Kroppsdyrkelse og kroppsforakt - to sider av samme sak

Tankevekkende tekst om selvbilde og spiseforstyrrelser.
Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2002.12.03

Lene vaknar, ho ligg å vri seg. Ho tenker på kva ho skal ete i dag, ein yoghurt på skulen kanskje, eller droppe det og heller ete ein potet meir til middag!? Ho kjem fram til at ho tar ein yoghurt på skulen, og lar heller vere med den eine poteta. Ho står opp, ser seg i spegelen. Ho blir irritert, magen ser akkurat ut som i går, berre ein stor kladd med feitt.. Kvifor krympar den ikkje, ho som var så flink i går og let vere med middag! Ho er like tjukk, ho blir kvalm av seg sjølv.

 

Spiseforstyringar er i dag den folkesjukdommen som akar mest i den vestlige delen av verda. Er det ikkje skummelt å tenkje på at det er kroppen og utsjånaden som har blitt det viktigaste for så mage menneskje?

Er det verkeleg det som er det viktigaste  ved eit menneskje? Om det har feitt eller ikkje, stor eller liten mage? Tenk alle dei pengane vi bruker på feittsuging og plastisk kirurgi, berre for å sjå betre ut! Kva om vi heller hadde alle dei pengane til alle dei som svelt rundt i verda i staden for.

 

Verda er urettferdig. I den vestlige delen lever vi i eit stort overflod, mens i den austlige delen svolte dei ihel. Dei har ikkje eit gram feitt på kroppen, for dei har nesten ikkje mat. Mens i den vestlige delen er det den mest aukande folkesjukdommen spisforstyrringar, altså at vi prøver å få minst muleg feitt på kroppen. Men bytte med dei, det vil vi heller ikkje, og vi gjer dei heller ikkje noe av overfloda vår!

Verda er forvrengt!

Vil vi alltid ønskje os det uoppnåelege? Er mennesket bygd så det alltid vil streve etter det umogelege?

 

Tenk å vakne kvar dag og det første som slår deg er; Kva kan eg ete i dag som ikkje gjer meg tjukk? At ditt verste mareritt er å bli tjukk! Kva er det eigentleg som styrer oss? Maten eller oss sjølv? Kvifor dyrkar vi vår eigen kropp så mykje at vi til slutt foraktar den? Kvifor bruke all sin tid og energi til  tenkje på mat og kropp? Alle likar vi vel best dei menneskja som ikkje berre er oppteken av seg sjølv og koppen sin, men som tenkjer på andre enn seg sjølv, og kor det rører seg litt meir oppi hovudet enn mat og kropp! Vi burde vel heller fokusere på å vere eit betre menneskje enn å få ein fin kropp!

 

Mykje av skulda kan vi legge på reklamebransjen og alle dei supertynne modellane dei bruker. Det er ikkje bra å leve på eit salatblad om dagen, og det er heller ikkje fint å sjå ut som eit skjelett!

 

Lene vakna igjen, men denne gongen låg ho ikkje heime i den gode varme senga si. Denne gongen låg ho på eit sjukehus og blei mata gjennom eit rør.

Ho vog 39kg , og ho var framleis like misfornøgd med kroppen sin, og hadde det heller ikkje noko betre!

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst