Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Den Onde Hyrde

Den Onde Hyrde

Eit fyldig referat av Jens Bjørneboes roman "Den Onde Hyrde".

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
05.01.2004

Tonnie er ein ung mann som sit i fengsel for valdsbruk og grovt ran. Han har no site der i eit og eit halvt år og skal sleppe ut om seks dagar. Han fryktar for livet utanfor murane og er svært nervøs for at dagen skal kome og han skal ut.

 

Tonnie får selskap av ein ny innsatt i cella si. Han har ligge på isolat fordi han er ein av dei heller vanskelige innsatte i fengselet. Han har nettopp blitt dømt for utukt med ein liten gut, men har mange forskjellige attester på at han ikkje kan sitte inne pga. angst. Han forventar å få kome ut frå fengselet ganske snart. Han får deretter beskjed om at han ikkje slepp ut og må sitte i fengsel. Tonnie prøvar å trøste Alfred, men Alfred er heilt inneslutta. Morgonen etter når Tonnie har vakna, so har Alfred hengt seg. Tonnie varslar vaktene og Alfred blir tatt ut frå cella og vekk.

 

Same dagen som Tonnie skal bli slept ut av fengselet, so kjem Betjent Kristoffersen inn i cella til Tonnie. Kristoffersen har bestemt seg for å gjer det beste han kan for å oppmuntre og kanskje forberede Tonnie til det nye livet som ventar utenfor fengselet.

Kristoffersen advarar han mot alkohol og "dårlige" vennar og rådar han til å skaffe seg ein jobb hos ein av arbeidsgivarane han har fått opplista av fengselet snarast råd. Etter ein lang prat mellom Kristoffersen og Tonnie, so blir Tonnie slept ut av cella. Tonnie tek alle eigendelane sine og går ut gjennom porten av fengselet og ut i friheita.

 

Ein av dei første personane Tonnie støtar på, er hans gode venn og kollega Rødtopp. Rødtopp er heilt overraska over at Tonnie endelig er ute av fengselet og er veldig glad for det. Rødtopp vil ha Tonnie med på eit "brekk" som han har planlagd, men Tonnie vil ikkje. Tonnie vil bli "skikkelig" med fast jobb og inntekt.

Rødtopp hånar Tonnie for denne innstillinga og seier at verken han sjølv eller Tonnie kan nokonsinne bli "skikkelig". Tonnie vert først lei seg for denne kritikken frå Rødtopp, men han står på sitt og er overbevist om at skal greie det.

Rødtopp seier at Tonnie får gjere som han vil sjølv og gjer det klart for han at han alltid kan komme opp til hytta hans oppi skogen og bu der attmed han. Med denne invitasjonen, skiljast Rødtopp og Tonnie.

 

Tonnie dreg no til den eine arbeidsgivaren fengselsvesenet har skaffa han og prøvar å få seg ein jobb. Mannen som eig forretninga, får først eit veldig dårlig inntrykk av Tonnie fordi han er so lite sjølvsikker. Men han har faste prinsipper han alltid følger og bestemme seg for å gi Tonnie ein sjanse, sjølv om han er i tvil. Han spør ut Tonnie om forskjellige ting, til dels. mattekunnskapane hans og om han har erfaring frå tidlegare arbeid han har hatt. Mannen har etterkvart blitt veldig oppsatt på tanken ved å hjelpe Tonnie med arbeid og er på nære nippet ved å gi Tonnie jobben, men det var før han spurte om kva skule Tonnie hadde gått på. Tonnie opplyser om at han har gått på skuleheim, og då er ikkje mannen i tvil om at Tonnie ikkje kan få jobben. Tonnie ber innstendig om jobben, men mannen ville ha alt anna enn ein skuleheimsgut. Tonnie går deretter vekk derifrå og er utan jobb.

 

Etter Tonnie har fått søknaden om jobben avvist, so går han vidare til den personen han stolar mest på. Han går til det strøket Kari, hans livs kjærleik, bur. Han ser henne oppi vindauget, men det er ikkje berre henne han ser skuggen av. Det er ein annan person der også. Han ventar nede i gata til ho kjem ut av porten. Der kjem Kari med ein mann. Tonnie blir veldig overraska over dette. Han gløymer at skal gøyme seg og trer ut i lyset ved lyktestolpen. Tonnie ropar til henne og Kari stoggar. Kari ser på han og byrjar å lure på kven det er. Dei går bort til kvarandre og ho lurar på kva det er han vil. Kari gjenkjennar ikkje Tonnie med det første. Tonnie spør Kari kven det er ho er saman med. Kari seier at det er det er den nye mannen hennar og at dei skal forlove seg snart. Tonnie blir veldig opprørt og lei seg. Kari forsikrar Tonnie om at ho er glad i han enno, men ho vil bli en "skikkelig" dame og det kan ho bli ved å gifte seg med den nye mannen hennar.

Tonnie er helt tom og seiar ingenting. Etterkvart so blir Tonnie høgrøysta, og mannen kjem bort for å ta Kari med seg vekk frå Tonnie. Dei går og Tonnie står tilbake aleine enno ein gong.

 

No går heim dit han budde før for å snakke med mora si. Ho er heime når han kjem og tek imot han. Ho er veldig pynta og parfymert og ventar tydeligvis på nokon. Ho vert heilt frå seg for at han slapp ut akkurat den dagen. Tonnie spør mora om ho kan få bu der attmed henne til han har fått seg ein jobb og fast inntekt. Mora er veldig negativ til dette og har ikkje lyst å ha han buande med seg. Tonnie spør også etter mat, men det får han ikkje. Mora til Tonnie tar til seg mange glas med alkohol mens dei pratar saman. Tonnie fortel at når han får seg jobb, so skal han og Kari flytte saman. Mora til Tonnie fnyser til dette og kallar Kari ei hore. Tonnie blir sint og svarar tilbake med same mynt. Mora vert sint og jagar Tonnie på dør ut av huset.

 

Tonnie ligg i ein park og søv på ein benk, rundt omkring dansar mange ungdomar til musikk. Politiet kjem vandrande og jagar alle vekk frå parken, inkludert Tonnie. Etter en stund møter Tonnie på Rødtopp igjen.

Rødtopp fortel Tonnie at han visste at det kom til å gå slik, og ber han bli med opp til hytta hans lenger oppe i skauen.

 

Etter eit par dagar so kjem Kari opp til hytta og vil snakke med Tonnie. Ho fortel han at ho skal forlove seg. Tonnie vert skuffa, sint og svært lei seg. Han jagar henne vekk derifrå med ei grein, deretter legg han seg ned og gret sine modigaste tårer.

 

Den kvelden drikk Tonnie og Rødtopp seg fulle. Dei pratar om barndomen sin og alt som har skjedd iløpet av livet deira på skuleheimen. Brått får Tonnie ideen om at dei skal ta seg ein tur innom Padda, læraren deira på skuleheimen, for å ta igjen for gamle dager og gjere bot på det han har gjort mot dei.

Dei stel seg ein bil og køyrer av stad. Dei kjem opp til huset og vert tatt imot av Padda. Han er først veldig overraska av å ha Tonnie og Rødtopp på besøk. Han er usikker på kva dei vil han og blir berre enda meir usikker etterkvart som Tonnie og Rødtopp vert meir og meir trugande. Til slutt, so drep Tonnie og Rødtopp han ettersom han nekta for kva han har gjort med dei som gutar og nektar å røpe kvar pengane hans er.

 

Dagen etter dei har myrda Padda, so sit dei oppe ved hytta og et mat. Brått so ser dei ho Kari kjem gåande mot dei. Tonnie prøvar å snakke med henne, men ho berre seier unnskyld heile tida. Tonnie forstår ikkje kvifor, men finn fort ut at ho har tysta på han og at han no er omringa av politifolk overalt. Rødtopp flyktar med ein gong og kjem seg unna. Tonnie blir forseinka og kjem seg ikkje vekk i tide. Politiet bankar deretter helsa ut av han og førar han med seg til fengselet.

 

Tilbake på fengselet er alt som før, det er dei same vaktane som passar på alle i fengselet inkludert Betjent Kristoffersen. Han går ned til den lille, nakne isolat-cella dei har i fengselet. Der ligg han Tonnie nesten som i transe. Han sjekker om han ligg godt fastspent. Han prøvar å få augekontakt med Tonnie, men det nyttar ikkje. Han stirrar laust ut i lufta på ingenting, som om han ser gjennom murane og langt vekk derifrå. Han ropar kvar natt på fleire forskjellige navn, men det er navnet Kari som han ropar om og om og om igjen...

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil