Søk i stiler
 

Ivar Aasen (1813-1896)


Stil om Ivar Aasen og nynorsken.

Skrevet i 10. klasse.

Sjanger:BiografiLastet opp:27.03.2012
Språkform:NynorskForfatter:Anonym
Tema:Bokmål/nynorsk
Ivar Aasen
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook
Bilder: Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.



Ivar Aasen vart fødd 5. august 1813 på garden Åsen i Hovdebygda. Denne garden var temmeleg isolert, så han hadde ingen venar. Han vaks opp med sju eldre sysken, og begge foreldra døydde tidleg. Mora døydde då han var 3. Ho ønskte at yngstesonen skulle få lære å lese og skrive. Faren døydde då Ivar var 13. Etter dette var det broren til Aasen som styrte garden. Ivar hjelpte til, men han ville aller helst lese og skrive. På nabogarden Ekset var det eit omfattande bibliotek med over 1000 bøker. Aasen var ofte på besøk her for å låne og lese bøker. Under konfirmasjonen utmerka Aasen seg stort. Presten skreiv godt om han i kyrkjeboka, og det seiast at han til og med skreiv eit smilefjes bak namnet hans.

 

Då han vart 18, fekk han jobb i ei lærarstilling i Hovdebygda. Han var ein flink lærar og hadde fått sansen for grammatikk og dei forskjellige dialektene på Sunnmøre. To år seinare reiste han til Herøy, der han jobba for prost Hans Conrad Thoresen på prestegarden i Stokksund. Her underviste han ungane til prosten, samtidig som han vart opplært av han. Thoresen meinte han var såpass dyktig at han burde gå på universitetet, men Aasen ville ikkje det. Etter to år reiste han til Skodje. Her var han lærar for barna til svogeren til prost Thoresen. I løpet av dei sju åra han jobba der, vart han veldig interessert i skriftspråk og grammatikk. Han laga ei oversikt over grammatikk i sunnmørsdialekt. I 1841 reiste han til Bergen og viste grammatikkarbeidet sitt til biskop Jacob Neumann. Han vart veldig interessert i arbeidet hans, og skreiv om det i avisa, og delar av arbeidet vart trykt i to nummer av Bergens Stiftstidende same året.

 

I 1842 fekk han pengar frå Det Kongelige Norske Videnskabers Selskap, frå 120 til 200 specidaler per år, for å reise rundt i Noreg og granske og dokumentere folkemålet. Han reiste frå 1843 til 1847. I løpet av desse åra reiste han rundt til forskjellige bygder i mange delar av Noreg og høyrde og skreiv korleis talemålet deira var. Sjølv om han reiste rundt i heile landet, var mykje av det han skreiv ned, frå Vestlandet. Dette var fordi her var dei «beste» dialektene. Med det meinte han enkelt og greit at dei var minst påverka av det danske språket. I løpet av desse fire åra til fots og til hest, tilbakela han totalt 403 mil. I 1848 ga han ut ei grammatikkbok, og ei ordbok kom to år seinare. Begge desse bøkene var skrive i Kristiania, der han budde resten av livet. Sjølv om han ofte drog på studiereiser om sommaren, kom han alltid tilbake til hovudstaden.

 

Det nye språket han utvikla kalla han landsmål. Dette namnet kom frå at det var eit språk utvikla med heile landet sine dialekter i tankane. Mange trudde det var meint som eit språk for dei som budde på landet, så for eksempel bønder, men det var ikkje tilfelle. Sjølv om han hadde laga sitt eige skriftspråk, brukte han det ikkje mykje i daglegdaks samanheng. For eksempel skreiv han berre nokre få brev på landsmål, og haldt seg som regel til dansk, som var det språket han var opplærd i og vant til. Han skreiv fleire dikt / songar og bøker på landsmål, eit kjent eksempel er diktet «Nordmannen»:

 

Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.

Han saag ut paa dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
«Lat oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt.»

 

Dette diktet kom først ut i diktsamlinga Symra i 1863, og er kanskje det mest kjende Ivar Aasen har skrive. Dei to fyrste strofene er for eksempel inngravert i norske førarkort.

 

Ivar Aasen er som kjend «faren» til nynorsken. Han bestemte seg for å lage eit språk som var bygd på korleis folk uttalte og snakka til vanleg, i motsetning til dansk, som var det dei fleste skreiv på den tida. For å lage eit skriftspråk som passa flest mogleg gjekk han rundt heile Noreg og samla inn talemåtar, uttrykk og grammatikkformer. For å bestemme kva for versjonar av orda han skulle bruke, brukte han fire reglar:

1: Viss det var mange variantar av eit ord, brukte han den mest utbreidde forma. Til dømes var «me» den mest utbreidde forma for «vi», så han brukte det.

2: Dersom det ikkje var ei form som var meir utbreidd enn nokre av dei andre, laga han eit nytt ord. F eks laga han ordet «hestarne» i staden for «hestanne» og «hestadne».

3: Nokre gongar ville han heller bruke ord som likna på det systemet som var i det norrøne språket, til tross for at uttalen og måten ein skreiv det på ikkje var likt. Eit eksempel er stum d på slutten av «ord» og «jord».

4: Han prøvde helst å bruke ord av nordisk opphav i staden for framandord. For eksempel «begynde» vart «byrja».

 

Bibliografi

Fem Viser i søndre Søndmørs Almuesprog (1842)

Det norske Folkesprogs Grammatik (1848)

Ordbog over det norske Folgesprog (1850)

Søndmørsk Grammatik (1851)

Prøver af Landsmaalet i Norge (1853)

En liden Læsebog i gammel Norsk (1854)

Ervingen (1855)

Norske Ordsprog (1856/1881)

Symra (1863/1875)

Norsk Grammatik (1864)

Norsk Ordbog (1873)

Heimsyn (1873)

Norsk Maalbunad (1876)

Norsk navnebog eller Samling af Mandsnavne og Kvindenavne (1878)

Bidrag til vort folkesprogs historie (utgitt 1951)

 

Det har og blitt publisert fleire samlingar av Aasen sine verk, brev, dagbøker o.l som ikkje vart gitt ut imens han levde.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Dei første to versa av «Nordmannen», slik ein finn det på norske førarkort.

http://bilde.dinside.no/f%F8rerkortets+hemmeligheter.jpg?o=58261&w=225&frame=0&ee=

 

Kjelder

http://no.wikipedia.org/wiki/Ivar_Aasen

http://nn.wikipedia.org/wiki/Ivar_Aasen

http://www.aasentunet.no/

Ark frå faglærar

Jensen, Lien Frå saga til CD 10B 2008 Fag og Kultur AS

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet


Kommentarer fra brukere


Ingen har lagt igjen kommentar til denne artikkelen - bli den første!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.014 sec - 1 pageviews