Søk i stiler
 

Saman i draumane


Novelle om eit sterkt kjærleiksforhold mellom to personar med ulik kulturell bakgrunn.

Karakter: 5

Sjanger:NovelleLastet opp:18.05.2004
Språkform:NynorskForfatter:Anonym
Tema:Kjærlighet
Kulturforskjeller
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook


Eg ser ho. Langt der framme. Ho kjem gåande mot meg. Sola blenkjer i håret hennar. Svart, langt hår. Mjukt og glatt. Ho ser opp. Ser meg. Ho byrjar å springe. Håret svingar frå side til side, føtene klaskar lett mot bakken, medan smilet kryp opp mor øyro. dei kvitaste tennene i verda. Lurer på kva for tannkrem ho brukar. Ho slår ut armane , og trykkjer seg inntil meg. Blodet brusar i årene mine, og hjartet dunkar hardt. Eg lyftar ho opp og svingar ho rundt. Ho ler. Varmt. Eg set ho ned igjen og ser på ho. Det lange, svarte håret legg seg fint nedover ryggen,. Den sjokoladepulverbrune huda vert ein smule raud, dei kakaobrune augo glinsar, og dei fyldige, raude lepane kjem sakte mot øyra mitt. ”Eg har sakna deg!” Eg ser på ho og kyssar ho lett på kjaken. Ho raudnar litt meir.

 

Joakim er ein 18 år gamal gut. Han har norske foreldre, og er født og oppvaksen i Noreg.. det einaste møtet med utlandet han har hatt, var ein familietur til Tyskland då han var 11 år.

 

Fatima er 17 år. Ho har pakistanske foreldre, men er fødd og oppvaksen i Noreg. Joakim og Fatima er eit par. Foreldra til Fatima likar ikkje Joakim. Dei meiner ho skal reise attende til Pakistan og finne seg ein pakistansk mann. Fatima vil ikkje. Ho elskar Joakim, og Joakim elskar Fatima. Men dei kan berre møtast i smug. Fatima likar ikkje det. Ho hatar det. Kvifor kan ikkje foreldra hennar forstå at Joakim er den rette? Men Fatima gledar seg til ho vert myndig. Då skal ho og Joakim flytte saman. Fatima og Joakim. Joakim og Fatima. For alltid.

 

Eg tek handa hennar. Me går bortover stien. Fuglane syng, og sola skin. Ho gret. Eg ser på ho. Ho ser ned i bakken. ”Kva er det, Fatima?” spør eg engsteleg. Ho nøler før ho svarar. ”Me skal flytta attende til Pakistan. Mamma og pappa har funne ein høveleg ektemann til meg. ” Tusen tankar rasar gjennom hovudet mitt. Er eg ikkje god nok? Er det noko med klesstilen min, håret mitt, åtferda mi? Inst inne har eg visst at dette kom til å skje ein dag. Eg har jo lært om andre kulturar og religionar på skulen, men eg har fortrengt sanninga. Eg har levd på draumen om meg og Fatima for alltid. ”Me reiser i morgon.” Fatima ser fortvila på meg. Eg turkar vekk ei tåre frå kjaken hennar. Kjenner klumpen i halsen. ”Me rømmer. Eg har pengar!” Fatima ristar på hovudet. ”Nei, Joakim. Eg kan ikkje. Eg må gjera det som foreldra mine har bestemt. Dei vil berre det beste for meg, sjølv om det ikkje verkar slik akkurat no. Men inst inne vil eg alltid elska deg Joakim!” Eg trykkjer Fatima inntil meg. Tårene renn. Fatima snufsar. Ho går to steg bakover. Ho ser på meg. Skal til å springe vekk, då eg grip fatt i ho. Eg kyssar ho på munne. Lenge. Blodet brusar i årene mine, og hjartet dunkar hardt. Ho snur seg og spring vekk. Håret svingar frå side til side og føtene klaskar lett mot bakken. Plutseleg stoppar ho og snur seg. ”Me sjåast i draumane, Joakim!”

 

Samstundes som ho snur seg og byrjar å springe att, opnar himmelen seg. Det regnar. Himmelen gret for meg. Eg ser opp. Kjenner regnet mot huda. Langt der framme ser eg Fatima. Snart forsvinn ho bak svingen. Over ho ser eg regnbogen. I kveld er eg sikker på at han dannar ei bru mellom Pakistan og Noreg. Fatima og eg. Eg og Fatima. For alltid. I draumane.

 


Kommentarer fra brukere


Ingen har lagt igjen kommentar til denne artikkelen - bli den første!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.014 sec - 1 pageviews