Søk i stiler
 

Har kulturskulen ei framtid?


Eit lesarinnlegg om kulturskulen.

Karakter: 6 (10. klasse)

Sjanger:LeserinnleggLastet opp:03.04.2004
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Kultur
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook


Kulturskulen er ein del av kultursektoren i kommunen, med kulturstyret som det politiske styringsorgan. Kulturskulen si oppgåve er å gje born og unge eit tilbod innan kultur og musikk som eit supplement til den undervisninga dei får i praktisk estetiske fag i grunnskulen. Lærarane kan óg være tilsett ved musikk-, dans- og dramalina ved vidaregåande skule, og som dirigentar for kor og korps i kommunen. Kulturskulen er til for alle, der får elevane utvikle seg kreativt saman med ein utdanna pedagog. Den krev ingen forkunnskapar eller talent, bare at ein er motivert til å lære. Elevane skal få oppleve gleda ved å uttrykke seg gjennom kunst og musikk.

 

Sjølv går eg mitt åttande år på kulturskulen, framleis svært motivert og fornøgd med tilbodet. Eg har fått individuell opplæring både på piano og klarinett. I tillegg har eg deltatt i gruppespeling og spelt akkompagnement til songsolistar. På skulen har eg deltatt på ymse huskonsertar og større jubileumskonsertar. Musikklærarane har gjeve meg god opplæring og inspirert meg til stadig å lære meir. Kulturskulen har vore ein del av oppsedinga mi. Eg har øvd heime, lært meg å ta bussen åleine, og eg har tatt ansvar for å halde avtalar mellom skulen og heimen. Eg har lært å verte sjølvstendig. Brørne mine, som også gjekk på kulturskulen, gav meg oppmuntring og inspirasjon til å stå på vidare. Musikken er for meg ein viktig fritidsaktivitet. Det er aldri problem å fylle dagane med noko positivt.

 

Kulturskulen er avhengig av økonomi og positiv vilje hos politikarane. Skulen fungerer godt i dag, men eg ser eit potensiale til forbetring. Det fremste kulturskulemiljøet i dag ligg i Bergen. Der har dei spesialordningar for dei flinkaste elevane, med ekstratimar og større utfordringar. Sett i eit større spekter leiar Finland, med sin svære satsing på musikkskulane. Der får elevane like mykje praktisk undervisning, men med teoriundervisning i tillegg. Det gjer at finnane har fleire spesielt flinke musikantar, samt eit høgare nivå blant elevane generelt. Slik satsing skulle eg også ønskje å sjå i Ålesund. Det trengs ikkje dei store ressursane, bare litt medvilje frå kulturstyret. Noko som krev meir økonomi er utviding av speletimane til dei som ønskjer det. Eg veit at behovet er stort, og at det kostar mykje, men det er det eit spørsmål om prioritering frå politikarane. Kanskje kunne det til dømes vore kutta ned på pengetilskot til idretten eller andre kulturarrangement som Cutty Sark? Det har vore tendensar til det stikk motsette i den seinare tida. Politikarar har snakka om å legge ned framfor å bygge opp.

 

Kulturskulen medverkar til å ta vare på og føre vidare vår nasjonale kulturarv til den oppveksande generasjonen. Dei ulike kunstartane grip inn i kvarandre. Dei er alle deler av ein stor heilskap. Kulturskattane og kulturarven vår er til glede, gjev identitet og motiverar oss alle til livsutfolding. Kulturskulen har ein grunnleggande verdi for det enkelte menneske og for samfunnet som heilskap. Kunst og kultur høyrer til dei få tinga her i livet som det vert meir av når ein deler. Det verste som kan skje, er at kulturskulen vert nedlagt.


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

aka
22.05.2013 17:23

Bra!
22
anbefalinger
bra

Kristina;)
20.03.2006 15:52

Bra!
17
anbefalinger
hei! synes dette var en super tekst! du hadde noen veldig bra poeng! du bør bare fortsette å skrive Smile :-\) klem


25.03.2010 20:18

Bra!
8
anbefalinger
Utrolig bra skrevet! Du gir meg motivasjon Smile :-\)


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.012 sec - 1 pageviews