Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Ein liten, to liten, tre irakarar

Ein liten, to liten, tre irakarar

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk

"Ein liten, to liten, tre irakarar, fire, fem og seks irakarar, sju, åtte og ni irakarar, ti irakarar små." Lyden som strømte ut frå eit kontor i Washington ein natt i desember kunne ikkje låte annleis enn dette, da Clinton og Blair brukte sine magiske evner og lot det begynne å regne over Irak. Ikkje sånn regn av vatn, som vi er bortskjemde med, men et regn av rakettar, kryssarrakettar. Det regna så fælt at Saddam Husseins lekar blei heilt søkkvåte. Eller som USA sin utanriksminister så fint sa det: "Med "Enterprise" og US air force i spissen, har Iraks miletær program blitt sette fleire år tilbake" Kva er årsaka til at USA og Storbritannia dansa denne regndansen? Burde dei eigentleg angripe Irak? Og det heilt utan samtykje frå NATO og FN. Russland og Kina har ikkje meir enn tre bokstavar i svaret. Eg får prøve å ha nokon fleire.

 

"Dette er ein sorgens dag for FN og verda" var Kufi Annans kommentar etter at nyheita kom på trykk. Store delar av FN stilte seg mot angrepet. Det er ganske sjokkerande at USA og Storbritannia seier at ein av grunnane var brotet på FNs avtale med Irak. Når blei dei jordas politi? Så vidt eg veit har dei ikkje fått den oppgåva ennå. Det er da veldig skremmande når dei plutseleg tar på seg dette ansvaret, og dreg ut i verda for å rydde opp. USA og Storbritannia er på god veg til å bli politimeister Sam med patruljebikkja, og heile jorda som arbeidsområde. USA og Storbritannia er sterkt engasjerte i FN, NATO og andre fredsorganisasjonar. Dei stiller aktivt om med fredsmeklarar, og liknande. Anar vi da ein liten dobbeltmoral når dei da plutseleg går til angrep på Irak? Når vi nå snart går inn i eit nytt tusenår, finne eg det merkverdig at USA og Storbritannia gjennom fire og tre krigar, ennå ikkje har lært at krig er noe forferdeleg som ikkje hører heime på denne planeten. Dei tek også ein enormt stor risiko når dei angripar utan Russlands samtykje. Konfliktar kan blusse opp. Sånn som "skotet i Sarajevo" blei til første verdskrig, kan bombinga av Irak bli til den tredje.

 

Til tross for dette angrep duoen USA og Storbritannia Irak. Dei må ha hatt ein grunn, eller? Det er heilt bombesikkert at Irak har av biologiske våpen. Allereie før Gulfkrigen blei ein heil kurdisk landsby utsletta av gass. Saddam Hussein har yppa seg før og eg tvilar ikkje på at han gjer det igjen. Han er ein gal mann. I eit intervju da rakettane slo ned som verst sa han med latter stemmen: "USA og Storbritannia er ein gjeng feigingar som ikkje tør og møte oss mann mot mann, ansikt mot ansikt." Når du høyrer slike utsegn blir ein ikkje mindre sikker på at ein har med ein gal mann å gjere. Han utgjer ein veldig stor trussel for Midtausten, om ikkje heile verda. Eg trur USA og Storbritannia fryktar Irak. At dei brot FNs avtale med Irak er ikkje grunnen. Sjå på Israel. I 30år har dei brote ein avtale med FN om å trekke seg ut av områda dei tok under seksdagars krigen. FN har ikkje ein gong løfta fingeren. Ikkje ein åtvaring har komme, det ligg noko anna bak. "Angrep er det beste forvar," heiter det, det er det inga tvil om at USA og Storbritannia også har funne ut. Dei forsvarar seg mot Irak ved gong på gong å angripe. Ein ide kan vere at dei gjer det for å forhindre nye verdskrigar. Da tenkjer eg ikkje bare på verdskrigar med Irak, men også på krigar med andre stormakter involvert. USA og Storbritannia demonstrerer den enorme ildkrafta si. Tru det eller ei, men dette angrepet kan vere og er faktisk eit skritt mot fred.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil