Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Før og no

Før og no

Denne stilen handler om forandring. Alt går som normalt før det plutselig skjer noe som ikke skjulle skjedd.

Karakter: 5 (10. klasse)

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
20.03.2011


Eg vakna av meg sjølv, noko som er veldig sjeldan for meg å gjere. Faktisk er det over ein time til skulen starta. Eg la meg ned att, sat på vekkarklokka, kraup meg godt under dyna og sov til att. Mørket hadde byrja å forsvinne, og dagslyset og sola er på veg opp. Eg kunne høyre fuglane som song til kvarandre utafor og nyter braudskrivesmulane eg hadde lagt ut til dei kvelden før, og flagget som svaia ute i gardsplassen av vinden. Det var slutten på ungdomsskulen og tiande klasse, berre tentamenar og eksamenar gjenstod før ein måtte ein seie «Hade, lykke til vidare!» til alle ein har hatt kontakt med dei tre åra ein har gått på ungdomsskulen. Eg kunne kjenne det berre nærma seg for kvar dag som gjekk, og det var ei periode som berre var hektisk og nervepirrande.

 

Vekkarklokka ringde. Eg skrudde den av og la meg under dyna att. Eg har ein tendens til å gjere det. Like etter kunne eg høyre frå kjøkkenet mamma som roper med ei høgrøysta tone, «Nils, no er det på tide å stå opp – det er berre få minuttar til skulen startar!». Eg kava meg ut av senga, fann fram klærna eg hadde lagt fram kvelden før, gjekk inn på badet og stelte meg før eg fann fram ei brødskive mamma hadde laga til meg, og sprang i all hastverk til skulen for å ikkje komme for seint. Eg har ikkje råd til fleire anmerkningar no for forseint-koming, det vil straffe ordenskarakteren og kanskje skilje det frå å ikkje komme inn på den vidaregåande skulen eg aller mest hadde ynskja, enn å kome inn på den.


 

Varm i panna og sveitt i t-skjorta er eg framme med skulen. Ein god kombinasjon, iallefall med tanke på at det enda var første time. Eller kanskje ikkje. Eg gjekk mot klasserommet som ligg i øvste etasje i ei lita høgblokk med klasserom på kvar side av kvarandre. Det var ikkje den største skulen som fantast i byen, med vel rundt 100 elevar og materiale så gammalt heilt tilbake til 1980 åra, er det absolutt ikkje noko å skryte av. Eg må forbi både eit og to klasserom, før eg kan lese «10B» på døra til høgre. Eg gjekk inn, i all undring på kva dei andre vil seie når eg kjem for seint nok ein gong.

 

Eg åpna døra til klasserommet, men ingen sa noko. Det var heilt knyst-stille. Rommet var tomt. Kvar var alle saman? Eg sat meg ned å tenkje, har vi fått noko informasjon om dagen i dag? Skulle vi avspasere for skuleturen vi hadde like etter jul? Eg gjekk bort til vindauget og så ut. Ingen utafor.

 

I all forvirring tok eg sekken som eg sat ved døra, forlet skulen og sat kursen heimover.

 

På vegen ser eg brannbilar, store og raude i ei høg fart. Eg tenkte ikkje noko meir på det, før eg så huset som var i store flammar rundt den næraste svingen. Det var huset vårt som var i brann, store røde-oransje fargar som brann opp alt av veggar og interiør i ein fei. Eg kunne høyre brannmennane rope til kvarandre at det er menneske i huset, men at det er for farleg å gå inn no. Det var familien min. Eg sprang mot huset, men blei stoppa av nokre brannmenn. Eg lausriv meg frå dei, og sprang mot huset som var i ferd med å bli nedbrent.

 

Dagen etter vakna eg på intensivavdelinga på sjukehuset. Eg blei fortald at eg har blitt forgifta av røyken og fått nokre brannskadar som følgje av at eg sprang mot huset. Det var mange sjukepleiarar og politimenn som sat rundt sjukesenga, også ein mann med dress som kunne virka som han jobba som etterforskar. Ein sjukepleiar kom mot meg og spør korleis eg har det. Eg svarar at eg har det bra, sjølvom eg har ei lita hodepine. Ut frå ingenting ser eg ho trekker pusten dypt, og ser på meg. «Det er med tungt hjerte eg må fortelje deg dette. Du ser kanskje at mora di, faren din eller broren din ikkje er tilstade her?», ho trekker pusten dypt igjen før ho fortset.

 

«Dei omkom som følgje av brannen. Dei klarte ikkje å kome ut tidsnok, og dei var heilt innesperra i store flammar og røyken gjorde at dei ikkje klarte å puste lenger. Brannmennene prøvde alt dei kunne, men det var ikkje nok. Det var for farleg å gå inn i huset. Vi beklagar verkelig over det som har skjedd, og om du trenger å snakke om noko er vi her for deg. Husk det, Nils.». Eg blir stum. Klarar ikkje å få fram eit ord, og veit ikkje kva eg skal seie. Aller helst skulle eg ynskja at eg døydde med dei og at eg fekk springe inn i huset utan at nokon grabba fatt i meg før det vart for seint. Det var tankane som gjekk i spinn no, eg var utmatta, eg orka ikkje meir.

 

Då eg vart fødd, skreiv foreldra mine, som alle foreldre gjer når dei får eit barn kven som skal ta vare på meg om dei omkom. Eg har ikkje noko stor slekt, berre ein onkel som bur nærmast der eg budde, og ellers resten av slekta bur spreitt i land og utland langt frå der eg bur. Onkel Jarle var namnet, eller Onkel «Sinna» Jarle som eg har brukt å kalle han. Onkel Jarle er ein av dei mest usuksessfylte, uhyggeligaste, tjukkaste og styggaste personane ein kan finne. Han er ein mann på 46 år utan kjæraste, ugift og har budd heile livet sidan han flytta ut i ei blå høgblokk på Oslo's austkant med lav inntekt og jobb som pantesamlar. Han går alltid i dei same klærna, og dusjar minst ein gong kvar veke. Det var no han som skulle ta vare på meg, om eg vil det eller ei.

 

Dagane gjekk, men tida gjekk sakte. At eg har mista familien min er ikkje gått opp for meg enda. Politiet brukar no å kome å hente meg, og i dag skal vi bort til det nedbrente huset. Eg kunne sjå frå vindauget i den nest øverste blokka at ein politibil stoppar utanfor. Eg tar på meg ytterkleda og går ned til dei. Eg set meg inn i politibilen, med Jarle null vitande på kvar eg er. Turen gjeng til det nedsota huset. Alt er svart. Huset som den gong var kvitt. Bilen våra. Ingenting er att. «Kva var det som var årsaka til brannen?», spør eg. «Det har vært einj påsett brann, meinj øyevitna har sagt det var einj liten mannj på rondt 1.67 meter, han hadde grå dongerijeans og en gul genser. Han forlot åstede like etter det var påteint, men hain e ennå på frifot.» seier ein av dei to politimennene.

 

Eg snik meg unna huset, politimennene, folket. Eg orka ikkje meir smerte, ingenting er noko meining lenger. Eg går inn i den blå blokka, der Jarle bur. Finn pistolen han har lagt i garderobeskapet, og snur den mot meg. Det einaste som gjenstår er det lille trykket på peikefingeren, så er det ikkje meir av meg. Eg trekjer pusten dypt, før smellet frå pistolen blir høyrd over heile blokka. Det er ikkje meir av meg no, eg er borte. Eg er med familien min no.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil