Søk i stiler
 

Kosthald og fordøying - den levande kroppen


Fakta om kosthald og fordøying.

Naturfag.

Sjanger:Sammendrag av pensumLastet opp:28.03.2012
Språkform:NynorskForfatter:Anonym
Tema:Kroppen
Næringsstoffer
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook
Bilder: Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Kroppen fornyar seg heile tida. Han treng energi for å helde seg i gang. Derfor må vi eta og drikka kvar dag.

 

Vi kan dela alt vi får i oss inn i nokre hovudgrupper:

 

  • Vatn
  • Karbohydrat
  • Feitt

 

Brennstoff, kroppen sitt drivstoff

  • Proteiner

Viktigaste byggjestoff

 

  • Vitaminer
  • Mineraler

Viktige for å byggje kroppen og halde i gang alle dei kjemiske reaksjonane

 

 

Karbohydrat

- Bygd opp av karbon og hydrat.

Hydrat tyder vatn

 

Består av grunnstoffa karbon (c), hydrogen (H) og oksygen (O)                          

Døme: sukker og ved frå tre

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
 

 

- Raske karbohydrat er til dømes sjokolade og brus

- Langsame karbohydrat er til dømes grovt brød og mat som inneheld stivelse.

  - Dei langsame er mest verdifulle fordi det blir nedbroten saktare.

 

- Monosakkarid

Inneheld berre enkle einingar                

Døme: Glukose (druesukker) og fruktose (fruktsukker)

Finnes i frukt og bær

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

- Disakkarid

Inneheld to sukkereiningar (monosakkarid)    

Døme: Mjølkesukker, maltsukker og røyrsukker (farin)

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

- Polysakkarid

- langsame karbohydrat

                                                                       

Inneheld svært mange einingar lenkja saman 

Døme: Cellulose og stivelse

 

Feitt

Feitt er bygd opp ved at tre feittsyremolekyl er bundne til eitt molekyl, glyserol.

 

Tre hovudgrupper feitt:

- Metta feitt

- Einumetta feitt

- Fleirummeta feitt

 

Vi treng feitt fordi det inneheld mykje energi, det er eit brennstoff i kroppen, lager cellemembranen og for å lage hormon. Nokre vitaminer finn ve berre i feitt.

 

- Metta feitt blir kjenneteikna ved at det berre er enkeltbindingar i dei feittsyrene som byggjer opp feittmolekylet.

Metta feitt får vi frå dyreriket.

Døme: smør, fløyte, ost, pølse og flesk

 

For mykje av dette feittet gir auka innhald av kolesterol i blodet. Det kan føre til tette blodårer (åreforkalking). I hjarta gir dette hjarteinfarkt og i hjernen hjerneslag.

 

For mykje -> kolesterol i blodet -> åreforkalking -> hjarteinfarkt/hjerneslag

 

- Einumetta feitt har ein dobbeltbinding.

- Er det beste for helsa

- Det motverkar åreforkalking

Døme: olivenolje og rapsolje

 

Fleirumetta feitt har to eller tre dobbeltbindingar i feittsyremolekylet.

Døme: feitt fisk (laks, makrell, sill, uer..)

 

Protein

Det viktegaste byggjematerialert i kroppen.

Vi treng protein fordi det er eit brennstoff i kroppen og gir energi.

Ein type protein blir kalla enzym. Enzym får kjemiske reaksjonar i kroppen til å skje.

 

Vitamin og mineral

Vi treng det for å unngå mangelsjukdommar.

 

Vitamin A

 

Fremjar nattsyn og vekst. Gir motstand mot infeksjonar.

Vitamin D

 

Gjer at kalsium blir soge opp frå tarmane. Viktig for tenner og beinbygnad.

Vitamin E

 

Viktig for hjarte og blodkrinsløp. Hindrar nedbryting av feittsyrer i cellene.

 

Mineral som kalsium fungerer som byggjestoff, medan til dømes natrium er viktig for å regulere det som skjer i kroppen.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

NÆRINGSSTOFFA OG FORDØYINGA

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Fordøyinga byrjar i munnen, man tygg maten og så dyttar tunga maten bakover til svelget. Så går maten nedover i spiserøyret og ned i magesekken. Deretter blir maten send ned i tolvfingertarmen. Så blir maten pressa ned tynntarmen. Etter det er det berre graut igjen som kjem til tjukktarmen. Avføringa kjem til slutt ned i endetarmen og så ut.

 

Munnen -> svelget -> spiserøyret -> magesekken -> tolvfingertarmen -> tynntarmen -> tjukktarmen -> endetarmen

 

- Første delen av fordøyinga går for seg i munnhola. Der tygg vi maten og den blir blanda med spytt, som inneheld enzym (amylase) som bryt ned karbohydrat. Rundt matklumpen kjem det eit tynt lag med slim, som gjer at maten glir lettare.

- Når vi har togge maten dyttar tunga den bakover til svelget. Mange musklar samarbeider om å presse maten nedover.

- Så blir matklumpen pressa nedover i matrøyret.

- No er maten i magesekken. Då kjem ikkje maten opp att pga. ein stengjemuskel nedst i matrøyret. No blir maten til ein graut og blanda med lim og fordøyingsenzym.

- Så kjem maten til tolvfingertarmen, der den blir blanda med væsker som blir produsert i bukspyttkjertelen og levera.

- Maten bruker 3-5 timar på å passere tynntarmen, den er 6-7 meter lang. Her skjer mesteparten av nedbrytinga av maten og nesten all oppsuging av næring. Matklumpane blir pressa nedover, det kallar vi peristaltiske rørsler. Tynntarmen syg opp:

  o vatn, salt, gallesalt, vitamin, feittmolekyl, aminosyrer og monosakkarid.

- Den grauten som no kjem til tjukktarmen, der blir all næring soge opp. I tjukktarmen er det store mengder nyttige bakteriar som arbeidar med tarminnhaldet.

- Til slutt blir avføringa lagra i endetarmen til det blir fullt, så kjem den ut.


Kommentarer fra brukere


Ingen har lagt igjen kommentar til denne artikkelen - bli den første!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.017 sec - 1 pageviews