Reklame?

Kåseri om reklame.
Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2002.04.13
Tema
Reklame

Reklame er ein fin ting. Desse morosame filmsnuttane, fargerike og informerande bildane og dei lange spenningsoppbyggande pausane i radioprogramma. Kva er vel ikkje bedre enn ein liten tenkepause på tjue minuttar når spenninga er på topp i ein film på laurdagskvelden?

Eller kva med eit lite femminutt med produktpropaganda mellom nyheitene og vêrmeldinga?

Det at vi har desse pausane gjer jo at vi til dømes kan gå på toalettet og sitte nokre minuttar i ro og mak, om vi då ikkje skulle vere så uheldig å høyre plasking frå ei feilsvømt rotte, medan vi høyrer toalettpapirreklame ifrå fjernsynet, og oppdagar at vi nok ein gong har kjøpt inn feil merke. Eller vi kan trø inn på kjøkkenet og lage til litt nyinnkjøpt potetgull med dip, den typen med slik ei nydeleg halvnaken jente på plakaten i butikken.

 

No til dags er reklamen utsytt for sterk kritikk. Folk meiner at folk med svakare skjønn enn dei sjølv, ikkje klarar å skilje mellom kva som er bra og kva som ikkje er bra. Desse folka som meiner at dei sjølv klarar og stå imot reklamepresset meiner at desse utan skjønn ikkje klarar det, og at dei derfor ikkje klarar å motstå å kjøpe ein masse sjampoar og andre skjønnheitsproduktar ”fordi dei fortener det”.  Dette ville jo sjølvsagt ikkje ha vore noko problem om dei kunne ha sette fingeren på denne samfunnsgruppa med svakare skjønn og brukt sitt eige skjønn til å hjelpe. Det einaste problemet er jo at dei ikkje klarar å finne desse folka, dessa stakkarane som ikkje veit sitt eige beste, men tar det bokstaveleg når Elkjøp reklamen ropar ut ”løp og kjøp!”. Om dette er fordi dei ikkje finnast eller fordi dei ikkje vil innrømme at dei har eit svakare skjønn enn dei som har eit sterkt skjønn, vil eg ikkje spekulere i. Men eg må innrømme at eg undrar meg over om det ikkje er på tide å stille eit spørjeteikn ved skjønnet til dei med sterkt skjønn.

 

Personleg vil eg ikkje kritisere reklamen, ikkje nødvendigvis fordi eg ikkje skjønnar at det er noko gale fatt med skjønnet mitt, men fordi det jo er utruleg flott at vi får høve til å vite om alle dei gode tilboda som butikkane har. Dette gjer jo at vi kan plukke ut akkurat dei produkta vi vil kjøpe, og om det er ”fordi vi fortener det” eller fordi dei har dei gulaste prisane, så er det jo nesten heilt sikkert produkt som vi treng likevel. Det er vel ikkje noko gale i at eg drikk Coca-cola og går i Nike sko berre fordi Hotell Cæsar helten min gjer det same. Nei, tvert imot. Det at kjente menneske har byrja å reklamere, gjer vel at vi ikkje lenger treng å lese ”Se og hør” med forstørrelsesglas for å sjå kva slags klesmerke dei brukar. No har dei jo heilsides annonsar kor du båe kan sjå kor godt dei tar seg ut i kleda, og kva for eit merke det er.

 

Og kan de, dykkar som har så godt skjønn vennlegast fortelje meg kvar eg elles skulle få fatt på opplysningar, om kva for ein sjampo Britney Spears brukar, enn i reklamen for akkurat denne sjampoen? Eg synast faktisk at reklameselskapa gjer ein utmerka jobb med å skreddarsy reklamar med viktig produktinformasjon og relevante opplysningar, om til dømes kva for kjendisar som brukar produkta, for folk. Samt synast eg at dei er flinke til å velje ut passande plasseringar for dei passande målgruppene. Vi som er ung slepp jo til dømes og sjå at Prix har fiskekaker på sal når vi les teikneseriane i avisa, medan gamlingane jo slepp å miste gebisset ut av munnen berre fordi Mette Marit poserar naken med ein boks sardinar og slagordet ”fordi det er sunt” på baksida av Donald Duck.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst