Søk i stiler
 

Det er betre å vere ein original, enn ein kopi


Handle om å føla seg som ein tilskuar te livet.

Skrivi på 10. trinn (tentamen).

Sjanger:FortellingLastet opp:15.06.2011
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Mobbing
Selvfølelse
Selvmord
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



’’Sjå på sikletrynet der borte!’’ ’’Haha, me går og bankar han opp!’’ Dette var slik ein vanleg dag byrja, truslar om bank etterfølgt av stygge kommentarar. Og kvar gong dette hende, blei holet i brystet hans større og større. Dei flerra det opp med kvart ord dei sa, og snart ville holet bli for stort, altfor stort for han å takle.

 

Ein time etterpå sat han åleine på eit grupperom, det var bare stillheita som haldt han med selskap. Han kikka ut vindauget, sola stod stolt på himmelen og skein av full styrke. Det var ein perfekt dag, men ikkje for han. Alle dagar var dei same for han, grå og utan meining.

 

Han var smartare enn dei trudde, kanskje han såg litt annleis ut men han hadde jo kjensler og ei sjel. Slik han såg det var det betre å vere litt annleis, enn å ver heilt lik alle andre. Han sat slik kvar dag, inne på dette trauste grupperommet og stira ut vindauget. Stira med tomme, blå auge som det lyste usikkerheit ut av.

 

Han følte seg alltid mindreverdig, når han ein sjeldan gong var ute i offentlegheita. Folk kikka på han som om han kom frå ein annan planet, tenåringsjenter gjekk fnisande forbi han, gutar med sårande kommentarar. Lærarane ensa han ikkje, han var oversett og misforstått.

 

Men gav dei han ein sjanse kanskje? Nei, dei tok seg ikkje bryet, valte heller den lette vegen, og det var å setje han inn på eit grupperom slik at han skulle unngå å få fleire vonde minner frå klasse’’kameratane’’. Men slik han såg det var det å isolere han vekk frå alle dei andre det stikk motsette av hans ynskjer. Kvifor fekk han straff for å vere annleis? Kunne ikkje lærarane stoppa mobbarane og prøva å skapa eit betre tilvære for han?

 

Han visste han ikkje var som alle andre, men var det ein grunn til å motta drit og få stikkande, stygge blikk frå medmenneske? Ikkje ifølgje samfunnsfagsboka han leste i nå. Der stod det at alle menneske var like mykje verdt, uavhengig av korleis dei såg ut, kva religion dei tilhøyrde, kva slags hudfarge dei hadde osv. Så kvifor blei han utelate, han var jo like mykje verdt som alle dei andre. Det einaste svaret han kom på var at dei nok ikkje hadde lest leksene sine denne veka.

 

Mens han sat der oppslukt av sine eigne tankar, høyrde han lydar utanfor rommet han sat i, så vart det stille ei lita stund, men så plutseleg; ’’Bank-bank.’’ Han skvatt, og kikka bort på døra, han var plutseleg usikker på kva han skulle gjere. Ingen banka på døra hans, aldri. For rommet han sat i var langt vekke frå alle klasseromma, rommet hans var avskore frå verda. Kroppen hans var som frossen til is, og han sat der å berre kikka på døra, som om det var det aller viktigaste i heile verda. 

’’Bank-bank’’ sa det igjen, dei ville visst ikkje gå, dei som stod utanfor ville ikkje gi seg før dei fekk eit svar. Han reiste seg med skjelvande bein, og tok eit steg om gongen, det føltes som om han tok sine aller første steg.

 

Når han endeleg kom seg bort til døra etter å ha brukt ein evigheit, måtte det ein kraftanstrengelse til for å lyfte armen bort til dørhandtaket og trekkje døra til seg. Han trakk døra så vidt opp, og myste ut for å sjå kven som hadde funne fram til det usynlege rommet.

 

Når han fekk sjå kven som stod utanfor, hadde han ynskje at han ikkje hadde opna døra likevel. Der stod den verste bølla på heile skulen, som hadde å såre folk som hobby. Dei stod og kikka på kvarandre, lenge, før bølla endeleg opna den store munnen sin. ’’Eg skulle berre levere nokre arbeidsark til deg, ikkje av fri vilje så klart, men eg måtte gjere det.’’

 

Før han kunne ta imot arbeidsarka, hadde bølla allereie opna døra og gått inn, i hans rom. Han stod der og studerte det, og sa med eitt fett glis ’’Kult, lite rom du har her da. Heldig som får lov å vere her heilt åleine, og gjere kva du vil.’’ Han stira på bølla, no lyste det noko heilt anna ut av auga hans, usikkerheita var borte og sinnet skaut ut som lyn frå klar himmel.

 

’’Heldig?! Heldig?! Eg sit her kvar einaste dag, utan nokon å snakke med. Eg får utlevert ein arbeidsplan som eg må jobbe med kvar einaste dag, sånn at eg ikkje skal ha for lite å gjere på. Og ikkje nok med det, så får eg truslar om bank, og slengt stygge ord etter meg kvar einaste dag.  Viss det er det du kallar heldig, så er det noko alvorleg gale med deg.’’ Han var heilt andpusten av å skrike, det var som om fleire års sinne endeleg hadde fått brote ut. Bølla stod der med store, runde auge av forbløffing og sjokk. ’’Ehm, unnskyld, det var ikkje meininga, eg blir berre lett reven med.’’

 

’’Er det unnskyldninga di, at du blir lett reven med?! Du må opne opp auga dine å sjå kva du gjer med folk. Eit meiningslaust ord for deg kan bety usikkerheit, tårer og vondt for dei du seier det til.’’ Han tok handa i lomma si, og greip tak i noko; ’’Holrommet i brystet mitt er for stort, du har reve det opp altfor mange gonger. Eg er her ikkje lenger, eg er kun ein skygge, og ein ting skal du vite: Alt er di skyld.’’

 

Mens han snakka hadde han tatt opp noko av lomma si, og han peikte den med dirrande hender mot bølla. Viss det var slik livet hans skulle utarte seg var det betre å ikkje ha eit liv i det heile tatt. For kven vil vel leve på sidelinja, og berre oppleve grå dagar?

 

I eit bortgløymd rom på ein skule kunne det bli høyrd eit skot, og det skotet var eit vendepunkt for alle på den skulen, elevar og lærarar. I ei skrivebok for samfunnsfag som hadde blitt funne på grupperommet, var ein einsleg setning skriven ned;
’’Det er betre å vere ein original, enn ein kopi’’.

 

Den setninga var det som møtte elevar og lærarar kvar dag, det pryda veggen på skulen, og var eit minne på korleis folk skal oppføre seg mot kvarandre. 

 

Men det måtte eit heilt liv til for at det skulle skje.


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

Terese
14.03.2014 11:04

Bra!
2
anbefalinger
Hva fikk du son karakter?  Smile :-\)


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.013 sec - 1 pageviews