Søk i stiler
 

DÅRLIG TID


Kåseri om å ha dårlig tid. Kar: 6.
Sjanger:KåseriLastet opp:10.11.2001
Språkform:NynorskForfatter:Anonym
Tema:Tidsperspektiv
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook

Det er ganske merkeleg. Uansett kor mykje tid du har til gjestane kjem, så har du nesten aldri nok. Det er ganske pussig. Det ser jo ut som du har meir enn nok tid berre eit par timar før dei kjem. Du har rydda, vaska golvet, dekka bordet, og det einaste som gjenstår, er å lage maten og å støvsuge under bordet der det ligg popkorn frå her om dagen. "Dette skal eg klare. I dag skal eg endeleg ha god tid. I dag skal eg sitje og vente på at dei ringjer på døra." Du sett på ein stor kjele med vatn, og så byrjar du å skrelle poteter. Du slår på radioen. Du kan høyre på noko mens du likevel står der. Så, mens du står der med hendene i vatnet og skrellar, og fingrane skrumpar inn som rosiner.... Kva skjer då? Jo, nesten så sikkert som presten i kyrkja; telefonen ringjer. Du sleng frå deg poteta du har i handa og spring bort til telefonen. "Hallo? Hallo!? Er det nokon der?" Du spring bort til radioen og slår han av, for så å springe til telefonen att. Du prøver deg igjen. "Hallo?" No svarar det i den andre enden. Det er bestemor som berre ringjer for å prate. Du tenkjer at du har jo så god tid, så det kan ikkje gjere noko om du tar deg ei lita pause. Mens du sit der og pratar, så ser du kan hende rundt deg og oppdagar støvsugaren som står klar til bruk på teppet under bordet. Han må du hugse på før gjestane kjem.

Du har gått lei av bestemor og svarar bare "ja" og "mm" utan eigentleg å vite kva det er ho pratar om. Brått høyrer du eit fres som frå den argaste katt, og du skjønner at det er vatnet som har kokt over. Så høfleg som mogleg får du avslutta samtala med bestemor og går ut på kjøkkenet for å setje til side kjelen. Tilbake til potet-skrellinga. Du ser på klokka, og framleis er det ein time att til dei kjem. Du puttar potetene i kjelen, sett på lokket og skrur på den kreative "tidtakaren" som er forma som eit egg.

Etter potetene så er det kjøtet som står for tur. Du må få tina filetane og tar fram den nye "tineplata". No får vi sjå korleis han fungerer utanfor TV-studioet. Etter at ti minuttar har gått og det ikkje er ymt til ei einaste dråpe på plata, finn du ut at det ikkje har noko særleg for seg og sender ein åndeleg takk til tante frå Ålesund for at ho misforstod ønsket til søstera di og kjøpte tineplata "defrost" i staden for cd-plata "Frozen" av Madonna. Mikro-omnen er nok den einaste løysinga på dette problemet. "Då får eg hakke lauk og skjere soppen då", tenkjer du og finn fram ei skjerefjøl. Du tenkjer at det må vere lurt å setje fjøla under kjøkkenvifta for å unngå å få tårar i auga, og nøgd med ideen set du frå deg fjøla og går til kjøleskåpet for å hente det du treng. Mens du gjer dette, ringjer det vesle kvite egget lystig, og du tenkjer at no er i alle fall potetene ferdig kokt. Du går bort til kjelen og merkar at det luktar litt svidd. Du tek av lokket på potetkjelen og stikk i ei potet for å sjekke om han er ferdig kokt. Poteta er like hard som då du la han ned i vatnet, og då du kjenner på vatnet, så er det berre lunke. Du ser ned og oppdagar at du gløymde å setje tilbake kjelen i stad då han koka over. Du ser óg at du har sett skjerefjøla på den plata som var varm, og at lukta kjem i frå fjøla. Ho har blitt heilt svartsvidd, og du spring bort til vasken for å skylje ho. Berre ein halvtime igjen til dei kjem. Du får endeleg sett potetene på riktig plate og hakka opp lauken og soppen i klassisk Brimi-stil. Kjøtet har tina som det skulle, og det ser igjen ut til at du er herre over ditt eige kjøkken.

No får du byrje på sausen. "Sausen må du lage frå botnen av, då blir han best", hadde bestemor sagt. Toro ligg nok ikkje langt etter, tenkjer du og finn fram posane. Dette er jo ikkje vanskeleg, det er berre å følgje instruksane på pakka. Du sett på ei plate til. Du tek óg fram stekepanna og sett på plata der óg. Akkurat då ringjer det på døra. Du går for å sjå kven det kan vere og håpar at det ikkje er nokon av gjestane som har bestemt seg for komme for tidleg. Du opnar døra, og heldigvis så er det berre to små ungar som sel lodd for handballaget sitt.

Du kjenner den eine, og så er du nøydd til å kjøpe nokre lodd. Dei skriv opp namnet i den tradisjonelle halve kladdeboka, og du føler at du har gjort ei god gjerning, sjølv om pengane sikkert ikkje blir brukt på dei stakkars ungane, men på dei eldre utøvarane i laget som er villige til å satse. I alle fall, på vegen tilbake til kjøkkenet, skrur du på ein ekstra varmeomn, og da blir alt mørkt. Ikkje berre mørkt, men heilt mørkt. Du har overbelasta sikringen, og du må skifte han ut. Du fomlar deg fram i mørkret, og nokre velvalde gloser slipp ut, men finn til slutt sikringsskåpet. Der ligg ei lommelykt, og du får skifta sikringa. "Bli lys", tenkjer du. Du kjenner deg nesten som Gud, der du går. På vegen tilbake til kjøkkenet, i frykt for at ei ny katastrofe har skjedd, får du igjen auge på støvsugaren og popkorna på teppet, men heldigvis har det ikkje skjedd noko gale denne gongen.


Håpet om at du skal rekkje det innan gjestane kjem, er der framleis. Du steiker kjøtet, soppen og lauken og sett det klart til servering. Potetene har endeleg blitt ferdig kokt, og sausen blir perfekt, utan ein klump. Du legg opp ein plan for korleis du skal gjere det dei siste minutta. Du går for å skifte, men på vegen tenner du opp i peisen, slik at den skal ha skikkeleg fyr til dei kjem. Du tenkjer at du skal skifte og så komme tilbake og støvsuge under bordet. Du kler deg, men blir avbrote av ein pipande lyd før du får på deg slipset. Du spring ut i stua, og når du kjem dit, så slår røyken i mot deg, og du skjøner raskt at du har gløymt å opne spjeldet før du tende i peisen. Du får opna spjeldet, opna vindauga, slått av røykvarslaren, og etter nokre få minuttar så er det igjen tåleleg luft i rommet. Akkurat då ringjer dørklokka på nytt, og du kastar eit kort blikk på klokka. Akkurat sju, og då må det vere gjestane som kjem. Du går for å opne døra, og ikler deg ditt beste smil. Når de så kjem inn i stua for å setje seg, ser du med eitt at støvsugaren står der framleis, og at popkorna ligg der fredeleg på plassen sin.

Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

Jenny..!
14.04.2004 21:42

Bra!
10
anbefalinger
deinj hær va råååååååååå bra.. akkurat i blenken før i mårro.. takk før låne.hehe..

helene
26.10.2006 19:35

Bra!
8
anbefalinger
denne var virkelig morsom Very Happy :-D den beste jeg har lest i dag! synes den var verdt en 6er jeg... Smile :-\)

Trond
06.05.2004 17:19

Bra!
6
anbefalinger
Kan ikke si denne var så dårlig, bra fremstilt...  Wink ;-\)

milla
12.03.2006 21:29

Bra!
5
anbefalinger
bra, men kanskje ikke helt en 6' er?...

Jenny 2
22.09.2006 11:47

Bra!
5
anbefalinger
Dette essayet var bra. Artig slutt. Alt gikk jo galt. Og hva kan vi lære av dette, mon tro. Jo, at det ikke lønner seg å stresse, og heller ta en ting av gangen.

andrè
23.11.2006 15:39

Bra!
5
anbefalinger
kjempebra Very Happy :-D. Har helt idetørke foran nynorsk-heldagsskrivinga i morgen. Dettte kåseriet var det jeg trengte får å få litt ideer.
Det minner meg litt om bursdagen min..

Aces
21.05.2007 10:43

Bra!
5
anbefalinger
Denne var virkelig morsom! Absolutt en 6`er

kristine
27.01.2009 12:09

Bra!
5
anbefalinger
Morsomt, meen dette var definitivt ikke en 6'er stil.  Smile :-\)

benjamin sollie
23.10.2013 10:44

Bra!
4
anbefalinger
denne var dårlig

Ida
18.09.2014 19:50

Bra!
4
anbefalinger
Kjempebra kåseri!



08.12.2009 21:15

Bra!
3
anbefalinger
veldig bra!

alinea
24.09.2013 10:15

Bra!
2
anbefalinger
dette er plagiat!!!!;-P

alinea
24.09.2013 10:17

Bra!
1
anbefalinger
les" jeg har 12 klokker"...
da da da daaaaaa!

Per, pål og espen askeladd
14.11.2013 14:14

Bra!
0
anbefalinger
velig bra.............. tykkje jå


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.014 sec - 1 pageviews