske vanleg. Alt for vanleg. Kona og mannen i tredje etasje sloss fortsatt så busta fyk. I femte sit ein mann og skyt laushundar med gevær. I bakgården har dei to ungane enno ikkje klart å slå kvarandre i hel med jernstengra deira. I første etasje viser TV-en bilete av tanks og raketter frå Midt-Østen.

 

Verda er i dag som ho er alle dagar. Full av menneske som sloss og drép kvarandre. Full av ondskap som går ut over dei uskuldige og trengande. Ingen er glade lenger. Håpet er borte.

 

Alt er vanleg, bortsett fra ein ting: Tropehatten på fortauet ved parken. Tropehatten og biane. Biane flyr i skytteltrafikk mellom blomar og ból. Har det meir travelt enn nokon gang før.

 

Ein heil sverm kjem mot parken som ein virvelvind, dekkjer han som eit teppe. Feiar over han som ei sopelime. Forsvinn bak hjørnet som ein forfulgd, inn i noko som likner ein tropehatt. Ein grå, kjedelig tropehatt.

 

Opninga på sida lukkar seg. Tropehatten beveger seg, lettar, flyr opp og forsvinn.

 

Parken står tom tilbake. Øde, utan liv.

 

Det er stille i parken. Det er stille i tredje etasje. TVen i første har slokna. Det er stille i verda.

 

Bak eit tre sit ein forlatt hund. Han var i ferd med å jage katta opp i treet. Men no tenkjer han seg om. Kiker opp i treet. På katta, som sit på greina og titter ned. Han ser rundt seg, og går. Katta hopper ned, balanserar bort gjerdet og ned bak søppeldunken.

 

------

 

------

 

Han opnar auga. Ser seg rundt. Raude sandsletter så langt han kan sjå. Han snur seg, ser ein skog med merkelige tre. Bak ein busk ser han ei kvinne. Vakker. Naken, med eit fikenblad.

 

Han høyrar ein lyd. Han snur seg. I eit sus forsvinn tropehatten opp mot himmelen. Han skjønar det no. Med eit smil om munnen går han bort og byr henne på eit eple.

Kommentarer fra brukere


Ingen har lagt igjen kommentar til denne artikkelen - bli den første!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.010 sec - 1 pageviews