Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Eg står her og skal slå opp med ei jente

Eg står her og skal slå opp med ei jente

Analyse av Rune Belsvik si novelle

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
28.01.2002



Rune Belsvik si novelle ” Eg står her og skal slå opp med ei jente” er teke frå novellesamlinga ”Kram Snø”, som blei utgitt for første gong i 1981. I denne novella tek Belsvik opp ei kjend problemstilling blant unge: den utruleg ubehagelege opplevinga det er å slå opp med kjærasten sin.

I novella møter vi Svein som er hovudpersonen, og Lise som er jenta han skal slå opp med. Det at det berre er to personar med, gjer at vi får eit veldig godt innblikk i kva som skjer, - og det er lett og følje med i handlinga. Svein er hovudpersonen i novella, eg- personen. Og det forteljast gjennom ein førstepersonssynsvinkel. Sidan vi får høyre mykje om Svein sine kjensler, er det klart at synsvinkelen er personal. Verknaden av dette er at vi berre får sjå Lise gjennom Svein sin synsvinkel. Noko som gjer at vi kanskje får eit negativt bilete av ho og hennar veremåte.

Novella byrjar rett på, med setninga: ” Ho som kjem der borte, skal eg slå opp med.” Med den innleiinga får vi eigentleg vite akkurat kva som skal skje i novella. Svein har ein avtale om å møte kjærasten sin Lise, og samtidig som han ventar tenkjer han på kvifor han vil slå opp:

-gangen hennar (”dei klumsete stega”), korleis ho kler seg (”dei nålespisse stilettskorne”) og veremåten hennar. Ho har blitt ei kjedeleg jente, alt er gale med ho. Han har avslørt ho. Det er ikkje fleire hemmligheitar ved ho. Men så får vi eit vendepunkt i novella, der Svein seier: ”skal eg verkeleg slå opp med henne? No kjennest det heilt sprøtt ut. Heilt for jævlig. Eg har vondt i magen. Eg skjelv.” Lise har no blitt ei lita forsvarslaus jente og uskuldig gjennom Svein sine augo, og han er ikkje like sikker på om han vil slå opp med henne lenger. Er det den rette løysinga?

Svein tenkjer ofte attende på korleis dei hadde det. Men eg veit ikkje om eg vil seie om kronologien er broten eller om oppbygningen er kronologisk med einskilde tilbakeblikk. Som kanskje hadde vore meir naturleg sidan vi ”ser” handlinga ut ifrå Svein. Verknaden av dette er at novella alltid er spennande. Handlinga skjer på to plan: I preteritumsdelen ser Svein attende på korleis forholdet deira har utvikla seg, medan han i presensdelen fortel om kor langt unna Lise han er. Eksempel på preteritum: ”Eg hadde litt problem med å komme saman med henne. Ho var eigentleg forelska i kameraten min.” Eksempel på presens: ”Sjå, der kjem ho. Med sola rett i ansiktet.”

Når Lise så nærmar seg, er altså ikkje Svein så sikker på kva han skal gjere. Men før han får tenkt seg om ein siste gong, er det Lise som opnar munnen først. Og det er like overraskande for Svein som det er for lesarane, ho seier: ”Da e slutt. Da går ikkje lenger. Eg har visst da heile tio, Svein. Du har nok skjønt da, du òg.”

Vi får eigentleg ikkje vite så mykje om hovudpersonen Svein, i novella. Indirekte kan vi for eksempel seie at: han er umoden, lite vaksen (sjølv om eg trur han(dei) er cirka 17 år gamle), han vil gjerne vere tøff og populær, men er veldig usikker på seg sjølv. Biletet av Lise har i alle fall eg teikna slik: ei tankefull jente som blei slått som lita. Ho har spisse kroppsformer og tidlegare ”stålstrengaktige” lepper. Mot slutten av novella beskriv forfattaren at ho har raude sokkar, eit sølvkross rundt halsen, og at ho røykar. Ho har nye øyredobber, noko som eg trur symboliserar at ho legg fortida bak seg når ho slår opp med Svein. – Ei ny tid.

Rune Belsvik brukar korte og presise setningar, som seier mykje med få ord: ”Brått er eg trist. Faen. Ho ser så trygg ut der ho kjem gåande. Så lita og uskuldig.” Han brukar også eit ungdommeleg språk, som vist ovanfor. Det gjer at mange ungdommar vil synast at denne novella fell i smak. Ikkje berre på grunn av språket, men også på grunn av temaet. Sjølv om novella blei utgitt for første gong for tjue år sidan, er den endå aktuell. Den tek opp ungdom og kjærleik. Den handlar om at ein ungdom har lite erfaring med å ta avgjerder, og det blir ofte feil. Men som alltid lærar ein av sine feil….

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil