Søk i stiler
 

Søndag


Kort novelle om eit frieri og fadderei.
Sjanger:NovelleLastet opp:14.03.2002
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Kjærlighet
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook


Snart tek klokken til å ringje. Det er søndag. Frå vindauget ser han ei ung kvinne. Andletet hennar glødar. Stega er lette og trippande. Ho kjem no. Det er ikkje for seint. Alt er klart.

Bak gardina er det mørkt. Eit stearinlys blafrar einsamt. – vindauget er visst ikkje teken godt nok att. uformelege skuggar dansar i rommet, over dei lafta veggane med dei gamle fotografia, pent innramma. Auger som ser, menneske som har levd.

 

No er det hans tur. Ventetida er snart omme.

Han har førebudd seg godt. Alt er nøye planlagd. Ingenting må gå gale. Det kan ikkje feile. – Alt skal gjerast etter boka. Han kan ikkje svikte dei gamle. Det er for stort til det.

Golvplankane knirkar. Huset er gamalt. Det kviskrar i veggane.

Han går ein runde i rommet, ser opp mot dei stirrande augene. Det stikk i han. Det er tolv par. Det trettande gjenstår.

 

På bordet har han lagt fram alt det han treng for å utføre oppdraget.

Den vesle, men mektige metallgjenstanden glimrar i det gule lyset. Ved sida ligg den store, tunge boka innbunde i brunt lammeskinn. Boka, som inneheld krafta til all visdom, skal rettleia han.

Hjartet bankar kraftig. Han går gjennom det heile ein siste gong. Filmen rullar sakte i hovudet. Kvar minste detalj må sitje som eit skot. Han lyftar blikket – høgt over bileta denne gongen.

Utanfor kjem skritta stadig nærare. Det er klart.

Sveitten piplar frå panna. Det er for seint å snu no. Han kan ikkje gå attende på det han har sett seg føre. Det må skje no. Han blar opp i den store boka. – orda gjev styrke og mot.

 

Brått går døra opp. Ho kjem inn. Solstrålane siv inn gjennom døropninga. Den kvite duken lyser i mot han, tida er komen. I same augneblink ringjer klokkene.

Han faldar hendene. Lukker augene før blikket treff henne. Ho smiler.

”Har du venta lenge?”

”Ja,” seier han, og ser på ringen.


Kommentarer fra brukere


Ingen har lagt igjen kommentar til denne artikkelen - bli den første!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.024 sec - 1 pageviews