Rånaren

Eventyr om 'Rånaren' som drog til strøket for å finne seg ei skreppe.
Sjanger
Eventyr
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2001.03.16
Tema
Eventyr
Rånaren som drog til strøket for å finne seg ei skreppe.

Det var ein gong ein rånar som budde på ein gard langt inne i skogen, saman med faren sin. Faren var gamal og utbrunni, og meinte at rånaren snart mått ta over garden. Men rånaren var så giddelaus og lat at han knapt gadd å lyfte ei vassbøtte, så han måtte ut i verda å finne seg ei jente. Med seg på reisa fekk rånaren med seg ein Techno CD, farens MasterCard og ein GROM, senka Volvo 240 intercooler GT. Med dette skulle rånaren klare å finne seg ein dugleg jente, meinte faren.

Langt om lenge og lengre enn langt, kom rånaren til den store byen. Det var varmt i vêret og rånaren var sliten og trøytt. Dessutan hadde aircondition’en i bilen brutt saman, så han måtte finne ein verkstad som kunne reparere han.
Mange vegkryss og burnouter seinare fann rånaren ein verkstad. Eigentleg såg det ut som ein liten skjabby bensinstasjon, men i følge NAF’s vegbok var det ein tre stjerners verkstad. Rånaren likte ikkje tanken på å levere frå seg den store gromme Volvoen sin på ein stad som denne. Men det var den einaste verkstaden på denne sida av byen, så han tenkte han i allefall kunne gå inn å sjå kven som jobba her.

Men bak disken stod det ein heselige biltilsynsmann, og maste om EU-Kontroll, at han kunne ha skremt vettet av hver ein Volvo kjøyrar! Han var tildekt med olje og anna søl, og rånaren turde ikkje ein gong tenke tanken på at han skulle nærme seg den nysota Volvo’en med dei lange klørne av nokre neglar som han hadde, og tenk om han fann ut at bilen ikkje var godkjend med 18 tomms felgar, så han snudde i døra og ¨børna¨ ut på motorvegen att.

Etter ei god natts søvn på eit av byens betre bordeller, var han på hjula att. Men etter ikkje mange metrane fann han ut at dei elektriske vindauga og hadde svikta honom, så han svingte inn på nærmaste bensinstasjon i håp om at dat kanskje var nokon der som hadde peiling på elektriske vindauger.

Men bak skranken stod det ein enda hesligare og styggare biltilsynsmann, enn på verkstaden. I handa haldt han eit kubein av ein slik dimensjon, at dersom dette uhyret skulle brekke opp døra for å fikse vindauget, tenkte rånaren med seg sjølv, kom han til å mose det nypolerte skinn-interiøret, og tenk om han fann ut at motoren var altfor stor med 300Hk, og ikkje godkjend. Nei, det tykte rånaren var for mykje å ofre, for litt frisk luft, så han spann seg ut på vegen att.
Rånaren hadde nesten gitt opp å finne ein dugleg verkstad for bilen sin, då eit digert og enormt bilsenter poppa opp som reine ¨raggar kungan son¨ framfor nasen honom. Han tenkte med seg sjølv at her måtte det da finnast ein passande mekaniker for Volvo’en honom. Og ikkje før hadde han tenkt tanken skreid den penaste og gildaste ¨mekanerinnen¨ du kan tenkje deg, ut gjennom døra.

Rånaren vart så betatt av denne vakre skapningen, at han ikkje kunne dy seg for å spørre kva som måtte til for at ho ville gifte seg med honom. Jenta som heitte Siri, vart sjølvsagt svært smigra over tilbodet, men fortalde snart at ho vart haldt som fange på det store bilsenteret av ein ond biltilsynsmann. Biltilsynsmannen tvinga ho til å jobbe der gratis. Og dersom Siri ikkje gjorde som biltilsynsmannen sa, ville han gjere kål på dei to systrane hennar, Kari og Mari, som han allereie hadde forvandla om til biltilsynsmenn. Det einaste som kunne løyse opp forbannelsen var dersom nokon spelte skikkeleg bass musikk for biltilsynsmannen.
Rånaren tvilte ikkje eit sekund. Han satte seg inn i bilen og tok til å tute til biltilsynsmannen kom til syne i vindauget på bilsenteret. Deretter skrudde han dei tre 15 tommarane strokerne på full guffe. Og i det augenblinken Techno’en tok å spillte den djupaste bassen, så heile Volvoen dirra, gjekk tromme hinnane til biltilsynsmannen føyken!
Og dermed fekk rånaren Siri, og Kari og Mari som fjøs-bertar med på kjøpet! Så cruise dei lykklege tilbake til den store skogen, og har dei ikkje kome att igjen, ja da rånar dei rundt enno.
Og snipp snapp snute, så er denne rånar visa ute.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst