Søk i stiler
 

Knute på tråden


Mitt første kåseri! Skrevet på sidemålstentamen i 10. klasse.
Sjanger:KåseriLastet opp:30.11.2010
Språkform:NynorskForfatter:Anonym
Tema:Mobbing
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



Det er tre mot ein, kven sa det var rettferdig? Den eine guten sit i ein krok innerst i rommet, dei tre andre sirklande omkring han, svoltne gribbar rundt ei daudande pungrotte midt i svartaste Sahara. Pungrotta i kroken seier ikkje noko, men stirar berre ned i golvet, som truar med å ete han. Kanskje like greitt, for synet av dei massive bulldosarane framfor han ville antakeleg vis fått han til å tisse i buksa uansett.

 

Eit drønn og eit knas, og guten i hjørnet eiar verken fortener eller pengar til skulemat lengre. Dei tre jumbojetane diltar bort med sleske smil og skjeglande augo. Munnane heng halvopne, som om dei berre ventar på at hjernane deira skal kome trillande ut på same måte som verdigheita nettopp gjorde. Igjen ligg guten. Tråden har rakna.

 

Du kan knyte skoa dine så mykje du berre vil. Er du speidar har du kanskje lært deg å knyte halvstikk og heilstikk og allslags andre ’stikkar’. Er du ei jente er eg viss på at du knyter eit hårband frå tid til anna, og viss du køyrer båt håper eg for all del du klarer å fortøye han godt nok. Da må du kanskje bestemme deg for kva slags knute du bør velje? Ein knute er sterk, medan ein anna er eit helvete å løyse opp att. Kva for ein verkar best?

 

Samfunnet er fylt til randa av idiotiske problem, og eit av disse er mobbing og andre knutar mellom enkeltpersonar. Eg er ganske viss på at eg ikkje er den einaste her som ergrar meg blå og grøn over at alle andre ikkje tenkjer likt som meg. Forbanna samfunn. Ta mobbing for eksempel:

 

Alle landets aviser klager over det heile tida, mobbing her og mobbing der. På skuler er det visst mykje mobbing har eg høyrt. Er det noko problem da? Er det ikkje berre å sette opp nokre skulereglar og tvinge på elevane nokre fordømte skuleuniformer? forbanna vanskelig kan det vel ikkje vere. Men uansett kva intelligente folk som meg tenkjer er det alltid nokre pappskallar som skal stå i vegen å gjere vårt vakre samfunn til eit mareritt å ta del i.

 

Men, no er det jo slik det er, og dei grauthovuda som sit bak polerte skrivebord og runde målskiver med bilete av andre politikarar, flerra opp av skarpe Dart-piler, dei får gjere kva enn dei måtte ønskje. Nei, mobbing er vel ikkje eigentleg noko stort problem. Eg har no likevel prøvd å tenkje litt på denne saken, sjølv om eg veddar på at ingen bryr seg uansett. Jau, jau…  

 

Eg og mitt briljante hovud har nemleg fundert litt over dette med mobbing i skulen. Dei som blir mobba i skulen kan faktisk lettare få psykiske problem som vaksen. Men det er ikkje berre mobbeoffera som får problem seinare i liva deira. Dei som mobbar har større sjans for å bli kriminelle seinare i livet.

 

Dette med psykiske problem kan samanliknast med ein knute. Viss du tenkjer deg at kvart et menneske består av ein raud tråd. Etterkvart som dette mennesket blir mobba blir tråden tynnare og tynnare. Sjå for deg ei tråd med anoreksi, du. Til slutt vil tråden rakne. For å byggje opp att denne personen må trådane knytast forsiktig saman igjen.

 

Viss du kan ein ordentleg god knute og klarar å knyte han godt, vil kanskje knuten halde. Men om han knytes dårleg vil det vere større sjans for at han raknar igjen seinare. Kanskje han til og med aldri vil kunne knytes fast igjen, fordi tråden har blitt for tynn. Knutar held kanskje når dei held, men når dei raknar, då raknar dei!

 

Sjå kva dykk har stelt i stand, o ’ mektige regjering av Noregs land og rike! Eg har sagt det før og eg seier det igjen: om de slipp ein som meg til makta vil det ordne seg! La i alle fall nokre skapningar med høgare IQ enn treogseksti og ståkarakterar i samfunnsfag styre landet vårt.

 

Nei da, nei da, eg kritiserer ikkje regjeringa. Ikkje i det heile. Det er jo tross alt andre ting som spiller inn også, da. Du veit, språk har også mykje å seie i det moderne samfunn. Utan språket hadde du nok berre sitte der på gata med eit digert spørsmålsteikn svevande ein halvmeter over hovudet ditt, som ein annan teikneseriefigur frå Disney Channel.

 

Mobbing er jo eit ganske stort problem. Eg vil gå så langt som å kalle mobbing ein regjerande knute på samfunnets tau. Her har vi ein annan vinkling. Her er det ein knute som øydelegger for tauet, og det blir ikkje bra før knuten løysast. Eg kan tenkje meg at det trengs ein sabla god knuteløyser for å løyse opp den knuten. For eit makkverk!

 

Heldigvis finnast det mindre knutar også. Men ikkje berre slike du strever litt med fordi du ’gløymde’ å knytte han opp før du tok av skoa tidligare, men eigentlig veit godt at du berre ikkje gadd. Nei da, eg snakkar om slike småkranglar, du veit, type ’foreldre og barn’- og foreldrekranglar. Desse er ikkje så alvorlige, sjølv om det kan være heitt nok for den gjennomsnittlige, vil eg tru.

 

Nei, dette med mobbing og alskens andre problem her i verda bør ein nok berre overlate til dei andre. Set deg no inderleg ned i sofa’n og et pizzaen din i ro og mak, du, for all del ikkje finn på å hjelpe nokon med knutane deira. Slikt skal man ikkje bry seg om.

 

Guten tuslar av stad. No må han heim å knyte trådstumpane saman igjen. Kanskje han må bruke pinsett denne gongen?


Kommentarer fra brukere


Ingen har lagt igjen kommentar til denne artikkelen - bli den første!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.011 sec - 1 pageviews