Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Dei sju underverka

Dei sju underverka

Temaoppgave om natikkens sju underverk. Kar: 6 (10. kl)

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
10.11.2001
Tema
Historie



Fantastisk, men dyr arkitektur.

Alle dei sju underverka vart bygd mellom år 2600 f.Kr og år 300 f.Kr. Dei vart først og fremst berømt for den fantastiske arkitekturen og dei voldsame utsmykkingane. Det var ikkje spart på noko når dei vart bygd. Ofte tok det fleire år, fordi dei måtte ta pausar til dei fikk rå til å fortsette. Det vart brukt mykje gull, elfenbein, ibenholt og edelsteinar til å pynte underverka, og det var delvis derfor dei var så grueleg dyre. Ofte var dei pynta med statuer som førestilte gudar, sterke dyr som skulle forsvare dei og krigarar. Desse statuane var både laga av gull, bronse og leire. Dei var der for å verne og hjelpe. Ein annan faktor var at dei fleste underverka var usansynelig høge. Dei fleste var over 40 meter, og det trengtest mykje materiale for å få så høge bygningar stødig.

Religiøse motiv.

To av underverka, fyrtårnet og mausoleet, hadde ein viss nytteverdi. Dei vart bygd fordi dei skulle brukast til noko, ikkje berre fordi dei skulle være fin. Det vart likevel ikkje spart på noko når det gjald arkitekturen.

Bortsett frå Babylons hengande hagar, var alle andre byggd med tanke på noko religiøst. Zevs-statua, Artemis-tempelet og kolossen vart alle bygd for å ære ein gud. Religion sto på den tida mykje sterkare enn kva den gjer no. Arbeidarar jobba dag og natt for å lage tempel til ære for gudane og folk ofra ofte mykje av pengane sine til gudane. Desse pengane vart brukt til å lage tempel og liknande. Alle var dei ein møtestad for religion. Det siste underverket, Babylons hengande hagar, vart bygd som ei gåve frå kongen til dronninga.

Låg i området rundt Middelhavet.

Både Zevs og Artemis er gudar frå gresk mytologi. Dette er ikkje tilfeldig, for dei alle underverka låg i området rundt middelhavet. Zevs-statua låg i Hellas, fyrtårnet og pyramida ligg i Egypt og resten i Tyrkia. Grunnane til dette er mange. Folk frå landa rundt Middelhavet, spesielt grekarane, var veldig flink innan arkitektur og bygging. Dei var mykje lengre komme enn det vikingane var opp i Noreg, og bygde mange fantastiske bygningar, ikkje bere underverka. Det var folk som jobba kunn som arkitektar, akkurat slik som no. Dei kunne halde på fleire år med byggverka sine og annsette både snikkarar, arkitektar, kjeramikarar, skulptørar og folk som kunne med utsmykking for å få at det skulle bli finast mogleg. Dessutan hadde dei mange slavar til å gjere det tunge arbeidet. Det har bli sagt at det døyde fleire slavar for kvart nye byggeprosjekt, og dei som døyde vart bere mura inn i veggen, slik at dei slapp å begrave dei.
Ein annan grunn var at Middelhavet var ein ypparleg eksportveg. Fanst ikkje det materialet ein trengde i landet var det berre å sende ein båt til eit land i nærleiken, og gjere ein byttehandel med dei. På denne måten var det enklare både å skaffe seg materiale og å få det dit det var trengt.

Artemis tempelet.

