Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > På kanten

På kanten

Stil skrevet på nynorsk om ei jente som skal dø.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
05.12.2010


Blå. Augo hennes var blå. som ein roleg innsjø om somaren, eller som mor sin gamle bil.

 

Dei stirra så hårdt og lengselsfult inn i mine, som om ho så kva som foregjekk inne i hodet mitt. At ho fylde hjernen min med kjærleik og gledje. For augo hennes smilte, det var det ikkje tvil om. Ho var ein solstråle i min eller så stressade kvardag med jobb, skule og eit par masate foreldre. Min lille pause frå livet rundt meg, så eg kunne slappe av litt og vera meg sjølv.

 

Denne rolege sommarkvelden satt ho der på sengjekanten sin og så på meg, slik ho alltid gjorde. Medan vi satt der gjekk tida rundt oss altfor fort, men i nokre augeblikk føltes det som om tida stoppa heilt. Det mørk brune håret hennes skinte i kveldssola. Eg tenkte alltid på dei blå augo hennes når vi ikkje vart saman, det ga meg ein følelse av ho var der. Samstundes som eg fantaserte om augo, kunne eg lukte lavendelparfymen hennes. Den var som ei bedøvelsesmedel for gutar. Foreldane hennes var på ein samankomst når eg var hos ho. Huset låg heilt stille ved den lille vegen, i enden av den smale gata der det alltid hadde vore. Eg hadde kopiert eit kart frå internett så eg ikkje skulle gå meg vill, det var jo tross alt på andre sida av byen, og eg hadde retningssans som ei svimmel skilpadda.


 

Vi hadde ikkje vore ilag så lengje, men lengje nok til at vi kunne si til dei andre at vi var kjærastar. Ikkje skjemtes vi eller var sjenerte for det heller. Eg var rimelig stolt som kunne si at eg hadde kjærast, sjøl om at vi ikkje viste teikn på det. vi haldt aldri hender, og det nærmaste eg kom eit kyss var ein klem no og då. far hadde lært meg at det viktigaste i livet er tålmodigheit, for den som ventar på noke godt, ventar ikkje forgjeves! Man kan vel seie at eg var meire ven enn kjærast, men eg likte å tru at vi hadde noke spesielt. Og det hadde vi!

 

No satt vi der, og prata. Ho starta alltid samtalane med usaklege ting som skule, kjendisar og slikt, men hoppa etterkvart over til viktigare temaer. Denne gongen skjønte eg at det var noke alvorleg. ho så bleik ut, og vart ikkje heilt seg sjølv. Eg spurte om noke var galt, men ho bare mumla noke og ville ikkje prate om det. Sjølv hatar eg når folk ikkje vil fortelle sannheita, så eg ba ho rett ut om å si kva som var galt! Ho blei opprørt, og ba meg la være å bry meg. Så kom tårane. Dei rann nedover det bleike kinnet hennes, slik som regndråpane sklir ned kjøkkenvindauget når haustregnet kjem. Stum som ein stein satt eg bare der og så på. Kva skulle eg gjera? Eg spurde kvifor ho gret, og ho starta med forklaringa si.

 

Ho hadde vore fleire gongar på sjukehuset tidlegare på somaren, den eine gongen blei ho der i ei veke. Ho fortalde at ho berre hadde vore på nokre testar med allergien, men det sko vise seg at kun vere ei dekkhistorie. Ho var sjuk. Verkeleg sjuk. Etter ei Blodoverføring under ein blindtarmsoperasjon hadde ho blitt smitta med HIV, og legane oppdaga det for seint. No hadde ho berre nokre få månadar igjen, og ho måtte slutte på skulen. Eg oppdaga det plutseleg. Eit slags mørke senkja seg over skuldrane mine, som om det plutseleg ble iskaldt i rommet. Det føltes som om sjela vi svevde over kroppane våre, og eg kunne se at vi satt der og prata. No kjende eg det. Tårar. Eg som alltid hadde vore ein sterk person. Var dette verkeleg sorg? Sorg er ikkje noke man får når noken døyr, men noke man får når man veit at man vil miste dei.

 

Eg satt berre der og så på ho. Tenkte korleis det blei når ho gjekk bort. Kvifor skulle ei femten år gamal jente gå bort? Tanken gjorde meg uvel, og magen min snørpa seg saman. Sjølv om at ho viste ho kom til å døy, så ho no på meg som om ingenting hadde hendt.

 

Ho la seg i armkroken min, og tørka tårane mine. Dei blå augo hennes smilte imot meg, og så sa ho det.

 

Eg elskar deg.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil