Søk i stiler
 

Jula, eit ork eller ein fin familiesamankomst


Jula sett frå ein annan vinkel.
Sjanger:KåseriLastet opp:30.01.2002
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Jul
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



Jula, no er den her igjen. Med pinnekjøt, sju sortar kake, gløgg og nøtter tek den oss med storm. Jula, ei høgtid som står for fred, forsoning og kjærleik. Ei tid då familie og vener samlast for å slappe av.

Tenk om dette var verkeleg! Jula har for dei fleste blitt ein stor kjøpefest kor materialismen har teke over. Kven husker på det vesle barnet i krybba? Eller håpet om fred? Når julaftan setter inn er det ikkje akkurat tankar om fred i verda som står i hovudet på folk flest. Nei, no skal det opnast pakker for fullt. Kven får dei flottaste tinga?
Eg husker som liten at eg alltid var livande redd for å få mjuke pakkar. Kven vil nå ha klede til jul? Nei, la det heller vere leiker, eller noko sånt.


No, når eg har vakse litt er det dei mjuke pakkane som freistar. Kven vil nå ha leiker til jul?

Heile julescenarioet utspel seg mens mor og far set i sofaen og venter spent på om den neste pakken blir eit ”hurra” eller eit ”søren”. Frå tid til anna høyrdest det eit knekk frå sofaen. Om det var ei nøtt eller fingrane til far legger ingen merke til, alle er for opptatt med sitt.
Meir tragisk enn dette kan ting umogleg verte, spør du meg kanskje, men vent å sjå. Tragedien kjem etter alle pakkene er opna og alle set med sitt. Då er liksom jula over på ein måte. All forventninga og gleda er liksom tørka ut, omtrent som vêrvarslinga på NRK.

Alle går og masar om fred og ro, men få er dei som opplever den. No seier eg ikkje at ein skal slutte å gi kvarandre presangar og sånn, personleg syns eg det er eit av høgdepunkta med jula, men dette med presangar har gått til hovudet på dei fleste. Kvifor må allting vere så dyrt og perfekt?

Eg hugser når eg var liten og slapp unna med å lage ei fin teikning eller nokre gamle ting eg hadde laga på skulen, som eg hadde gløymd og tatt med meg heim att. Det var tider det. Men så blei eg eldre, og då blei smila til mor og far ikkje like store når dei fekk trenissar og sånt, særleg innpakka i rødt papir med grønt band. Trur forresten det hadde noko med at eg brukte ein halv rull teip på to pakkar. Dei kunne sitte opptil fleire minuttar og arbeide seg gjennom med saksa, og sånne ting har som regel det med å dempe gleda litt.

Så har vi julemusikken då. Når jula kjem, vanlegvis rett etter haustferien, vert ”Absolute Music- platene” bytta ut med julemusikk i alle variantar. Eg er sikker på at det fins fleire tusen versjonar av songar som ”White Christmas” og ”Jingle Bells” . Alle innspelt av forskjellige stjerner i musikkverda. Som om det er noko spesielt med songen akkurat når dei synger han.


Mange har si meining når jula eigentleg startar. Nokon meiner den startar med dei første juledekorasjonane i butikkar, andre meiner den startar litle julaftan etter all julehandling er ferdig. Til slutt kjem den gjengen som meiner at det er jul først når kalenderen viser 24. desember og klokka viser 17.00. Eg steller meg litt utanfor desse gruppene. Når eg kjenner det klør i fingrane mine etter å handle julegåver, og det blir snakk om kva slags sortar kake som skal bakast, først då er det jula startar. Problemet er vel at denne kjensla varierer frå år til år. Nokre gonger kjem den tidleg, andre gonger seint. Men eg kjem no i hamn kvar jul, sjølv om eg av og til må ut på litle julaftan og handle dei siste gåvene.

Når roen senkar seg over huset og familien samlast for å nyte pinnekjøt, og røde lys brenn, ja, først då er det skikkeleg jul. Då kan vi tenke over kva jula eigentleg står for. Tro, håp og kjærleik.

Kommentarer fra brukere


Ingen har lagt igjen kommentar til denne artikkelen - bli den første!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.034 sec - 1 pageviews