Tempelet låg i oldtidsbyen Efeos, i det som no heiter Tyrkia. Det blei påbegynt ca. 560 f.Kr. og det tok hundre år før det var ferdig.
Grunnmuren hadde form som eit rektangel. Den var 130 meter lang og 70 meter brei. Heile tempelet var laga av marmor og hadde 120 marmorsøyler, alle var 20 meter høge. Inngangen vendte ut mot marknadsplassen, og hadde lange marmortrapper som førte til døra. På marknaden sto det seljarar som selte kopiar av tempelet og statuer av Artemis til dei som besøkte det.
Tempelet hadde mange kunstverk, både bilde og statuer. Midt i tempelet sto det ei statue av Artemis, gudinna for jakt og urørt natur. Tempelet var bygd til ære for ho. Folk i Efeos gav alt overskotet dei hadde når veka var ferdig til tempelet, som ei ofring til gudinna.
21. juli i år 356 f.Kr. tente Herostratos i eit forsøk på å gjere namnet sit udødeleg. Dette skjedde same natta som Alexander den Store vart født, og folk sa at Artemis hadde vore så opptatt med å assistere under fødselen, at ho ikkje hadde tid til å passe på tempelet sitt. Folk byrja å restaurere tempelet, men sidan dei hadde så lite peng tok det lang tid. Då Alexander den Store erobra landet betalte han peng for at dei skulle bygge opp tempelet, nøyaktig slik som det var. Det vart like vakkert som det hadde vore og fekk stå slik i 5000 år.
Goterane øydela tempelet i år 262, men Efesarane sverga at dei skulle bygge det oppatt. Det gjorde dei, men ikkje lenge etter lot dei seg kristne og tempelet mista den sentrale rolla si. På grunn av eit stor flodbølgje rasa heile tempelet saman. Ingen hadde interesse av å bygge det opp at, og litt etter vart byen forlatt.

Det einaste som står igjen av tempelet no er nokre ruinar og ei søyle som er blitt bygd opp att av bitar som er blitt funne i området

Khepospyramida.

Pyramida er den einaste av dei sju underverka som endå står, sjølv om den er det eldste. Den blei påbegynt i 2575 f.Kr. og det tok 20 år før den var ferdig.
Den ligg i byen Giza, ikkje så langt frå Kairo. Giza tyder grense, og markerte tidlegare grensa mellom ørkenen og den dyrka marka i Egypt. Khepospyramida er ei av tre pyramider som blei reist i lag, men berre den blir rekna som eit av dei sju underverka.
Grunnmuren var kvadratisk, og kvar side var 230 meter langt. Den var 147 meter høg, og var på verdas høgste byggverk i 4000 år. No har den sunke 10 meter og er 137 meter. Sidene skråar i 54 graders vinkel oppover, og kvart hjørne peikar nøyaktig mot ei av dei fire himmelretningane. Det er brukt 2 300 000 steinblokker, og det måtte 100 000menn til for å bygge den.
Det er usikkert korleis steinblokkene blei satt på plass, men mest truleg blei dei gnidd inn med gjørme og heist opplangs sidene av fleire arbeidarar. Kvar steinblokk var så nøyaktig skjært at det ikkje finnes nokre sprekker i heile pyramida.
Utvendig var pyramida dekt av polerte steinblokker, men no er mange av desse blitt stjelt.
Den blei bygd som ei grav til faraoen Kheops. Den blei bygd av faraoen sjølv, og han brukte det meste av overskotet landet til å bygge den. Kroppen til Kheops låg i ein sarkofag av granitt inne i eit stort gravkammer midt i pyramida. Veggane der var laga av raudgranitt, med lister av gull.
Mumien er dessverre ikkje der lengre, sjølv om kammeret blei stengt av store dører i granitt.

Babylons hengende hager.

”Babylons hengende hager” låg på bredda til elva Eufrat, ca. 50 km sør for Bagdad. Det er ikkje gjort arkiologiskefunn med restar frå hagen, men det er blitt skrive og fortalt veldig mykje om dette underverket.
Hagen blei bygd om kring 600 f.Kr. Det var Kong Nebukadnesar 2. Som fekk hagen bygd. Han bygde den til den dronninga si, Amytis, fordi ho hadde heimlengsel. Hagen skulle minne om korleis det var i dei persiske fjella, der ho kom frå.
Babylon, som betyr Guds port, var på denne tida den største byen i Midtausten, med 200 000 innbyggarar. Nebukadnesar hadde bygd ein kjempe stor mur rundt heile byen.
Dei mest detaljerte skildringane av hagane kjem frå greske skrifter.
Dei hengande hagane var lagd i terrasser, og den øvste terassa var over 40 meter over bakken. Det var planta alle slags planter og blomstrar der. Dei var henta frå alle moglege plassar i riket og vart frakta til Babylon med vogner og båtar. Plantene var brukt både til medisin, mat og pynt. Det var også mange eksotiske dyr i hagen. Sjølv om det heile vart vatna av eit kunstig vatningsanlegg, med pumper og kanalar, var hage bygd nærme vatnet, slik at det skulle bli lettare å få tilgang til vatn. Det var også mange kunstige fossar og elver i hagen, slik at jorda skulle holde seg fuktig.

Zevsstatua.

Zevsstatua sto i Olympia, senteret for gresk mytologi. Olympia kjem av fjellet Olympen, der ein meinte at gudane levde. Zevs var kongen over alle dei greske gudane. Dei olypiske leikane vart haldt for Zevs si skyld. Då slutta alle å krige og samla seg i Olympia for å kjempe og tilbe Zevs. Zevstempelet vart bygd av folket i Olympia i år 500 f.Kr. til ære for Zevs. Det var teikna av arkitekten Libon. 34 søyler, som var over to meter tjukk, haldt oppe tempelet. Taket var laga av marmorfliser.

Inne i tempelet sto ei stor statue av Zevs, av gull. Statua vart laga av ein gresk skulptør som heite anten Feidas eller Pheidias. Han hadde tidligare laga mange andre statuer.
Zevs satt på ei trone av ibenholt og kostbare steinar. Statua var 13 meter høg, og var laga slik at folk kunne klive opp til toppen og sjå på fjeset til Zevs.
Sokkelen som Zevs satt på var 6,5 meter brei og 1 meter høg. Den var laga av gull, edelsteinar, elfenbein og ibenholt og den var dekorert med forskjellige figurar frå greskmytologi.
Det kom ofte rike kongar som gav gåver til statua og ein brukte då å dekorere den med det den hadde fått.
I følge legenda ville ein keisar med namn Caligula flytte statua til Roma i år 40 e.Kr. Då arbeidarane kom til statua for å flytte den, kom kjempestatua med eit latterbrøl og alle arbeidarane flykta.
Seinare kom kristendommen til Hellas, og dei kristne stengte alle dei greske templa. Då vart statua flytta til Konstantinopel, men der vart ho ramma av ein brann, og den vart heilt øydelagt.
Det vart laga mange små kopiar av statua, men ingen av desse finnes i dag, så det er umogleg å vite sikkert korleis den ser ut, sjølv om arkeologar har funne ruinane etter tempelet.

Mausoleet i Halicnarnassus.

Mausoleet låg i byen Bodrum, som før heite Halicnarnassus, i sør, vest-Tyrkia. Då perserane utvida riket sitt til fleire av lande i Asia, India og Syria, greidde ikkje kongen deira å styre alt sjølv. Provinsen Caria låg så langt vekk frå den persiske hovudstaden at var så å seie sjølvstyrt. Der herska kong Maullos. Han hadde eit veldig kjedelig liv, og bortsett frå mauloseet har han ikkje gjort noko minneverdig.
Han gifta seg med søstera si Artemisa, og ville bygge ei kjempegrav til seg sjølv og ho. Kongen døde før dette byggverket var ferdig, men dronninga sørga for at det blei avslutta.
Grunnmuren hadde form som eit rektangel, og sidene var 30 og 40 meter lange. Veggane utvendig var dekorert med statuer av alle slag. Det var fult av søyler inne i mausoleet. I midten låg gravkammeret. Der lås oska til kongen og dronninga i eit gullskrin. Rundt det sto det mange løver i stein for å vakte dei. Alt dette låg oppå ei kopi av eit gresktempel, som var omringa av søyler og statuer. Oppå der igjen var det ei lita pyramide, og på toppen var det ei statue av fire hestar som drog ei vogn. Opp i vogna satt det to statuer av dronninga og kongen.
Heile byggverket var 45 meter høgd, og var fordelt slik: 20 meter på podiet, søyleranda 12 meter, pyramida 7 meter og statua på toppen var 6 meter.
1800 år etter at det var bygd vart mausoleet ramma av eit stort jordskjelv, som øydela heile greia. Tidlig på 1500-talet bestemte nokre kristne riddarar seg for å bygge eit slott i nærheita av mausoleet. Dei brukte då steinar der i frå til muren. Slottet står er den dag i dag og ein kan framleis sjå steinar frå Mausoleet. Riddarane fann også gravkammeret, men dei lot det stå ubevokta og det vart plyndra.
Arkeologar fann på 1800-talet mange av dei flotte statuen frå mausoleet, og dei står no på British Museum, i England.
Det er frå dette byggverket at ordet mausoleum, som blir brukt til store graver, kjem frå.

Kolossen på Rhodos.

Kolossen låg ved inngangen til hamna på øya Rhodos i Hellas.
Folket på øya ønska å være uavhengig og ikkje bli styrt av nokon på land. Dei vart likevel erobra mange gongar. Ein gong, når dei var fri, kom det nokre grekarar å prøvde å erobre dei, men folka på Rhodos vann. Dette ville dei feire og dei selte alt utstyret grekarane hadde langt att. Pengane dei fekk for det brukte dei til å bygge ei kjempe statue av solguden Helios, som takk for att han beskytta dei.

Før blei det trudd att kolossen sto på skrevs over hamna, men dette er feil. Det sto sansynelegvis litt aust i hamna.
For å bygge statua måtte arbeidarane støype dei ulike delane i bronse først å så sette dei saman etterpå.
Sokkelen er laga i kvit marmor. Oppå der blei føtene og oklane festa, og så sat dei fast resten av kroppen oppå der igjen. Etterpå det fylte dei statua med stein og jern for å gjere den stødigare. For å få sett på hovudet måtte dei bygge ei høg jordrampe rundt statua, for den var 33 meter høg!!
Kolossen sto ikkje i meir enn litt over 50 år. Det knakk knea under eit jordskjelv, og folka på Rhodos vart råda av orakelet til å la den ligge. Det gjord den også i 900 år. Då vart øya erobra av syrarar, som frakta kolossen til Syria. Der blei den omgjort til bronsemyntar og brukt som peng.
Det var kolossen som inspirerte den franske skulptøren Auguste Bartholdi til å lage frihetsgudinna.

Fyrtårnet på Pharos.

Av dei sju underverka var det berre eit som hadde ein viss nytteverdi, fyrtårnet på Pharos. Det var der for å sikre att alle sjømenn kom seg trygt tilbake til hamna.
Fyrtårnet ligg på Pharos, som er eit nes i byen Alexandria i Egypt.
Ptolemy Soter, som grunnla Alexandria meinte at på grunn av ei flat kystlinje og dårleg sikt var det nødvendig å bygge eit stort fyrtårn der. Det blei påbegynt i år 300 f.Kr. og blei ikkje ferdig før han døyde, men sonen hans fortsette og fekk gjort det ferdig.
Fyrtårnet besto av tre delar. Den nedste delen var 55,9 meter og hadde form som ein rektangel. Der nede budde arbeidarar og soldatar. Delen i midten var hadde form som ein åttekant, der alle sidene var 18,30 meter lang og 27,45 meter høg. Den nedste delen hadde og sylinder form og var 7,30 meter høg. Bygget vart til saman 117 meter høgt, noko som tilsvarar ei 40 etasjes moderne bygning. På toppen av det heile sto ei statue av Poseidon eller Zevs, det er mange ulike teoriar.
Om dagen vart det brukte eit stort speil til å reflektere sollyset, slik at det varsla kor det var land henn. Det blei sagt at det lyste over 50 km unna. Om natta brukte dei eld til å lyse med. For at den skulle vises godt nok hadde dei montert bronseplater bak, noko som reflekterte lyset veldig bra. Dette fyrtårnet trengde mykje ved, og dei fleste arbeidarane som budde i 1. etasje måtte hogge ved heile dagen.
Då arabarane invaderte Egypt flytta dei hovudstaden til Kairo, fordi hamna i Alexandria var så full av gjørme at den var umogleg å bruke. På denne måten vart Alexandria stadig mindre brukt. Ved ein feiltaking vart speilet tatt ned, og ingen brydde seg om å sette det opp att. Like etter kom det tre kraftige jordskjelv og bygninga fekk store skadar. Likevel greidde nokre muslimar å bruke ruinane til eit militærslott som står der enno.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil