Søk i stiler
 

O julebord med din glede


Ei realistisk framsyning av julebordets gleder
Sjanger:KåseriLastet opp:10.11.2001
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Jul
Fest
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook




No er det høgsesong for lutefisk og allsong, og dermed dei berykta juleborda. I løpet av desember går dei fleste på minst ein av desse sosiale samankomstane, uvisst av kva slags grunn. Eg har sett opp tre alternativ: Anten går dei for å ete seg mette, drikke seg fulle eller kome seg inn med sjefen. I alle høve går det som regel galt. Eg skal no gje ei realistisk framsyning av kva eit julebord verkeleg inneber (Åtvaring: Sidan eg sjølv er hokjønn, vil denne framsyninga berre vere realistisk sett med kvinneauge.).

Førebuinga til julebordet tek til allereie i juli. Då byrjar dei tilsette å snakke om kor dei trur det blir halde i år, kva som blir servert og kven som finn kvarandre før kvelden er omme. Som oftast veit dei dette på førehand, sidan firmaet neppe bryt med tradisjonane og byr på pølse og ertestuing som ein ny vri. Det einaste dei då treng å lure på, er om frøken Hansen og herr Jakobsen kjem til å kline før eller etter desserten. Det kan i og for seg vere spanande nok, men det er ei anna sak.


Neste steg er å vente på innbydinga, medan du fortvila prøver å finne ut kva du skal ha på deg. Kjolen frå i fjor fekk ein overdose ribbefett og toler ikkje fleire julebord. Der står du framfor klesskapet og klagar din naud: ”Eg har ikkje noko å ha på meg!”, sjølv om skapet bular ut både her og der. Men som kjend: Det er svært lite som tek så mykje plass som ikkje noko å ha på seg.

Når klaginga til slutt opphøyrer, gjeld det å springe til næraste klesforretning og finne ein kjole snarast mogleg. Skulle marerittet hende, at ein ufordrageleg kollega troppar opp i same kreasjonen, veit ein i alle fall kven som var fyrst ute! Og medan du står der utan klede i prøverommet, med famnen full av festlege gevant, omgjeve av speglar på alle kantar, ynskjer du at du aldri hadde takka ja til julebordet i år.

Den store dagen kjem, og etter timar framfor spegelen oppstår eit nytt problem: Motparten vil ikkje vere med. Han har funne ut at han heller vil sjå herrestafetten i langrenn enn å gå på julebord med deg. Du freistar å overtyde han, du blir arg og du smiler søtt, men han ser ikkje ut til å gje seg. ”Neinei,” seier du, ”då går eg åleine. Herr Johnsen skulle halde av plass til meg.” Merkeleg for ein verknad herr Johnsen har på enkelte mannfolk, du! Vips, så er dressen på, og han står og viftar med bilnøklane og ropar at du må skunde deg.

Vel framme på julebordet blir du og din ein smule furtne motpart ynskja velkomne av sjefen din. Etter eit par velkomstdrinkar og litt småprating er det tid for den eigentlege meininga med julebordet: Maten. Du er i ferd med å forsyne deg grovt av både ribbe, pinnekjøt og surkål, men kjem plutseleg til å tenkje på den nye kjolen som skal vare eit par veker til, og sansar deg. Dermed endar du opp med to bitar pinnekjøt, ein bit ribbe utan svor og eit par små potetar. Surkål har du ikkje lyst på lenger.

Under måltidet sit du og følgjer diskré med på kva frøken Hansen og herr Jakobsen gjer. Sjå, dei har allereie byrja kaste lange blikk på kvarandre. Var det ikkje det du visste, kanskje? Oppmuntra av at du fekk rett i år og, går du vidare til å følgje diskré med på kva sjefen din gjer. Du har høyrt at 10% av alle kvinnelege tilsette har hatt ein affære med sjefen, og julebord er det perfekte høvet til å oppnå kontakt. Sanneleg ser ikkje frøken Larsen litt merkeleg ut. Tenk å flørte sånn med sjefen i all offentlegheit – det ville aldri du gjort! Jau, kanskje om du fekk litt høgare løn, men det seier du ikkje så nokon høyrer!

Så hopper vi glatt over desserten, sidan han går ut på det same som middagen (berre at ribba er bytta ut med karamellpudding), og går vidare til festinga utover kvelden. Når eg tenkjer meg om, hoppar vi over det og, sidan eg helst ikkje vil gå i detaljar. Det har heller ingen stor innverknad på resten av denne realistiske framsyninga at frøken Hansen og herr Jakobsen finn kvarandre i ein krok, at frøken Larsen forsvinn saman med sjefen eller at herr Johnsen til slutt sovnar under bordet.

Vi hoppar fram til 2-tida på natta, når du finn ut at no er det kanskje på tide å tenkje på heimvegen. Men som alltid tek det ganske lang tid å tenkje på heimvegen, særlig når din no feststemde motpart slett ikkje vil tenkje på det same. Du byrjar med små hint som å sjå på klokka, gjespe litt, kome med halve setningar som: ”Nei, det er vel på tide å…” og ”Jøss, er klokka…”, men blir fullstendig oversett (Det er ei kjend sak at menn berre tek eit hint når det kjem rekommandert.). Så går du litt lenger og tek til med leitinga etter veska di. Du finn ho til slutt under bordet – under herr Johnsen. Innan den tid er klokka blitt halv tre, og du er blitt litt småsur. I tillegg må de gå heim, sidan båe har drukke og det ikkje er ei drosje å sjå i nærleiken. Etter mykje om og men får du då din motpart med på å forlate åstaden, og ruslar heimover medan du frys og ynskjer du hadde kjøpt ein kjole med lange armar.


Vel heime igjen hugsar du så vidt å fjerne sminka før du stuper til sengs, vel vitande om kva som blir det store samtaleemnet i lunsjpausen på måndag. Og med det sluttar eg av denne realistiske framsyninga av julebordets gleder, og ynskjer deg lykke til med dine eigne julebord i år. Måtte ribbesvoren vere ordentleg stekt.

Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

Julie
13.06.2008 18:00

Bra!
0
anbefalinger
Syns dette var skikkelig bra eg. veldig morsomt til tider, men kanskje litt ferre vitsar på slutten, så dabba ørlite granne av. du er flink til å finna på små ting inne i teksten som får leserene fanga igjen og igjen.
les klasseturen og Christina's world,,,legg igjen en komentar,,,så blir eg glad. Razz :-P


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.012 sec - 1 pageviews