Søk i stiler
 

Den mørke natten


En spenningsnovelle om sjalusi, hevn, hat og redsel.

Karakter: 6 (9. klasse, sidemål)

Sjanger:NovelleLastet opp:02.06.2011
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Angst/Redsel
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



Du trur du er trygg, går bortover vegen med bagen over skuldra og venninna di ved sidan av som ingenting har hendt. Eg kan ikkje la ho få fleire mistankar endå, da får eg ho alder meir for meg sjølv. Søren ein kvist knakk, eg nå trekkje meg tilbake, tilbake til der eg kan sjå alt det eg vil, men ingen kan sjå meg. Eg skal snart få hevn, hevn fordi du fekk meg i fengsel. Snart prinsesse, snart...

 

«Høyrde du det?» Det var oktober no, og lauv hadde byrja å blese ned frå trea, og det var nesten mørkt ute når dei to gjekk heim frå fotballtrening

«Kva då? Eg høyrde ikkje noko» sa ho.

«Ikkje? Eg trudde eg høyrde at ein kvist knakk eller noko, men det var kanskje berre innbilling.»

«Anne da, er det ikkje vanleg at ein kvist knekk ein gong iblant? Spesielt no om hausten?»

«Jo sikkert...»

«Kva er det, Anne?» sa Line, og såg bekymra opp på Anne. «Du ser bak deg heile tida, som om nokon følgjer etter oss, og du skvett kvar gong ein kvist knekk eller høyrer nokon går bak deg.»

«Nei, ikkje noko, eller jo kanskje, eg følar stikkande auger i nakken nesten heile tida, om skjønnar du kva eg meiner?» Det byrja å blese meir no og Anne drog jakka dettar om seg.

«Ja, kven trur du det kan vere, kanskje ein løyndom beundrar, ein som Brede kanskje? Sa Line og knisa.

«Haha, så ikkje morosamt, Line!» svara Anne, men ho byrja å skratte ho og.

«Men det kunne vore han da! Sa Line mens ho skratta lattermildt.

«Det er vel sikkert Brede», svara Anne.

«Ja, men eg må gå, hade, sjåast i morgon!» sa Line og gjekk opp mot huset sitt.

«Hade.»

 

Anne gjekk forbi huset til bestevenninna si og inn i den vante snarvegen i skogen. Ho hadde gått den mange gonger, så mange gonger at ho ikkje merka omgivnadene rundt seg meir. Ikkje det store treet ved dammen, der Erland hadde kyssa ho for fyrste gong og ikkje at ho måtte hugse å ta til høgre ved sia av busken. Det virka som det var fleire år sia han... «Uff, eg må ikkje tenkje på det, han er i fengsel, og han kan ikkje gjere noko meir mot deg» tenkte ho for seg sjølv.

Det var heilt mørkt no endå klukka berre var 9, og Anne såg nesten ingenting, unntatt lysa frå huset hennar som var 200 meter lenger burte. 

 

Den neste morgonen var ein kald laurdag, og kritkvitt rim hadde fargelagt landskapet ute. Alt vart så fredeleg, alt det triste hadde vorte burte, sletta, og alt byrja på nytt. «Akkurat som meg og Erland» tenkte Anne og sukka. Ho hadde sutte seg ned ved vindauge sitt. Ho hadde utsikt over nesten heile byen ved det vindauge, det fekk ho føle seg bra, ho hadde kontroll over kva som skjedde, og ikkje tenkte over kva ho ikkje hadde kontroll over. «Akkurat som då Erland gjorde det mot meg...» tenkte Anne og følte seg trist til sinns.

«raaw» sa magen hennar, «uff eg er så svolten» tenkte ho for seg sjølv og gjekk ned den gamle, knirkande trappa deira. Ho opna kjøleskapet, fann fram salaten frå igår og glei sakte ned på stolen. Mens ho åt tenkte ho på kva som hadde skjedd dei siste 4 dagane, kvist som knekk sjølv om det er vindstille ute, noko som skrapar mot grusen , som om nokon følgde etter henne, kjensla av at nokon ser på ho. Før ho hadde fått tenkt seg ordentleg om, hadde ho teken opp mobilen sin og slått numre til etterforskaren, Leah Lawler, som hadde etterforska saka til Anne.
«Dette er Leah Lawlers assistent, Ella Simmons, kva kan eg gjere for deg?»

Anne gav opp namnet sitt og personnummer, og spurte etter Leah.

«Ja, berre vent litt.» svara den altfor blide dama til ho, og ho hørte rasling i telefonrøyret.
«Dette er Leah, kva kan eg gjere for deg, Anne?» spurte den hjelpsame etterforskaren.

«Ja, eg lurar berre på ein ting, Erland, har er fortsatt i fengsel?» spurte Anne med skjelven stemme.
«Vent litt, så skal eg finne mappa di, kva var fødselsdatoen din att?»

Eg oppga det og høyrde rasling i papir.

«Ja, eg skulle akkurat til å ringje deg, Anne, det er vondt for meg å si dette, men Erland har visst rømt frå ungdomsfengselet sitt for 4 dagar sidan. Vi skal inngå ein umiddelbar valdsaksjon, som det heiter, det inneberer at du får....»

 

Anne stivna til, hadde ho høyrd rett? Hadde Han rømt? Da hadde alt dutte på plass, kjensla av å vere spionert på og skumle lydar. Ho kjente seg plutseleg kvalm, pulsen auka og hjartet byrja å banke fortare. Ho trykka på den raude knappen på mobilen og flykta opp på rommet. Berre der ho kunne tenke klart.

 

Ho la seg ned på senga si og ho tenke tilbake på kva som hadde skjedd for to månader sidan. Det virka så realistisk at ho nesten kjente det djupe kuttet på armen, og alle blåmerka sine som Erland hadde ære for.

 

Du har funne det ut nå, prinsesse. At eg har rømt. Du har ei dame med deg heile tida og, enten ho eller ho keisame venninna di. Men ein gong må du vere åleine, da skal eg vere der, vere på vakt, akkurat som eit rovdyr jaktar etter byttet sitt. Han lærer seg mønstret til byttet sitt, når det kjem rundt hjørnet, kva det gjør til ein kvar tid, til og med når det søv. Eg har ikkje sett på deg på lenge no, må ikkje bli for opphissa, men eg må vere tolmodig så eg ikkje skremmer deg heilt burt. Det er snart tid for det, prinsessa mi,du kjem snart til å sprekke av at dei keisame vennane dine følgjer etter deg, for da kjem eg og hentar deg. Du skjønner det, eg har planlagt dette ei lang tid, til minste detalj, kvar vi skal bu, kva eg skal gjere så du ikkje skal stikke av, korleis eg skal få livvakta di frå deg. Det er ganske enkelt eigentleg, berre ein telefon unna. Vi skal snart bli eit par att, prinsesse, berre vent å sjå....

 

Vekene kom, og vekene gjekk, Anne merka nesten ingenting av det som henda rundt henne lenger. Ikkje kva vennane hennar hadde sagt til ho,ho berre nikka så at dei skjønte at ho skjønte kva dei sa til ho. Ho gjekk på skulen, med Caroline, «livvakta» henna, møtte opp til alle timane sine, og så fulgte Caroline ho heimatt. Etter det sat ho alltid på rommet sitt, og såg utover byen til ho la seg. Ho gjekk nesten inn i ein transe berre gjorde det ho fekk beskjed om, men ho gadd ikkje å bry seg om å gjere noko av fri vilje lenger. Ho tenkte «kva var vitsen eigentleg?»

 

 Ein dag endra dette seg då Anne og Caroline gjekk heimatt frå fotballtrening, og Caroline småprata som vanleg.

«Anne, korleis går det på skula for tida?» spurte ho blidt. Det var kaldt ute no, sist i november og det bles kald vind frå nord. Når ho pusta kom det røyk ut frå munnen hennar, og det var stupmørkt ute.

«Bra»,svara Anne taust

«Karakterane då?»

«Bra,» svara Anne fortsatt taust.

«Anmerkinger då?» spurte ho, fortsatt like blidt.

«Bra, ingen», svara Anne

«Det var bra, da» sa Caroline.

«Kva med Line då? Er dykk bestevenninner fortsatt? Grov ho. Føtene deira subba ned i grusen ved sia av huset til Line.

«Ja.»

«riing, riiing» Carolines telefon ringte. Ho tok den opp og såg på displayet.

«Orsaking, eg må berre ta denne telefonen, det er son min som ringar, og han er åleine heime.»

«Ok.» hørte Anne seg sjølv si, og gjekk vidare bortover vegen. Caroline sakka av og prata med lav stemme inn i mobilen sin. «Ja, eg skjønner det, Andreas men- Ja ok da, eg kjem snart, hadebra.»

«Du Anne, det har skjedd ei lita krise heime» sa Caroline oppspilt når ho nådde Anne igjen.

«Kan vi berre skylde oss heim i dag, så eg kan kome meg heim? Eg veit det er mykje å be om, men Andreas har skada seg og-»

«Kan ikkje du berre gå i forvegen, Caroline, eg klarer meg sjølv, eg er ikkje ei lita unge lenger og det er ikkje sikkert at Erland er her eingong.» svara Anne, for ein gongs skuld, glad for at ho fekk gå åleine.

«Okei, tusen takk Anne» svara ho takknemleg og la på sprang.

 

Med eit angra Anne på at ho hadde latt Caroline springe i forvegen,spesielt sia ho nå gjekk inn i snarvegen. Nå var det ikkje så morosamt å gå åleine lenger. Trea såg ut som store,skumle skygger, og greinene greip etter ho ettersom ho gjekk inn i skogen. Ein kvist knakk rett bak ho, og ho fekk nesten hjartet i halsen. «Slapp av, det er berre ein kvist» sa ho til seg sjølv, men det hjalp ikkje mykje. Ho ensa det nesten ikkje, men ho sette opp farten til meir. Det byrja å blese også, så ho tok jakka tettare om seg. Med eit kjende ho det stikkande blikket att, som om nokon hadde sett augene i ho, og ikkje ville sleppe. Ho høyrde også noko som likna på fottrinn. Ho sette opp farten endå meir, og tenkte at ho snart var heime, og skulle komme seg under dyna veldig fort. Pulsen steig meir no, og ho vart meir og meir redd.

 

«Au!» skreik ho, ho hadde rispa seg på ei grein og kjende blodet piple fram på kinnet sitt, men fortsette å springe bortover vegen. Anne høyrde noko skrapa mot grusen, rett bak ho. Ho var nesten utmatta no, pusta og pesa som berre det. Hjartet hennar banka fortare og fortare, og adrenalinet pumpa i årane hennar. Då ho kjende ei kjølig hand på skuldra hennar, kyla ho baggen sin mot det ukjende og farlege. Ho høyrde det skreik, og det gav ho ny styrke, og ho fortsette å spurte bortover snarvegen. Ho var snart ved blokka hennar no, berre to meter til, så var ho innanfor døra. Ho sprang dei siste meterane og inn døra. «Yess, eg klarte det!» sa ho høgt og gjekk med skjelvane steg opp trappa og inn på rommet sitt og hadde att døra si.

 

Du var heldig i kveld, prinsesse. Du klarte å flykte denne gongen men eg skal nok klare å ta deg neste gang. Eg kjenner at du har vorte sterkare og, iallfall sidan eg slo deg førre gongen. Vel, det er du som skal få betale prisen, prinsesse. Ved å slå og flykte hjelper ingenting. Ikkje på meg, så du kan eigentleg berre gje opp. Men eg likar ein utfordring. Eg skal berre få hanskes med den stygge livvakta di, så er eg eigentleg i mål, skjønner du, det er berre du som manglar i mitt vesle spel. Men du skal snart få vere ein del i det, snart prinsesse, snart...


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

RetroGirl
05.10.2011 23:13

Bra!
2
anbefalinger
Skjönner at du fikk 6er ass, den var bra! Veldig spennende, klarte ikke å slutte å lese. Men det med tankene til han forfölgeren skjönte jeg ikke helt... skulle han kidnappe eller drepe ho? Super novelle ellers Wink ;-\)

Ole
29.09.2014 16:51

Bra!
1
anbefalinger
Er en del feil i syntaksen.

Lilli
27.01.2012 17:42

Bra!
0
anbefalinger
Hvar dette virkelig en 6er? Jeg ville ikke ha gitt den bedre enn svak 5. Grammatikken og rettskrivingen er bra, men det er for mye unødvendig dialog samt at historien virker overfladisk og usannsynlig.

June
08.10.2014 20:29

Bra!
0
anbefalinger
Det var veldig mye dialog, og når jeg leste den fikk jeg mer innrykk av at du skrev en fortelling.


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.017 sec - 1 pageviews