Søk i stiler
 

Du kom aldri tilbake


Ein novelle som handlar om Stian og saknet etter ekskjærasten hans.
Sjanger:NovelleLastet opp:26.05.2011
Språkform:NynorskForfatter:Anonym
Tema:Kjærlighetsproblemer
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook


Han ville ta ho med til parken, der fuglane kvitra i ein heilt spesiell klang oppe i dei grøne blafrande trea. Og vêret skulle vere heilt perfekt, ikkje for varmt, men akkurat slik at du kjende den rolege vinden stryke deg forsiktig på det ytterste hudlaget. Ho skulle danse elegant i det nyvakse graset.

 

Det var for to år sidan Stian gjorde sitt livs gjennombrot, sjølv om han berre var 14 år den gongen. Eit gjennombrot så stort at det gav ham endå meir status i vennegjengen og på skulen enn han hadde før. Han tok nemleg å spurde ho. Ho som var så fantastisk vakker utanpå og inni. Ho som låg klistra som tyggis på hjernen hans. Og som gjorde kjakane hans brennande heite kvar dag. Dei som berre hadde kjent kvarandre i ein måned. Stian som sykla forbi huset hennar nesten kvar dag, berre for å få eit ørlite glimt av dei lange brune skinande krøllane hennar, eller dei strålande blå augene hennar. Dei var skulen sine søtaste turtelduer.

 

Den siste tida har Stian gått på skulen som vanleg. Men han kunne ynskje han slapp. I fem månadar har det vore eit ork for Stian å gå på skulen. Geir Jacobsen, heiter han som tok skulen med storm, fekk seg vener på fem sekundar, blei kjærast med ho etter ei veke. Sleipare fyr finn du ikkje frå Nordland. Ufyseleg. Ho får auge på Stian. Stian får auge på ho. Geir merkar det, og legg handa si forsiktig på rompa til det einaste som eksisterar i tankane til Stian, ho. Geir har ei rose i handa og gir den til ho. Ho blir overglad. Stian kjenner igjen det overglade smilet. Det smilet pleidde ho å gi til Stian då dei låg i senga til Stian og stirra på kvarandre i fleire minutt,  berre Stian fortener det smilet.

 

Han saknar det, veldig mykje og. Det stikk i hjarte til Stian, vil ikkje sjå dei i lag. Det er Valentine's Day og Stian lengtar etter akkuratt dette tidspunktet for to år sidan. Fysisk er han klar til å gå vidare, men når tankane dine vil bu i fortida, går det ikkje.             

 

Stian står på kanten av den firemeter høge bryggja og ser utover fjorden. Så fantastisk vakkert, men samstundes ganske farleg. Regndropane renn nedover dei uskyldige kinna til Stian. Han sprett utover i lufta.                                      

 

Han ville ta ho med til parken, der fuglane kvitra i ein heilt spesiell klang oppe i dei grøne blafrande trea. Og vêret skulle vere heilt perfekt, ikkje for varmt, men akkurat slik at du kjende den rolege vinden stryke deg forsiktig på det ytterste hudlaget. Ho skulle danse elegant i det nyvakse graset.

 

Ho heiter Caroline. Stian sin fyrste og siste kjærleik.


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

[Insert name here]
03.06.2013 19:11

Bra!
0
anbefalinger
Jeg er ikke noe særlig god på nynorsk rettskrivning, men denne teksten var søren meg bra!


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.015 sec - 1 pageviews