Søk i stiler
 

Sportssendingar


Sportssendingar er for menneske som ikkje har noko liv.
Sjanger:LeserinnleggLastet opp:23.02.2012
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:TV
Sport generelt
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook


Sportssendingane er ikkje noko vi har bruk for. Dei er bare til for hjernevasking. Men kva sjår vi på som ei sportssending? Dama eller mannen sete og lese opp ein masse bullshit om tal og scoringar. Norge er kanskje så heldig at dei har vunne ein kamp for ein gang skuld. Det er bare nokon gale folk som springer etter ein ball, hyler og skriker som det skulle ha vore mellom liv og død. Det er det eg forbind med sport. Fotball. Menneske som ikkje har noko liv. Men kvifor hatar eg sportssendingar så mykje?

 

Heilt sia eg har vore lita, har eg ikkje nokon gong sett på sportssendingar og eg har aldri spela fotball som alle dei andre barna i gata. Eg var den som sit på sidelinja og sa at dette er bare noko tull. Eg skjønte ikkje vitsen med å springe etter ein ball. Den ballen som eg hatar like ille den dag i dag som eg gjorde for 10 år sia. Men det har vel også noko med at eg aldri orka heller. Det finnst jo positive ting med dette å hate sportssendingar. Eg blei ikkje den zombien som sit og sjår på TVen kvar kveld med sikkel som henger ut av munnen og raudsprengt augne og venta på at nyheitsreporteren skulle lese opp dagens scoringar for Norge. Viss det blei noken scoringar, så jublar ein så heile taket rista og ein synst synd på dei som bur i leilegheitene under deg viss du bur i ei blokk. Men det er ikkje alltid det blei noken bra match for Norge. Dei gongene dei taper, så går det ikkje an å snakke med vedkommande på ei heil veke. Men kvifor oppfører dei seg sånn? Dei går liksom og sørgjer. Det er ei av dei tinga som får meg til å hate sportssendingar. Det er nokon som tar dette som om det skulle ha vore mellom liv og død, så det er ikkje rart det er krig i verda! Sportssendingar har rett og slett for stor plass på TV, og det påverkar menn for det meste!

 

Det finnst også andre positive ting når det gjelder sportssendingar synst eg. Eg kan verkeleg ikkje skjønne at eg seier det, men det finnst positive ting med sportssendingar. Viss du har ein mann som er heilt sportsidiot, og han bruker heile kvelden med å sjå på sport (eller heile livet for den saks skyld), da har du tid til deg sjølv. Det ser eg på som positivt med sportssendingar; ein kan bruke dei som ein «barnevakt». Mens mannen set og blir hypnotisert foran TVen og øydelegger livet sitt, så kan eg ta ein tur på byen med noken gode venninner som hater sportssendingar like mykje som eg. Leva livet! Og det ikkje foran TVen! Men kvifor vil vi seie at nokon blir hypnotisert? Kanskje alle menn er hypnotisert? Dei er jo så mystiske. Man kan ikkje leve med dei, men heller ikkje utan dei.


Kommentarer fra brukere


Ingen har lagt igjen kommentar til denne artikkelen - bli den første!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.011 sec - 1 pageviews