Søk i stiler
 

"Karens jul" av Amalie Skram


Analyse av Amalie Skrams "Karens jul".
Sjanger:Analyse/tolkningLastet opp:01.02.2011
Språkform:NynorskForfatter:Anonym
Tema:Karens jul
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



Novella Karens Jul er skrive av den kvinnelege naturalisten Amalie Skram og blei utgitt 1885 i ”Politiken”. Novella handlar om ein politimann som får auge på ei ung, fattig kvinne ved namn Karen i eit gammalt ferjemannshus. Kvinna har søkt tilflukt fordi madam Olsen som bur i huset er bortreist, og Karen treng ein plass til å bere sitt nyfødde barn. Sjølv om Karen tente for madam Olsen, ber politimannen henne om å forlate huset. Etter litt overtaling fekk Karen tre dagar på seg til å kome seg ut av huset. Når dei tre dagane hadde gått finn politimannen den hjelpelause kvinna død og ihelfrossen. Amalie Skram (1846-1905) blir rekna som ein av Noregs fremste naturalistar og gjennom mange av sine verk har ho problematisert korleis verdiar som menneske har fått under oppdaging, noko ho også har gjort i denne novella Karens Jul.

 

Karens Jul tek plass ”på ein av dampskipskaiene i Kristiania” for om lag hundre år sidan. Ein politimann er ute på vakt og er klar for sjøutrykk da han høyrar ein underleg lyd. Politimannen stansar ved gasslykta utanfor det fråverande fergemannshuset, og høyrar lyden sterkare, det var barnegråt innanfrå. Det er ei kvinne ved namn Karen som opnar døra, og ho blir nøydd til å fortelje historia si for politimannen. Vi som lesar novella for ein innblikk i Karens levesituasjon og dette blir gjerne kalla ein retrospeksjon (tilbakeblikk; ein hentar fram tidlegare opplevingar frå hukommelsen for å bruke dei). Spenninga stig stadig i det vi les novella, og vi som lesarar stillar gjerne spørsmål om Karen og hennar nyfødde barn fortsett lev. Politimannen har ei aning om kva som har skjedd med Karen, men skjekkar ikkje inn før den tredje dagen har gått. Det er julaftan og vi når eit høgdepunktet i forteljinga, politimannen finn begge ihelfrosne og døde. Novella endar med at politimannen gjekk til politistasjonen for å melde hendinga.

 

Amalie Skram har vore flittig med beskriving gjennom heile novella, og den byrjar med ei beskriving det gamle fergemannshuset og historia til huset. ”Eit grå målt trehus med flatt tak, utan skorstein, omtrent 4 alen (1 alen=60 cm) lang og litt kortare på den andre kanten. I begge tverrveggane var der eit lite vindauge, det eine like overfor det andre. Dørene vendte seg mot sjøsida og kunne lukkast både innvendig og utvendig med jernkrokar, dei blei hekta fast i krampar av same metall”. Vi får ei ganske så nøysam beskriving av omgivingane og er ganske lik scene i eit realistisk drama, nettopp fordi skildring er eit mål i naturalistiske tekstar. I naturalismen spelar sanning og objektiv verkelegheitsbeskrivingar inn ein viktig del, sanninga kjem fram om at Karen ikkje eingong veit kven faren til det nyfødde barnet hennar er. Skrivemåten i naturalismen var nokså realistisk, men og detaljrik og dokumentarisk: ”Politikonstabelen tok den talande nærmare i augesyn. Det var eit tynt, lite fruentimmer, med eit smalt, bleikt ansikt og eit djupt kjertelarr på det eine kinn, rett opp og ned som ein stake, og innlysande neppe ganske vaksen”. Hovudpersonen i forteljingar i naturalismen var som regel ein tragisk karakter styrt av skjebnen, slik som Karen er beskriven av politimannen på slutten av novella: ”Men kanskje det er best som det er for dei begge to. Vårherre, han har nå vel ei meining med det”. Vi har fleire naturalistiske trekk i novella; forteljarens følelsar haldast skjult, teksten er detaljrik, og har vekt på fattigdom og livets mørke sider, sist men ikkje minst tematisering om død, noko som er tema i denne forteljinga. Novella inneheld mange skildringar om veret. Det triste, gråe veret skapar ei trist stemning, noko som assosierar med livet til Karen. Kulda som er skildra er eit frampeik på kva som kjem til å skje med den Karen og ungen hennar. Eg som lesar vil tru at kulda ikkje berre er eit frampeik, men eit symbol på at ho blei ihelfrossen av samfunnet som var for hundre år sidan, der blant anna barn utan ekteskap var ei synd. Eg trur Amalie Skram ville vise folket ved å skrive denne novella at likegyldigheit overfor medmenneske var altfor dårleg. Kvifor hjelpte ikkje politikonstabelen Karen? Kvifor gav han ikkje henne ei varm seng, varme gode klede eller mat?

 

Karen er hovudpersonen i novella, nettopp fordi det er ho vi får vite mest om og det er ho som er viktig for handlinga. Skildringa av Karen er skildra direkte i munnleg tekst: ”Tynt, lite fruentimmer”, ”smalt, bleikt ansikt”, ”eit djupt kjertelarr på det eine kinn”, ”innlysande neppe ganske vaksen”, ”føtene stakk i eit par holete soldatstøvlar”. Etter å lese desse skildringane får vi heile tida hint og svar på at Karen er ei hjelpeslaus, fattig kvinne med låg sosial status. Amalie Skram har også brukt assosiasjonar i novella si: ”Det knirka av støvlane hennar som hun stod og stampa i ein grønaktig substans”. Ved å lese denne setninga får vi ein assosiasjon med kloakk eller noko veldig skittent. Vi får vite som sagt vite at ho har låg sosial status ,ikkje berre gjennom kleda ho har på seg og kor ho opphaldar seg, men når Karen seiar at faren er død, stemora har kasta henne ut av huset og at ho har vore tenestepike hos madam Olsen som budde i huset før. Sjølvrespekt var noko Karen eigde, det var kanskje ein av grunnane til at ho ikkje ville melde seg til fattighuset, nettopp fordi ho meinte at ho kom til å klare seg når madam Olsen kom tilbake, noko ho aldri gjor.

 

Karens Jul er sett saman av fleire tema, og er på fleire måtar naturalistisk. Novella er samfunns- og problem- orientert, med vekt på fattigdom og livets mørke sider, noko eg også har tolka meg fram til og som samsvarar med det naturalistiske motivet og temaet i denne perioden. Amalie Skram har som sagt i denne novella greidd å problematisert kva slags verdiar ulike menneske har fått under oppdraging for om lag hundre år sidan, alt etter kva slags samfunnsklasse ein tilhøyrar. I dag er dette endra seg; Noreg eit betre land og bu i, mykje på grunn av at klasseskilja har blitt mindre og vi har fått likestilling blant menn og kvinner. Sjølv om forholda i dag er mykje betre enn for hundre år sidan, har ikkje oppførselen endra seg like mykje. Somme folk er framleis ikkje villige å hjelpe andre fattige som treng hjelp, uansett om dei har husly, matvarer i alle slags variantar og meir enn nok pengar til å overleve. Vil dette nokon gang endre seg?

 

Kjelde:

Læreboka; Panorama


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

LIlle trille
01.03.2018 11:34

Bra!
11
anbefalinger
Stor Trille

Stor Trille
01.03.2018 11:52

Bra!
11
anbefalinger
Lille Trille

Dole
01.03.2018 11:53

Bra!
11
anbefalinger
Ole Doffen

Ole
02.06.2015 12:53

Bra!
3
anbefalinger
Jada, artig detta!

stor penni s
16.03.2018 08:11

Bra!
2
anbefalinger
faen å driti jeg er herregud add på snap brodernmagga


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.012 sec - 1 pageviews