Søk i stiler
 

På den andre sia av jorda


Oppgave om hvordan det er ikke å kunne uttrykke meningene sine. Sjangeren er nyhetsartikkel.

Karakter: 6 (tentamen)

Sjanger:ArtikkelLastet opp:08.12.2011
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Ytringsfrihet
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



Land der det ikkje finnast ytringsfridom plar ikkje å vere medlemmer i FN. FN er en organisasjon som kjempar mot maktmisbruk, diktatur styre og brot på menneskerettane. Land som spesielt kunne bli dømt for å ha brote menneskerettane er land i Asia og Nord- Afrika. I denne artikkelen skal vi ta for oss teamet ytringsfridom, kva FN er og kva den står for, og kor og kvifor ytringsfridom blir brote.

 

FN og FN's barnekonvensjon

FN er ein organisasjon som arbeider for fred, tryggleik, utvikling og respekt for rettane til alle menneska. FN står for dei forente nasjonar (United Nations) og vart danna etter andre verdskrigen i 1945. FN vedtok menneskerettserklæringa i 1948. Ho går ut på at kvar og ein har rett til liv, fridom og personleg tryggleik.

 

FN's mål er at alle land som er medlemmer i FN skal ha politiske og sivile rettar. Det vil seie at innbyggjarane i eit land skal ha ytrings – og val fridom.

 

Menneskerettar er rettar som gjeld deg berre fordi du er eit menneske. Menneskerettane er udelelige 2og universelle1. Det vil seie at det er rettar som er like viktige for alle saman. Menneskerettane oppsto som eit resultat av at menneska var lei av og sjå at rettane deiras stadig blei brotne.

 

FN's konvensjon om rettane til barnet vart vedteke av dei Forente Nasjonane (FN) den 20. November 1989. Konvensjon er ei internasjonal avtale som er forpliktande for dei statane som har godkjent han. Barnekonvensjonen er ratifisert 5i Noregs lovar, og ligg over lovane og styre lovane våre som omhandlar problemstillinga. Barnekonvensjonen er FN's - konvensjon det er ei internasjonal avtale som handlar om rettane til borna. Han seier blant anna at eit barn er eit menneske med fullt menneskeverd, dei har eigne rettar og spesielle behov, og meiningane deira skal bli sett og høyrt.

 

Vegen til Europa det ''fri''
Kvart år kjem fleire tusen asylsøkjar til Noreg for å søkja asyl og få opphaldstillatelse. Ein del av dei er unge gutar i alderen femten til seksten år som har kome seg til Noreg for å få ei betre framtid. Grunnane til at dei kjem til Noreg er mange. Nokre av dei er at dei har vorte forfølgt og torturerete eller dømt for å ha sagt det dei meiner og ynskjer. Dei har kome hit med eit von om ei ljosare framtid. Dei veit at liv utanfor det landet dei kjem frå er mykje betre enn deira. Difor vel de å forlate familien sin, heimen sitt, landet sitt for å kome til ein stad der dei og borna deira betyr noko. Der dei kan seie, meine og gjere det dei vil utan at dei blir dømt og avretta. Der dei veit at ein ikkje blir dømt etter kjønn, religion, farge eller kultur som eit land som Noreg som i tillegg òg er medlem i FN.

 

Ytringsfridom

Ytringsfridom i eit land er naudsynt, fordi det er med å påverke samfunnet i form av tryggleik, rettferd, utvikling og maktmisbruk. Men diverre er det enno land som har diktatorar som leiarar. Land der dei, har eller har hatt ein diktator er Iran som har Ayatollah Khamenehi den religiøse leiaren, Egypt som hadde Hosni Mubarak, Nord- Korea som har Kim Jong-il, og mannen som det har vore veldig mykje omtalt om på TV Muammar Al- Gadaffi. Ein av mange grunnar til at desse nemnde diktatorane kom til makta er arv, korrupsjon 3eller gjennom militærkupp. Både Muammar Al-Gaddafi og Hosni Mubarak kom til makta ved eit militærkupp og støtte frå hæren.

 

Det iranske regimet
Det går ikkje ann å samanlikne den fridomen vi menneske i andre dele av verda har med med den fridomen innbyggjarane i Iran har. Landet styrast av presidenten Ahmedinejad og Ayatollah Khamenehi som er den religiøse leiaren. Han har teke veldig mange avgjersler som har sett igjen negative spor. Han og regimet skal avgjere absolutt alt. Han har avgjort at landet skal styrast av styresmaktene og at landet skal vere så religiøst som mogleg. Han har avgjort og avgjer ting som kva for ein klede innbyggjarane går i, kva dei deler med omverdenen, og det viktigaste av alt at folk ikkje skal ha ytringsfridom og at det ikkje skal vere noko form for demokrati4 i landet.

 

Når alt dette er med på å øydeleggje deira samfunn, livsstil og framtid må det gjerast noko med det. Det blir gjort demonstrasjonar overalt i verda idag mot det iranske regimet. Folk demonstrerer mot henrettelser av unge, leiarane, og undertrykking av iranske kvinner. Uansett kva for ein folkegruppe innbyggjarane i Iran tilhøyrer, kjem dei saman og prøver å kjempe mot det iranske regimet. Dei fleste demonstrasjonane i Iran endar opp med blodige gatekampar mellom demonstrantane og tilhengarane av det iranske regimet der fleire blir drepe og hardt skadd.

 

For berre eit par månader sidan kunne vi lese i avisene at sju personar skulle bli henrettet. Ein av dei var ein 29 år gammal mann, som truleg hadde vorte dømt for voldtekt. Han vart etter eit kort tid henrettet. Han fekk ikkje krav på ein forsvarar eller bli dømt etter lovar og reglar.

 

Pressen frå verdenssamfunnet hjelper i visse tilfelle med å stoppe tortur og henrettelser, men ikkje alltid. Å bli dømt og henrettet for å ikkje meine, seie eller gjere det regimet seier og ber om er vanleg i Iran. Det er heilt brutalt den måten det iranske regimet styrer landet på. Iran er ikkje ein del av FN, og dermed kan ikkje dei bli dømt. Men enno kan vi i det fjerne vest fortsetje å stå imot henrettelser og undertrykking.

 

 

2At menneskerettighetene er udelelige- at alle rettigheter er like viktige for alle.

1At menneskerettighetene er universelle betyr at de gjelder for alle

5Ratifisering – Fastsette

3Korrupsjon – er det å bestikke eller ta imot bestikkelse

4Demokrati -> Folkestyre


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

sondre
15.04.2012 16:04

Bra!
1
anbefalinger
Ingressen skal aldri være på mer enn 25 ord, du skulle egentlig hatt trekk for det.


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.012 sec - 1 pageviews