Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Drivkrafta i reaksjonar

Drivkrafta i reaksjonar

Kjemiøving.

Sjanger
Rapport
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
15.02.2002

Namn: 6.3 - Kva er drivkrafta i ein reaksjon?

 

Problemstilling: - Kva er drivkraft i kvar av reaksjonane (Kvifor er reaksjonane spontane)?

 

Utstyrsliste: Sitronsyre, natriumhydrogenkarbonat, 2 teskeier, magnesiumband ca. 5 cm, telys og fyrstikker, begerglas 100 mL, treklype eller digeltong

 

Teoridel:

Alle spontane reaksjonar fører til at den totale uordenen aukar. Den totale uordenen er uordenen i systemet pluss uordenen i omgivnaden. Alle reaksjonane me skal undersøke er spontane (dei går av seg sjølve). 1. Eit stearinlys som brenn 2. Eit magnesiumband som brenn 3. Ei blanding av sitronsyre og natriumhydrogenkarbonat reagerer i vatn

 

 

Apparaturoppstilling:

(figur mangler)

 

 

Framgongsmåte:

Først skulle me undersøkje kva som hende når me tende stearinlyset og notere det. So skulle me observere kva som hende når me tende magnesiumbandet. Når magnesiumbandet brann utvikla det seg ein del røyk so me gjorde det i avlukke. Der var det problem med å tenne magnesiumbandet, so me tende det ved hjelp av ein gassbrennar. Til slutt hadde me eit begerglas med omtrent 20 mL vatn (dette var kvalitative undersøkjingar so å vere nøyaktig var ikkje so viktig) og eit begerglas med ei teskei sitronsyre og natriumhydrogenkarbonat i fast form. Me blanda innhaldet i dei to begerglasa og observerte reaksjonen.

 

 

Observasjonar:

Forsøk Stoffovergang Reaksjon Endring i uorden i
system/omgivnad
1. Stearinlys som brenn Frå fast stoff til gass Eksoterm Aukar/aukar
2. Magnesiumband som brenn Frå fast stoff og gass til fast stoff Eksoterm Minkar/aukar
3. Sitronsyre + natriumhydrogenoksid Frå fast stoff og væske til gass Endoterm Aukar/minkar

 

 

Kommentarar til tabell:

I system der stoffa har atom som svever fritt (gassar) er entropien større enn i system med f.eks. salt og metall der atoma har faste plassar. Eksoterme reaksjonar aukar entropien i omgivnadane medan endoterme minkar entropien i omgivnadane.

 

Konklusjon:

I reaksjon 1 er det temperaturauken i omgivnaden og stoffovergangen frå fast stoff til gass som er drivkrafta i reaksjonen. I reaksjon 2 er det varmeutviklinga som er drivkrafta i reaksjonen då den er so stor at den oppveier for at produkta går frå gass til fast stoff. I den siste reaksjonen so er det entropiauken i systemet som er so stor at den gjer reaksjonen spontan til tross for at reaksjonen er endoterm.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil