Søk i stiler
 

Et dukkehjem og Familien på Gilje


Sammenlikning av Et dukkehjem og Familien på Gilje.
Sjanger:TemaoppgaveLastet opp:26.05.2002
Språkform:NynorskForfatter:Anonym
Tema:Litteraturhistorie
Et dukkehjem
Familien på Gilje
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



REALISMEN

 

Mens nasjonalromantikarane skreiv om kjærleik og fantasi, vart forfattarane frå 1875 til 1890 meir opptekne av å skildre verkelegheita så nøyaktig som mogleg. Det var særleg dei dystre sidene ved livet som skulle fram i det opne. Diktinga frå denne perioden  vert derfor kalla realistisk. Den skulle vere verkelegheitsnær og bringe samfunnet framover. Målet med diktinga var å opplyse folk om sanninga. Slagordet for realismen var ’å sette problem under debatt’.

 

I samtida vart mange ulike problem tatt opp, til dømes slike som hadde med skule, kyrkja og ekteskap å gjere. Kvinneundertrykking var og eitt brennande tema i dei realistiske verka. Kvinnene var underordna mennene og dei var økonomisk avhengige av menn som kunne forsørgje dei Kvinnene sin plass  var i heimen. Deira oppgåve var å stelle huset og passe barna. Dersom ei kvinne ikkje vart gift, var dette ei skam for familien. Ho vart då plassert som ubetalt hushjelp hos slektningar som kunne forsørgje henne.

 

Henrik Ibsen var ein av forfattarane som tok opp dette temaet i sine verk. Han var ein av dei store forfattarane innan samtida. Men det var ikkje før han var i 40-50 åra, at han slutta seg til realismen. Det var på denne tida Ibsen skreiv skodespela som gjorde Ibsen til eit verdsnamn innan litteratur, til dømes ’Et dukkehjem’. Eit felles tema for stykka hans var enkeltmennesket si rett til å vere seg sjølv, uavhengig av samfunnet sine forventningar og fordommar.

 

’Et dukkehjem’, som kom i 1879, var eit av dei skodespela som vakte mest oppsikt. I dette stykket tek han opp kvinna si stilling og det faktum at kvinna vart sett på som ei umyndiggjort dokke.

 

’Et dukkehjem’ handlar om Nora og Torvald Helmer. Nora er heilt underordna ektemannen. Men alt er ikkje ein dans på roser; Nora har brote loven. Ho har lånt pengar utan ektemannen si løyve og i tillegg til det har ho forfalska faren si underskrift på gjeldsbrevet. Alt dette var riktig nok for Torvald si skuld, men i loven sine auge gjorde dette ingen forskjell.

 

Skodespelet endar med at Nora forlet mann og barn. Ho har heile tida visst at Torvald ikkje elska ho for den ho er, men har sett på henne som ei lita dokke, som ikkje kan tenke sjølv og som bare er til for å glede han. Difor vel ho å dra, for å finne seg sjølv. 

 

Boka skapte enorm forarging. Folk rista på hovudet av Nora sin kriminelle tendens, og vart dypt sjokka av at ho drog frå mann og barn av så egoistiske omsyn som at ho ville finne seg sjølv. Kvinnerørsla som kjempa for frigjøring av kvinnene, ropa derimot hurra over det siste, og Ibsen vart den spesielle kvinnediktaren.

 

Jonas Lie var òg ein viktig forfattar innafor realismen. Han  var og  oppteken av kvinnene sin situasjon i samtida, og er mest kjend som realistisk problemforfattar. Hovudtema i hans dikting er familien, ekteskapet og kvinnene sin situasjon.

 

I si verkelegheitsnære dikting, der ’Familien på Gilje’ høyrer heime, fletta Jonas Lie sine idear inn i ei  ramme av heim, familie og kvardag. Han vart kalla ’kvardagslegskapens diktar’, noko som betydde at han var ein realistisk diktar, for livet består mest av kvardagar. Meir kjend var han som ’heimens diktar’, for han  tok opp problema i kvardagen i heimen.

 

 

Familien på Gilje består av eit ektepar med tre døtre. Foreldra presser døtrene sine ganske hardt for at dei skal bli gifte. I 1880-åra då denne boka vart skrive, kunne ikkje kvinnene brødfø seg sjølv. Dermed gjaldt det å finne den beste forsørgjaren og samtidig auke den sosiale prestisjen i familien.

 

Thinka er den einaste av døtrene som blir  gift. Ho måtte oppgje den ho eigentleg elska for å gifte seg med den gamle fogden. Dette skyldes at han ho elska ikkje stod høgt nok på samfunnsstigen.

 

Thea går som ubetalt hushjelp hos systera Thinka fordi ho ikkje vart gift. I bytte fekk dei mat og husly.  Dette var vanleg for jenter som ikkje gifta seg. Det var og nødvendig for at dei skulle klare seg økonomisk.

 

Personen me får høyre mest om er Inger-Johanne. Ho er ein person med styrke til å velje sin egen livsveg. Inger-Johanne bryt ei forloving og vel å vere ugift. Dermed vert ho utestengd frå det sosiale liv. Livet hennar som ugift lærarinne i bygda blir svært einsamt.

 

’Familien på Gilje’ handlar om kvinneundertrykking og spirande, kvinneleg sjølvstedestrang. Handlinga er lagt til 1840-åra, og vart sett på som eit angrep på embetsstanden sin konvensjonelle holdning til kvinner i samtida.

 

Det var ikkje lett å vere kvinne på slutten av 1800-tallet. Det ar reglar for korleis ei borgarskapskvinne skulle oppføre seg og kva som var  tillate å gjere. Dersom ho gjorde feil eller braut desse reglane risikerte ho å miste sin sosiale status og blir utstøytt av miljøet.

 

Ting har endra seg utruleg mykje sidan den gong. Kvinnene i Noreg har i dag røysterett, mange opplever suksess i yrkeslivet og me har kvinnelege leiarar. Men heller ikkje i dag er alle einige om at kvinnene er totalt likestilte med mennene. Framleis høyrer me om saker der kvinnene blir diskriminerte, enten det er i yrkeslivet eller elles i samfunnet.


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

marie
25.04.2008 16:27

Bra!
7
anbefalinger
veldig bra, har prøve om dette nå så det var nyttig å få lest litt nå Smile :-\)

victor
24.10.2016 21:51

Bra!
5
anbefalinger
wtf er sjølvstedestrang?

Lisa
12.02.2009 16:27

Bra!
4
anbefalinger
Veldig bra tekst, likte den godt. Hjalp meg godt på vei med min egen stil ^^ Takk!  Very Happy :-D

sweety
06.04.2010 20:54

Bra!
4
anbefalinger
veldig bra tekst Smile :-\)

frøydis
05.04.2015 13:52

Bra!
4
anbefalinger
Bra tekst detta, meh hu heter altså Inger-Johanna


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.021 sec - 1 pageviews