Søk i stiler
 

Kvinnekamp, ein kamp mot oss sjølv?


Er kvinnekamp nødvendig i dag? Tar spesielt utgangspunk i kvinner i arbeidslivet.
Sjanger:ResonnerendeLastet opp:08.02.2004
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Likestilling
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



Er kvinnekamp nødvendig i dag? Dette er eit spørsmål som kan vere svært vanskeleg å svare på, og svaret kan variere nokså mykje etter kor i verden du befinner deg. Ei vestleg kvinne har i dag mykje meir rettar enn ei kvinne frå Austen. Dette er mellom anna på grunn av religion og eit nokså mannsdominerande samfunn. Eg skal no ta for meg dette temaet, og eg skal ta utgangspunkt i kvinnekampar her til lands. Fyrst og fremst skal eg ta for meg kvinner i arbeidslivet.

Arbeidslivet har forandra seg mykje gjennom hundre år. Ved århundreskiftet var det lange arbeidsdagar, dårleg lønn og kvinner hadde dårlegare jobbar enn det menn hadde. I byane var forskjellane mellom ektefellanes arbeid og roller i samfunnet størst. Mens mannen ble lønnsarbeidar med ansvar for å forsørgje familien økonomisk, måtte kvinnene utføre alt arbeidet i heimen.

Heilt fram til 1960 – åra har idealet vori ei familie med mannen ved dreiebenken, kvinna ved kjøkkenbenken og barna på skulebenken. Tanken frå 1950 – og 1960 – talet om at mannen var familiens eineforsørgjar er no borte, og det er svært få unge jenter i dag som ønskjer å bli forsørgja.

I dag har norske jenter god utdanning, er aktive i yrkeslivet og er juridisk likestilt med menn. Men etter fleire tiår med kvinnekamp tjener dei framleis mindre enn sine mannlege kollegaer. Kampen for lik lønn har vori eit sentralt tema i kvinnekampen i Noreg heilt sidan kvinner for alvor begynte å innta arbeidslivet på 1970 – talet.

 

Det er som sagt framleis stor forskjell i lønn når det gjeld kvinner og menn, og det er få kvinner i verkelege topposisjonar i mellom anna forskning og næringsliv. Kampen for lik lønn for likt arbeid er ein sak som er viktig å kjempe for, slik at den økonomiske og ideologiske undertrykkinga av kvinner opphørar fullstendig.

 

Stemmerett, retten til sjølvbestemt abort, retten til utdanning og rett innan mellom anna arbeidslivet er ikkje noko som har blitt gitt til oss kvinner, dei har blitt kjempa fram gjennom årevis med kvinnekampar. Kvinnenes kamp har altså resultert i at det er mindre forskjell på mannens og kvinnas rolle i samfunnet, i arbeidslivet og i heimen. Det er framleis forskjell på typiske kvinneyrkjar og typiske mannsyrkjar, men det er forskjell på kvinner og menn frå naturens side og det må vi akseptere. Sjølv om store deler av samfunnet framleis er mannsstyrt, er det kvinnene som dominerer på universiteta, noe som heit klart styrker kvinnenes posisjon. Kunnskap er som kjent makt, og eg, personleg, trur at kvinnene er i ferd med å passere mennene.

 

Norske kvinner er ikkje utsett for ein samansvergelse. Eg meinar at det er kvinnenes eiga holdningar som er problemet. Det sit ikkje nokon og styrer og prøver å undertrykkje oss, altså er det ikkje den enkelte mann som er problemet. Eg meinar kvinnene bør ta eit lite oppgjør med seg sjølv. Mange kvinner blir i dag sett på som objekt, og mange unge jenter strebar etter den perfekte "looken". Eg meinar det er viktig å ikkje miste motet på grunn av eit kvinneideal som er vanskelig å leve opptil. Det handlar om å godta seg sjølv som man er, og heller fokusere på kva vi verkelege er gode for.

I Noreg har ein kommi langt i samanlikning med resten av verden når det gjeld kvinnekampen. Men vi må ikkje gløyme av vi lever i eit fleirkulturelt samfunn kor ikkje alle kvinner har det like lett. I fjølge loven har båe kvinner og menn de same rettane, men på grunn av mellom anna religion, kultur og tradisjon er det framleis ein del innvandrarkvinner i Noreg som er undertrykkja mannen. Da tenkjer eg spesielt på tvangsekteskap og omskjering. Dette er sakar eg meiner er viktig å kjempe for.

Sjølv om vi har kommi langt når det gjeld kvinnekampar her til lands, er det framleis viktig å kjempe. På toppen av samfunnet tronar framleis mennene aleine, og dette må vi kvinner gjøre noe med. Eg meinar at dei viktegaste sakene vi må kjempe for i dag er lik lønn for likt arbeid, innvandrarkvinners rettar, og vi må vere med å kjempe om toppjobbane. Men det aller viktegaste er at ein må slute å fokusere så mykje på sjølve kjønnet. Personlege eigenskap bør stå i sentrum.

 

- Hanne Kinn Nordhagen, 3aaB


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.


02.05.2005 16:26

Bra!
0
anbefalinger
bra

Erik
18.04.2006 14:47

Bra!
0
anbefalinger
Bra tekst, akkurat det jeg var ute etter!!!!!

Hanne kinn nordhagenhanne_kn@hotmail.com
03.04.2014 13:31

Bra!
0
anbefalinger
Kan dere være så snill å slette dette dokumentet? Det jeg jeg som har skrevet det, men vil ikke at dette skal komme opp når man googler meg.

Mvh Hanne K.N.


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.011 sec - 1 pageviews