Søk i stiler
 

"God skole krever vilje til endring"


"God skole krever vilje til endring" i Aftenposten.

Karakter: 5 (VK1)

Sjanger:Analyse/tolkningLastet opp:04.12.2003
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Læring og pedagogikk
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook

Eg har valt å ta for meg ”God skole krever vilje til endring”. Artikkelen stod i Aftenposten , forfattaren er ukjend. Forfattaren blei nok inspirert til å skrive artikkelen når han høyrde om planen til Utdanningsminister Kristin Clemet. Planen skal betre mattekunnskapane til norske elevar, m.a ved å gjere det obligatorisk med meir undervisning i faget.

 

Forfattaren er heilt einig med Kristin i at matte er viktig. Men han/ho trur ikkje at det hjelp å prakke på meir matematikk. I staden for vil han få elevane meir interesserte i faget ved å gjere både fagleg innhald og undervisningsmetodar meir i samsvar med dagens samfunn. Han tykkjer også det er på tide med ein debatt om kva for nokre fag som må nedprioriterast. For noko må vekk for at det skal verte plass til dagens samfunn sine nye fag, meinar forfattaren.

 

Eg fekk først inntrykk av at teksten er svært sakleg. Argumentasjonen er stort sett knytta direkte til saka, utan noko ”jåleri”. Forfattaren prøvar ikkje å smiske seg inn på oss eller å lure oss med eit ”fancy” språk eller sjulte, ”slue” argument. Begrunninga er byggjer mykje på fakta, samt logiske og analogiske argument. Men nokre usaklege argument er nok også å finne. Vi blir forsøksvis påverka av ordbruk, fleirtalsargument og autoritet.

 

Forfattaren støttar seg veldig på utsegna ”Vi vil ha elever som jakter på matematikkunnskaper, ikke et matematikkfag som jakter på elevene”. Dette er eit uverifiserbart argument. Det er nok ikkje dokumentert at elevane lærer lite fordi dei lærer mot sin vilje. Men manglande dokumentasjon blir kompensert av  lånt autoritet og fleirtalsargument. Det er flott å få seie at ein professor i matematikk er einig med deg. Og det hjelp også at det er ”VI” som vil har det slik, ikkje berre ”Eg”, denne eine professoren. Kanskje ”VI” er alle venane til professoren, ei heil gruppe av ekspertar, som verkeleg veit kva dei snakkar om? I så fall må det da vere noko sanning i utsegna (?). Det er forståeleg at forfattaren brukar dette verkemiddelet i teksten, sidan eigen autoritet glimrar med sitt fråver og svekkar fortrulegheita.

 

Vidare fortel forfattaren vår om industrisamfunnet mot slutten av 1800 – talet. Han/ho trekk paralellar mellom hendingane da og situasjonen vi har no,og analogien hoppar fram: Sidan nye fag overkøyrde ”dannede og statstunge” språk på slutten av 1800 – talet, er det klart at nokre umoderne og unødvendige fag må ofrast no også. Dette er ikkje eit verifiserbart argument, i og med at ein ikkje kan vite om historia gjentek seg. Men sannsynlegheita er nok stor. Språket er også eit sterkt verkemiddel her: ”dannede og statstunge” er ein konnotasjonsrik skildring – vi tenkjer at språka eigentleg var unødvendige i eit samfunn prega av revolusjon, og at dei berre blei halde på fordi dei ga status.

 

Logiske argument blir flittig nytta, særleg i slutten av teksten. Vi ser at ei verifiserbar, faktabasert ER – utsegn er grunnlaget til logiske, uverifiserbare BØR – utsegn. Krava til arbeidstakarar har endra seg (ER- utsegn).


Kommentarer fra brukere


Ingen har lagt igjen kommentar til denne artikkelen - bli den første!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.015 sec - 1 pageviews