Søk i stiler
 

Dødsraud


Oliver tar hevn på mobberne, uten å mene det selv.
Sjanger:NovelleLastet opp:12.04.2013
Språkform:NynorskForfatter:Anonym
Tema:Mobbing
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



Oppgåve: Skriv ein skjønnlitterær tekst kor hovudpersonen opplever at ord blir brukt som eit maktmiddel for å undertrykke.

 

Frøken spytta ut orda som om dei var tyggjegummikuler som hadde gått ut av smak for lenge sida. Orda danna entusiastiske setningar som fortalde om København og alle dei flotte butikkane og kaffistadene. Om dei kjekke, danske mannfolka og diskoteka. ”Danmark, det var staden vi måtte reise til”, forsikra ho. Det var nest siste time, og den varme sommarlufta hang over klasserommet som eit tungt teppe. Av alle frøkner dei kunne fått her i verden, fekk klasse 10A ei som rota bort tida på å fortelje om jenteturen hennar i Malaga i 2009 eller diskutere gårsdagens episode av Paradise Hotel. Oliver gjespa for tredje gang på tjue minuttar, og såg seg rundt i rommet. Fleire andre gjespa og låg utover pulten, men frøken tok sjølvsagt ikkje hintet før klokka klang. Lyden skar gjennom den sløve stemninga. Då møtte han blikket til Anna. Ho geipa, og forma orda ”din hest!” med munnen, før ho reiste seg for å rydde bøkane. Oliver tenkte på kjenningen av eit stikk i hjartet. Plutseleg ville han at den gørrkjedelege timen aldri hadde slutta, at friminuttet aldri kjem. ”Då har eg visst gløymd tida heilt bort! Vi tek resten av Noregs språkhistorie etter friminuttet”, ropte frøken. ”Oliver, eg ønske eit ord med deg”, låg ho til.

 

”Eg er redd for at blomen din snart visne”, fortalde ho med såre auge. Handa hennar pekte lett mot dei støvete vindauga. Dette klasserommet hadde utsikt over skulegarden, og sola kasta sollys over dei gule, raude og kvite potteblomane dei sjølv hadde planta i handverkstimane. Hans potte stod ved sida av blomen til Anna. Annas potte overskygga hans, så blomen hennar var mykje større og sterkare. ”Eg veit”, sa han stille. ”Men det er ikkje så farleg med den”. Nokon hadde skreve ”hestemøkk” på baksida til potta til Oliver, men det visste ikkje frøken heilt ennå. ”Eg vil jo at blomen din skal vere likedan vakker og sterk som resten av elevane”, insisterte ho. Oliver venta eit augeblikk, før han spurde: ”Du meine vel ’resten av elevane’?”. Varmen steg opp til hovudet hans, han blei sakte raud. Frøken nikka raskt og smilte med veldig opne auge. Øyredobbane hennar dingla febrilsk og lagde små lydar. ”Veit du, eg trur eg sette potteplanten din litt fram, så den får vist seg litt. Alle treng det i bland, ikkje berre menneske”, avslutta ho. Ho reiste seg frå kateteret og gjekk bort til vindaugskarmen med smukke skritt. Medan ho stod der begynte ho å nynne ei song og danse litt med kroppen. Oliver sto igjen forna kateteret utan å vite heilt kva han skulle ta seg til, så han kremta lavt og retta på skuggelua. Frøken snudde seg med eit smil om munnen, liksom meir sykjer i blikket. ”Spring ut i sommarvêret!”

 

Oliver subba bortover gongen, tok seg god tid. Det svarte håret hang ut av den kvite skuggelua og dingla rundt andletet for kvart strikk han tok. Han knytte skolissene feil et par gonger, byrja på nytt. Han gjekk ut i skulegarden mens han tenkte på det frøken hadde sagt. I grupperingar og klyngar stod elevane i den skarpe sola og skravla. Oliver stelde seg i skuggen, ved vindauga til klasserommet sitt, der han vanlegvis stod og venta på at dei siste minuttane av pausen skulle gå forbi. Han såg ned på skoa sine, som om han vurderte å knyte dom ein gong til.

 

”Hesten!” Anna stod ovanfor Oliver, som lyn frå klar himmel. ”Du må ikkje leggje frå deg hestemøkka nokre stad! Hugs det!”, flira ho. Oliver snudde hovudet, såg bort, over henne. Han ville bort herifrå, langt og lenger enn langt vekke, at tida skulle gå. Ho tok eit steg nærmare han, truande. Den lyse hestehalen hadde nokre hårstrå som stakk ut, og kinnene hennar var overdrivne solbrune. Den sukkersøte, kvalme parfymen ga lukt lang vei og satt seg i nasen på Oliver. Akkurat då skjedde det noko som forandra alt. Han naus rett i andletet hennar. Ho blei klissvåt av spytt og slim! Ho eksploderte; ”kva er det du drivar med, ekle hest? Berre fordi du har stor kjeft, kan du ikkje vrinske meg opp i trynet!”. Oliver stod der, mållaus over kva han hadde gjort. Alt skjedde så fort. Ho drog skuggelua hans av hovudet hans så det fette, svarte håret kom til syne, og sprang med den i handa. Oliver sprang etter Anna over skulegarden. Han ropte på ho, bad ho om å stoppe. Ho snudde seg og lo slemt, mens ho sprang mot toaletta.

 

Det gikk så fort. Ho hadde berre sprunge utan å sjå seg føre! Oliver slutta å springe med ein gong dunket kjem. Det var ei ekkel lyd, som om nokon tok seg ein stor bit av ein agurk. Oliver plukka opp skuggelua som nå låg på bakken. Han torde ikkje, men måtte. Sakte snudde han seg og såg den livlause kroppen som låg inntil murveggen. Hestehalen blei raud. Dødsraud. Oliver kjente seg svimmel. Han subba skjelvande over skulegarden igjen, mens hylande elevar strømma til og sprang forbi han. Kaos hadde brote ut, dei ville sjå kva som hadde skjedd. Men Oliver gjekk rolig mot hovudinngangen. Der stoppa han forna vindauga, og såg opp mot potteblomane. Blomane dei hadde stelt frem tidligare på våren hadde veks mykje, og strålte ut mot skulegarden til glede for alle. Det var spesielt ein, den som stod fremst i midten, som tok oppmerksamheita hans. ”Hestemøkk”, stod det.


Kommentarer fra brukere


Ingen har lagt igjen kommentar til denne artikkelen - bli den første!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.011 sec - 1 pageviews