Søk i stiler
 

"Romskip savnet"


Referat frå "Romskip savnet" (science fiction).
Sjanger:ReferatLastet opp:29.03.2004
Språkform:NynorskForfatter:Anonym
Tema:Science Fiction
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook


I året 2079 forsvinn frakteskipet ”Morning Star” sporlaust, etter ein farleg avgang frå Mars. ”Morning star” er eit fraktskip av den gamle typen, altså i Beta-Max-klassen. Det veg 17500 tonn i jordvekt, og dagen det forsvinn tek det av frå Mars utan starttillating. Derfor blir ferda fylgt med langdistanseradar den dagen. Tre jordår seinare blir skipet erklært tapt, men det som eigentleg skjer er:

 

Han veit at han aldri meir kjem til å landa på Jorda igjen, når han byrjar på dagboka si:

 

Han vart født i Thule på Grønland i året 2046, rett etter tredje verdskrig. Han heitar Len Renberg, og er skipper på sitt eige romskip. Jorda har vorte heilt øydelagt, innsjøane har vorte til stinkande gjørmehol, sjøen er brun av alt avfall som vert sleppt ut. Nesten ingen veit kva tre og planter er. Nesten alle isbreane har smelta, og det litle som er igjen er heilt brunt, men det verste er at du må gå med masker og vernedrakter overalt, for ikkje å verte stråleskada. Og kjøkken er det ingen som har bruk for lenger på grunn av proteinterningane som har erstatta maten. (små terningar som har alt av næring vi treng.) Jorda har også vorte delt inn i tre supermakter (blokkregjeringane.) Men noko positiv utvikling har det jo også vore, nå kan me reise rundt i heile galaksen (Melkevegen) utan problem. Det har også vorte bygd feriebyar på Mars, som er oppbygde akkurat slik som jorda var før miljøøydelegginga. Len Renberg er ein mann som er veldig interessert i historia til Jorda, akkurat som foreldra. Derfor dekorerte han cockpiten, soveplassen, og navigasjonskahytta si med tre bitar han fekk kjøpt av ein gamal mann.

 

Etter fleire år åleine i rommet, vart han dregen ut av tid og rom og inn i eit svart hol, der vart han fortald at han kunne få sjansen til å reise til ein annan galakse for å slå seg ned og redde menneska. Det var rett før jorda kom til å kollapse og då ville menneska miste heimeplaneten sin. Det svarte holet skulle også sende ut ein del andre par som skulle prøve å slå seg til ro i andre galaksar for å vidareføre menneska. Det einaste han måtte gjere var å finne seg ein partnar, og møte opp utanfor Saturn, Der han skulle tenke på det svarte holet, slik at det svarte holet skulle sende dei til ein annan galakse. (noko som eigentleg er umogleg) Og der skulle dei slå seg til ro.

 

Len takka ja til tilbodet og vart kasta tilbake til tid og rom. Det største problemet var å finne seg ein partnar, men det vart ikkje så vanskeleg, fordi då han landa på Titan (ein av Saturns måner) trefte han ei jente, Amalthea. Han fekk overtala henne til å vere med han på dette, og dermed var dei på veg til Mars for å kjøpe utstyr slik at dei skulle klare å starte opp eit heilt nytt samfunn. Men då dei hadde kjøpt alt utstyret dei trong, vart dei stoppa i kontroll, og det ville ha enda galt dersom ikkje Len hadde reist frå mars utan starttillating og utan oppvarma motorar. (p.g.a. at Amalthea var ulovleg flytta frå Titan til Mars) Dei klarte heldigvis å kome seg opp i verdsrommet. Då dei kom seg fram til Saturn, og tenkte på Det svarte holet, fekk romskipet plutseleg ein enorm fart, og på ein augneblink var dei i ein annan galakse, på leit etter ein ny levestad.


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

ANdy
24.05.2005 17:27

Bra!
0
anbefalinger
Dette var ein spesiell historie. Litt rotete, lite avsnitt.. Men nynorske var bra. Litt av en fantasi!


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.012 sec - 1 pageviews