Søk i stiler
 

Kvifor så einsam


Fortelling om å leve sammen med en partner.
Sjanger:Fortelling
Språkform:BokmålForfatter:
Tema:Rasisme
Ensomhet
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook


Ein dag i juni var Sajad ute og gjekk tur med hundane sine, Balder og Herman. Sola varma dei alle tre over nakken ettersom dei gjekk med ryggen mot ho. Det hadde ikkje vore sol på lenge i dalen kor han budde. Regn i åtte dagar på rad er ikkje noko hyggeleg no på sommaren. Men det er ikkje unormalt på den sida av dalen.

 

Sajad var einsam. "Eg har ein familie og to hundar, og det er det viktigaste av alt", pleidde Sajad å seie til seg sjølv når han kjende seg einsam. Da bruka han alltid å gå ein tur med hundane sine. Det var derfor han var ute og gjekk tur nå. Han hadde vakna den her morgonen våt av tårer etter som han hadde greti om natta. Det brukar han gjere om natta, men om dagen ser ingen at han kjenner seg einsam. Men ingen kan vel lese tankane hans? Han gøymer seg bort i seg sjølv. Det er stadig eit spørsmål som for gjennom hovudet hans. "Kvifor vender alle seg vekk ifrå meg? Inst inne veit han svaret på det allereie. Det var naturlegvis fordi han ikkje var lik dei andre. Han har ein annan hudfarge, eit anna språk og andre skikkar. Han har mørk hud og svart hår, brune auge og går i andre klede enn dei andre. Men kvifor det skulle ha noko å seie, fekk han aldri svar på. Etter at han flytta til Noreg, har han vore aleine. På skulen blir han mobba, og alle snur seg vekk og går ein annan veg når han kjem forbi. Ein dag han går forbi ein gjeng med ungdomar, blir han stogga av dei. Han byrjar å gå ein annan veg, da ein av dei tek tak i han, og drar han attende. Den eine av dei seier at han ikkje har noko her i landet å gjera, og at han berre kan sjå og koma seg attende til slummen kor han høyrer heime. Da grip ein annan tak i han, og dyttar han mot dei andre. "Hjelp!, ikkje gjer slikt mot meg" ropar Sajad. Men ungdomane berre fortsette å dytte han fram og attende i ringen av ungdomar. Til slutt orkar ikkje Sajad lenger å helde seg oppe, og han fell saman på asfalten. Ein av ungdomane sparkar han ein gong i magen og seier: "Eg har sagt kva eg meiner, ta med deg familien din og dra herifrå. Vi har ikkje bruk for slike som dykk." Med dei orda løp ungdomane derifrå, alle utanom ein gut. Sajad låg der ei stund og heldt seg på magen, før guten som blei att spurde om han skulle hjelpe han opp att. "Ja, ehh takk!", men kvifor hjelper du meg?", spurde Sajad forundra. "Eg synest det er forferdeleg at nokon kan gjere noko slikt mot andre, og dei har eg hatt som vener i over eit år. Eg visste ikkje at dei var slik". "Tusen takk for at du blei att. Eg heiter Sajad". "Eg heiter Johan. Hyggeleg å møte deg." Korleis går det med magen?" "Det er litt ømt, men det går bra." Sajad og hans nye venn Johan vart gåande å prate. For fyrste gong i Sajads opphald her i Noreg, følte han seg velkomen. No hadde han endeleg fått seg ein ven som ikkje brydde seg om hudfarge, men om personlegdomen. Det er nemleg så at det går an å leve med menneske som ikkje er heilt lik oss sjølv, og heldigvis er det fleire og fleire som har forstått dette etter kvart.

 


 

Karakter: M+

 

Komentar: Ein fin forteljing, mykje bra språkføring


Kommentarer fra brukere


Ingen har lagt igjen kommentar til denne artikkelen - bli den første!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.017 sec - 1 pageviews