Søk i stiler
 

Far min og revolvermannen


Novelleanalyse av "Far min og revolvermannen". Kar: 5. Mai 1997.
Sjanger:Analyse/tolkningLastet opp:15.05.2000
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Far min og revolvermannen
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



Novella "Far min og Revolvermannen" er skrivi av Edwin Booth. Han er frå USA og han har skrivi mange "westernbøker". Historiene hans skil seg frå andre slike historier ved at heltane hans ofte er rolege og lite valdelege.

 

"Far min og revolvermannen" handlar om Danny og foreldra hans som bur på ein ranch. Dei har ikkje mange pengar, og dei lever i ganske fattige kår. Ein dag får dei uventa besøk av ein framandkar som ikkje er noko særleg godthjerta, og som seinare visar seg å vere ein banditt. Han oppfører seg temmeleg dårleg og han kjem med mange spydige kommentarar. Til slutt prøver han blant anna å stele alle pengane deira.

 

I novella er det brukt eg-synsvinkel. Alt som skjer opplever vi gjennom Danny, som er minstemann, sine augo. Dette gir forfattaren moglegheita til å gjere ekstra skumle skildringar frå det som skjer og av kjeltringen.

 

Teksten har ein kronologisk rekkjefølgje, og han har ikkje nokon tydelege avskilte deler.

 

Høgdepunktet er da skurken stel alle pengane deira og truar mora til Danny opp på si eiga hest. Dette aksepterer ikkje faren til Danny, Jim Nicholson, og truar med å skyt han. Dette byggjar seg opp heilt frå novella si byrjing, da spørsmålet er om han er ein kjeltring eller ei.

 

Alt som blir sagt er gjenteke som replikkar. Forholdet mellom Danny sine foreldra og den ufyselege framandkaren er svært tilspissa, og dei gjer ikkje mykje for å bli meir kjent med kvarandre. Dei seiar bare det mest nødvendige og dette får forholdet rimeleg spent og nervøst.

 

Hovudpersonen i novella er Danny. Han er ein liten og hjelpsam gut som lett blir redd for mørket og blant anna den skumle mannen. Han ser opp til far sin, og han likar ikkje at den framande mannen gir spydige kommentarar til ham.

 

Jim, faren til Danny, er tilsynelatende ein puslete og fredeleg mann. Dette skjønner vi da Danny blir overraska da han ser at faren har teke på seg revolveren og seier: "Du har teke på deg revolveren!" Jim likar ikkje den framande mannen som kjem på besøk, men latar som han ikkje gjer ham noko. Eit døme på dette er da dei har lagt seg alle tre og Danny lurar på om dei har nok korn til vinteren etter at så mykje av havren deira har blitt teke. Jim bare ler og han prøver å bagatellisere det heile. Jim er den som forandrar seg mest i denne novella. Frå å vere ein ganske så "feminin" mann, som blant anna gjer kvinnfolkarbeid, blir han plutseleg tøff og bestemt bare over natta. Jim er sjølve helten i novella det er han vi kan lære noko av. Han ventar til siste stund før han tyr til vald, og tilbyr Smith alle pengane deira han ikkje tar Etta, moren til Danny, med seg.

 

Etta er ganske passiv gjennom heile historia, og likar ikkje denne framande mannen som dei har fått besøk av. Aller helst vil ho ha han vekk, og ho er irritert over at mannen hennar ikkje gjer noko med det. Da han ler av Danny sin bekymring over havren seier ho arg: "Det er ikkje noko å le av. For alt vi veit, kan han vere ein fredlaus."

 

Skurken i historia, "Bill Smith", er den første vi får høyre om i novella. Han blir skildra slik: "Han kom ridande ved kveldstid, ein stor kar med hardt ansikt på ein skimlete vallak. Venstre armen hans var bunden opp med ei blodig fille.." Vi skjønner straks at denne karen ikkje er ein ærleg og fredfylt mann.

 

Miljøet spiller ein viktig rolle i denne novella, men det blir ikkje skrivi så mykje om sjølve landskapet. Når ein oppdagar at dette dreiar seg om ei westernhistorie veit ein med ein gong korleis miljøet artar seg. Det kjem fram at huset deira ligg på ein avsides stad da Jim seier: "Vi ser ikkje så ofte folk her i avkroken." Det er lagt mest vekt på det sosiale miljøet i denne historia.

 

Det er ikkje noko spesielt tema, forutan at det hele dreiar seg om steling, i denne novella. Budskapet er at ein ikkje skal godta at personar gjer kva som helst utan at reagere, men at ein skal prøve å løyse problem på ein så fredfull måte som mogleg.


Kommentarer fra brukere


Ingen har lagt igjen kommentar til denne artikkelen - bli den første!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.016 sec - 1 pageviews