Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Nynorskundervisning i skulen

Nynorskundervisning i skulen

For- og motargumenter når det gjelder læring av nynorsk på skolen.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
26.03.2004


Oppgåve:

”Det er ikkje noko poeng med nynorskundervisning i skulen”.

Nynorsk, det andre skriftspråket av dei to i Noreg, vart innførd i1907. Debattane, sidemålsmotstand og nynorskmotstand, hang den gong som no tett saman, men den gongen med sjølveste Bjørnstjerne Bjørnson og riksmålsforbundet i spissen. Frå denne dag skulle alle lære seg nynorsk, eller meir handgripeleg, dei var tvungen til å lære nynorsk i skulen. Nynorsk var då, for di fleste, heilt nytt. Men kva er det som ligg bak all motstand mot vårt sidemål den dag i dag eigentleg? Kvis konsekvensar skaffar nynorsken rundt om i vårt land? Er det noko poeng med nynorskundervisning i skulen?

 

Om ein set seg ned, tenkjer over korleis språka våre har blitt til, finn ein ut at bokmål har sitt opphav i dansk språk. Men at nynorsk derimot er ein samnemnar for alle dei norske dialektane over heile Noreg . Altså kan vi seie at nynorsk har tatt utgangspunkt i dei måtane vi snakkar på og korleis vi skriv.


 

Det fine med nynorsken, sidemålet, er at det gjev alle innbyggjarane fridom til å velja kva språk av dei to du vil nytta. Men då etter at du har lært begge. Nynorsk gjev oss meir språkkunnskap, og ytar sterkt til at vi nordmenn er det landet som skjønar andre skandinaviske språk betre enn nokon andre i desse skandinaviske landa. Nynorsk nedvurderer ikkje norsk språk, fordi nynorsk er norsk språk.

 

Nynorsk held fram ein tradisjon der språkbrukaren har respekt for seg sjølv og respekt for andre. Men kva er fordelane med å kunne snakke og skrive nynorsk? I dag er det over ein halv million menneske som nyttar nynorsk. Og talet aukar stadig. Språket får større og større innpass i byane. Allereie finnast det eigne skuleklassar med nynorsk hovudmål både i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Det stillast også krav til deg som arbeidssøkjar. Det er faktisk over ein halv million arbeidsplassar som krev at du kan og forstår nynorsk. For at dei to målane skal vere likestilte, må nynorsk vere ålmennkunnskap. Alle innbyggjarane i Noreg har rett til å få lærebøker på sitt mål, og det gjeld at også dei som skriv slike bøkene og dei som omset dei, har kunnskap i båe måla. Dessutan blir nynorsk, på lik linje med aukinga av talet nynorskbrukjera, meir brukt i avisar, bøker, kommunar og teater. Ikkje bare på dei plassane kor nynorsk snakkast fast, men over mange ulike område over heile landet. Kven kan eigentleg føresjå kor du kjem til å bu og arbeide seinare i livet? Kvifor ikkje vere førebuen og kunne nynorsk ut og inn til eit slikt høve?

 

Ein anna viktig grunn for å ta vare på sidemålet er at dei som bruka nynorsken har krav på å verta forstått i sitt eige land, og ikkje verte nedvurdert på grunn av språket sitt. Så om det ein gong skulle bli at nynorsken skulle verte fjerna, ville dei attlevande nynorsk- brukarane hadde fått ein trasig kvardag. Nynorskopplæringa er avgjerande for at norskfaget faktisk kan kallast norsk.

 

Kvifor må vi lære å skriva språket? Held det ikkje å skjøna det, og å kunne snakke det? Nynorsk og bokmål er annleis på andre stadar enn berre ulike måtar å stave ord på. Dei har ulik historie, ein del av Noregs historie. Mykje som i bokmålet blir sett på som slang og udanna tale, er eigentleg dialektar frå landet vårt. Ordforrådet som ungdommane i Oslo brukte vert sett på som slang ifølgje bokmålet, men er eigentleg berre vanleg Oslodialekt.

 

Nynorsk er eit landsmål. Det er bygd på heile landet si dialekt, men bokmålet er derimot bygd på korleis ei lita gruppe menneske i osloområda talar og bygd på dansk språk. Tar vi vekk nynorskundervisninga og gjer den valfri, då er nynorsken borte i framtida. Og er den borte i framtida, ja då er ein viktig del av Noregs kultur, historie og språk fjerna for alltid.

 

Eit problem i spørsmålet eller debattane om nynorskopplæringa er at motstandarane allereie er i mot sidemålsordninga. Tankane deira er urokkelege. Kva vi lærar på skulen bør sjåast i forhold til kva som er viktig og ikkje vanskegrada. Det er mykje som er vanskeleg på skulen, men det kjem an på kva vi sjølv gjer det til. Nynorsk er faktisk for oss nordmenn mykje viktigare enn å lære tysk. Mange menneske har fordommar mot sidemålet, og får likevel betre karakter i nynorsk enn dei får i tysk og matte. Kva kan gjerast for at språket blir meir akseptert her i landet? Og klarar vi å overbevise dei som har fordommar mot sidemål ved å setje for- og motargumenta opp mot kvarandre?

 

Kva for nokre argument finnast det for å kvitte seg delvis eller heilt med nynorsken som ei obligatorisk opplæring? Kva er negativt med å lære båe målformene av norskfaget?


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil