Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Band of Brothers

Band of Brothers

Særemne basert på tv-serien og boka "Band of Brothers".

Sjanger
Særemne
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
16.02.2010

Innhald

Forord

Innleiing

Problemstilling

Hovuddel

Kva forma kompani E til å bli så gode soldatar med så godt samhald?

Korleis gjekk treninga og opplæringa av soldatane føre seg?

Kva slags leiare var det kompani E hadde, og korleis var dei som leiarar?

Avslutning

Kva forma kompani E til å bli så gode soldatar med så godt samhald

Korleis gjekk treninga og opplæringa av soldatane føre seg

Kva slags leiare var det kompani E hadde, og korleis var dei som leiarar

Kjelde

 

Forord:

Eg valte å ha Band of brothers, eller krigens brorskap på norsk som fordjupningsemne fordi det er ei heilt fantastisk historie. Berre det at historia er sann gjer den enno meir gripande for meg. Forteljinga grip tak i deg på ein rørande måte. Sjølve musikken set preg på filmen. Etter å ha sett filmen sit igjen eg igjen med stor respekt for soldatane, sidan serien får fram kor fælt det eigentleg var. Eg har sett serien mange gonger men dette er den typen ein ikkje gjeng lei av. Det er det same med boka. Enno eg ikkje har lest ei einaste bok i heile mitt liv, og ikkje er noko særleg god til å lese klarar eg ikkje å legge ho frå meg. Boko er enddo betre på å få fram koleis det var.

 

 Militæret er noko som har interessert meg lenge, og då tenkte eg at denne serien og boka som omhandlar soldatar under andre verdskrig, og som eg har sett fleire gonger frå før må vere noko som er gøy å skrive om. Eg valte det for at det er noko som eg syntast er skikkeleg bra. Dette er historia alle kan like, særleg om ein har ein liten interesse for 2 verdskrig.

 

Innleiing:

Boka og tv-serien krigens brorskap, følger kompaniet Easy eller kompani E frå undre treningen i 1942 til den etterlengta fredstida i 1945. Boka er skriven av Stephen E. Ambros og blei ein internasjonal bestselgar. Boka er basert på intervju av overlevande frå kompani E samt dagbøkar og brev. Det var etter å ha lest boka Tom Hanks og Steven Spielberg bestemte seg for at ei så gripande og fantastisk bok måtte filmast. Tv serien er delt opp i 10 episoder med samla speletid på 782 minuttar. Tv serien blei ein stor suksess og vann golden globe for beste tv serie i 2002. Serien blei vist på NRK i 2001, men har seinare blitt vist fleire gonger.

 

Krigens brorskap omhandlar kompani E under andre verdenskarig. Kompaniet E var frå den amerikanske hærens 506. Fallskjerm - infanteriregiment, 101. Flybårne divisjon som var med på å utrette store slag, blant anna på D – dagen i Normandie 6 juni 1944. Vi følgjar kompaniet E frå treningsleiren i Toccoa, Georgia, USA i 1942  til England, til hoppet på D – dagen i Frankrike, og gjennom Nederland, Belgia, Tyskland og til slutt når dei er dei fyrste som inntek Hitlers litle juvel, Ørneredet i 1945.

 

Problemstilling

Som problemtillingar har eg valt å gå meir inn i historia å finne spørsmål utan nokon direkte svar. Spørsmål som må tenke meg om å lage ein eigen fasit på. Eg laga spørsmål som eg ville finne meir ut om. Kva var det som gjorde soldatane i kompani E så samansveisa, kva slags leierar det var dei hadde og korleis dei leia, og korleis gjekk opplæringa føre seg. Desse problemstillingene kjem fram i boka og filmen, men ikkje med direkte svar. Svara må eg finne med å trekke ut eksemplar og definere det slik eg forstår det.

 

 

Hovuddel:

 

Kva forma kompani E til å bli så gode soldatar med så godt samhald?

Det var sommaren 1942. unge amerikanske guter frå heile landet møtte opp på Camp Toccoa i Georgia, USA. Gutane var unge. Alt frå 18 til 24 år gamle. Alle saman hadde dei meldt seg frivillig til å utsette seg for beinhard fysisk trening og sterke mentale påkjenningar. Det var gutar med all slags bakgrunn. Nokon var bønder, nokon frå industrien, nokon hadde så vidt til salt i maten, medan nokon kom rett frå studia sine på Harvard, Yale og University of California. Alle var dei forskjellige, men dei hadde somme ting til felles. Alle var dei unge soldatar som ikkje vart fødd tideleg nok til å oppleve første verdskrig. Alle var kvite sidan raseskiljet i den amerikanske hæren under andre verdskrig var regjerande. Side om side skulle dei kjempe for same sak. Dei melde seg frivillig for spenningen og ære og for dei 50 dollarane ekstra dei tente i månaden med å verve seg til flybårne. Men alle hadde dei to spesielle felles grunnar; for det fyrste ville dei gjere tida i hæren til noko positivt. Bruke all si tid til å gjere sitt beste. Ei tid kor dei kunne lære om mot, sjølvstendigheit og utfordringar. For det andre sette alle lista høgt. Alle trena dei for å reise i krig, og dei ville ikkje gå i strid med ein kamerat dei ikkje kunne stole på. Dei jobba for å oppnå det beste. For når tida var inne ville dei kvar og ein kunne sjå på mannen ved deira side å sjå ein god kamerat som ofra alt.

 

Løytnant Herbert Sobel frå Chicago var det første medlemen av Easy kompaniet, og kompaniets overhovud. Sobel hadde vert offiser for nasjonalgarden. Han var ein mann ein kunne sjå gløde av arroganse. Det var ingen i kompaniet som likte Solbel. Nokon kjensla reint hat ovanfor han. Han blir beskrive som ein småtyrann. Han sømte i makt og visste å bruke den. Tidleg ein laurdags morgon kunne han spasere framanfor dei oppstilte soldatane i kompani E. Alltid var det ein eller annan som tiltrekte seg hans oppmerksamheit av ein fillete grunn, og fekk inndratt helgepermen sin av den grunn.  Meinig Gordon hoppa ikkje korrekt på øvinga. Sobel hadde augo i nakken på han heile den dagen og bestemte seg for at Gordon skulle springe opp Currahee med full utrustning iført regntøy på 50 minuttar. Resten av troppen utvikla hat ovanfor kaptein Sobel. Bare for å irritere han pakka tre, fire andre soldatar og på seg og sette kursen opp Currahee for å støtte opp om Gordon.

 

For soldatane i andre kompanier som kompani F, (Fox) kompani D (Dog) og bataljonsstabskompaniet som saman med kompani E var med på å utgjere 2. Bataljon av 506. Fallskjerminfanteriregimet var verken treninga så hard eller straffa så streng. Ved treningsleiren i Toccoa er det eit fjell som heitar Currahee. Eit fjell som strekte seg 300 meter opp i veret med ei strekning på 10 km opp og ned att. Av alle kompania i 506. var det kompani E som sprang opp dit og ned igjen flest gonger. Kvar fredags natt marsjerte kompani E 20 km som det einaste kompaniet. På grunn at det var løytnant Sobel som leda kompani E var straffa streng. Når marsjen var ferdig blei soldatane stilt opp og beordra til å tømme feltflaska. Meininga var at flaka framleis skulle vere full når marsjen var over. Som ein kan sjå i filmen var det ein soldat med namn Christenson som måtte gjennomføre heile marsjen på nytt straks på grunn av at han hadde drikke undrevegs. Ein soldat kom for seint heim etter helgeperm ein søndags kveld. Kvelden etter blei han beordra av Sobel til å grave ei grop som var to meter brei, to meter lang og to meter djup for og så fylle det igjen når han var ferdig. Alt dette etter ein heil dag med hard trening. Dette var typiske straffer Sobel straffa soldatane med.

 

 

Korleis gjekk treninga og opplæringa av soldatane føre seg?

Før eller seinare måtte ein i militæret. Og då ville dei fleste gjere tida dei måtte vere der til noko positivt. Når dei spurte kven som ville verve seg til marinen, var det få som rakk opp handa. Det same med stridsvognteneste og flyvåpna. Men når dei spurte dei kven som ville melde seg til flybårne stod alle som spørsmålsteikn der dei stod. Det var ingen som hadde hørt om flybårne før. Det var noko heilt nytt i den amerikanske hæren. Gutane fekk beskjed om at dei måtte trene hardt, dei måtte trene så hardt at dei til slutt ville vere dei beste. Dei måtte vere villige til å hoppe ut av eit fly med fullt utstyr for å bekjempe fienden på nært hold . Dei unge mennene tenkte;  nei, så menn om eg ska hoppe ut av eit fly. Så seier dei at dei betalar dei 50 dollar meir i månaden. Totalt blei det 100 dollar i månaden. Då vart saken ein heilt annan.

 

Det heile starta i treningsleiren Toccoa. Sobel stod for grunntreninga av kompaniet. Han skulle gjere mannfolk av gutar ved hard fysisk trening. Lære dei obligatorisk infanteriteknikk, forberede dei på fallskjermskulen og bearbeide stridslogistikk saman med soldatane. Dei sorterte soldatane. Dei som stod att klare til å hoppe på D – dagen ville vere handplukka, og dei beste. Dei kjørte hardt frå fyrste dagen, med å setje kursen opp Currahee. Currahee er også mottoet deira, og er eit indiansk ord for ” vi står aleine.” Soldatane klarte ikkje å kome til toppen med å springe heile vegen, men inne uka vert omme greidde soldatane i det minste å halde marsjtempo heile vegen. Allereie den fyrste dagen var det soldatar som måtte gi opp håpet om å få sølvvingene å bære det stolte namn som fallskjermsoldat. Den andre uka fekk dei utslitne soldatane ei gladmelding om at dei skulle sleppe å springe opp Currahee til ein forandring, og heller nyte eit nydelig spagettimåltid inne i messa. Men så fort måltidet var over fekk dei nye ordre om å ta på seg treningskleda å springe opp Currahee. Når dei sprang opp Currahee kom alltid ambulanse kjørande bak troppene. Gutane spydde spagetti omtrent heile vegen, og somme kunne ikkje motstå fristelsen, og takka ja til å få sitte på med ambulansa, noko som straks enda med einvegsbillett heim.

 

Etter kvart som dagane gikk begynte dei med utmarsjeringar om natta. For kvar gong dei marsjerte blei marsjen lengre og lengre ettersom dei la på eit par kilometer for kvar gong. Det var hardt arbeid sidan den fyrste marsjen var på 18 km og den berre blei lengre etter som dagane for forbi. Under marsjen hadde soldatane ikkje så mykje som ei tissepause ein gong. Men det behøvde dei eigentleg ikkje heller i og med at det var forbode å drikke undervegs, noko som blei sjekka. Om dei ikkje hadde fysisk trening, fikk dei opplæring i soldatyrket. Dei lærte å bruke kart og kompass. Handtering av våpen og dynamitt, felttelefon, radioutstyr, koder og signaluttrykk samt kamp på kloss hold når ein var nøydt til å bruke nevane og bajonetten som drapsvåpen. Under desse undervisningane var dei einaste gongene soldatane fekk tid til å slappe av, og få igjen pusten. Elles var det fullt kjør.

 

Etter grunntreninga når uthalden var på topp, begynte den spesielle delen av treninga. Nemleg fallskjermhoppinga. Men før dei begynte å hoppe ut av fly hadde dei laga til eit øvingstårn som var nokså verkelegheitsskapande for soldatane. I dette tårnet skulle d kjennast ut som om ein hoppa i fallskjerm når ein kasta seg utfor. Tårnet var 10 til 15 meter over bakken og soldatane blei festa med selar til ei snor slik at dei hang eit par meter undersnora. Ein hoppa utfor tårnet, glei ned langs snora og landa på bakken. Soldatane fekk på denne måten oppleve noko liknande av det dei seinare skulle erfare med fallskjermhopping, og dei fekk utøve det dei hadde lært i praksis om korleis ein skulle utøve i lufta og med landinga. Skulle ein klare å kome seg gjennom treninga, måtte ein vere sværs sterk mentalt. Som kaptein Sobel sa; ” Det er lett å verve seg til flybårne, men det skal mykje meir til for å gjennomføre det.”[1] Dei blei stadig sett på prøve. Kvar dag måtte dei springe opp Currahee. Det å kunne holde ut eit slikt løp kvar dag over fleire månader er prestisje. Kvar fredagskveld skulle dei måtte presse seg til å marsjere den stadige lengre løypa utan å ty til fristelsen av å drikke av feltflaska.

 

 På dei 15 månadane under opplæringa skulle treninga vere så realistisk som mogleg. I to år prøvde dei å forberede soldatane på det som kom etter på. Dei kledde på seg feltutstyret og marsjerte ut i skogen for å lære kartlesing og planlegging. Dei fekk opplæring ved bruk av våpen som M – 1, mitraljøser, granatkastarar, bazooka, og handgranatar om korleis ein skulle bruke dei for å gjere mest skade. Dei hadde ulike apparat som skulle forberede dei mest mogleg på fallskjerm hopp før dei hoppa ut av flyet. Men etter kvart var det tid for å hoppe ut av eit fly fleire tusen fot over bakken. Dei hadde fleire treningshopp, så dei skulle vere sikker på at dei var klare og at dei fortente sølvvingene sine. For ein dag skulle sei få prøve at ut i praksis, på D – dagen 6 juni 1944.  

 

 

Kva slags leiare var det kompani E hadde, og korleis var dei som leiarar?

Når dei fyrst kom til Toccoa, var den fyrste leiaren deira Herbert Sobel. Sobel var 28 år å blei ein gamling i forhold til resten av kompaniet der gjennomsnittsalderen var 21 år. Tidlegare hadde han jobba som klesseljar og hadde ingen erfaring. Alle andre var i betre fysisk form enn han. Det var eit under at han i det heile teke greidde å gjennomføre krava til flybårne. For å kvalifisere seg var det visse fysiske krav ein måtte fylle om ein i det heile teke skulle bli fallskjermsoldat. Eit av krava var 30 armhevingar. For dei aller fleste i kompaniet var dette ingen sak. Dei kunne gjerne stille opp å ta 40 om det var så. Alle var spente på om Sobel ville klare det, for dei viste at han ikkje var noko spesielt atletisk. Dei såg at han begynte å skjelve allereie ved 20 armhevingar, og når han hadde passert 25 såg det ikkje ut som han skulle klare fleir, men på ein eller annan måte greidde han å gjennomføre 30 å bestod dei fysiske krava. Korleis han greidde det var det ingen som skjønte. Dei hadde håpa på at han skulle ryke ut, for han var slettes ikkje populær blant sine menn.

 

Han visste at han hadde makt, og han bruka den på ein måte som gjorde han særs upopulær. Han blei kalla ein tyrann. Han vart strangare enn nokon annan. Kvar helg var det alltid nokon som måtte vere att i leiren fordi dei hadde ”folder på buksa,” ”skitt i øyra,” ”skitt i sikte” eller på ein dårleg dag kunne alle med helgeperm måtte vere att fordi ein av mennene hadde rusten bajonett. Ein skulle tru at Sobel hadde ein dårleg dag kvar dag.           

 

 Er det rart dei gjekk lei? Sobel var ikkje fullt så høg i hatten under øvingar. Han var nervøs og tok dårlege avgjeringar. Soldatane hadde lite respekt ovanfor leiaren sin frå før, og skjønte at dei ikkje kunne gå i krig med ein leiar som ikkje eingong kunne lese kart. Soldatane ville fjerne Sobel. Skulle han lede dei i krig, var dei så godt som drepne alle mann.

 

Medan dei var i Aldbourne i England skjedde det noko mellom Sobel og Winters. Sobel hadde bedt Winters om å inspisere latrina kl 10.00. Winters mætte opp nøyaktig klokka ti som han hadde blitt beordra om. Til Winters forbausing var allereie Sobel der sjølv å fortok inspiseringa. Sobel skreiv eit skriv til Winters om at han enten kunne bli straffa med å miste sin 48 timers perm dei neste 60 dagane eller bli stilt for krigsrett for å ikkje møtt opp for inspisering av latrina. Winters hevda at han hadde møtt opp klokka 10.00. Sobel forklarte at han hadde endra tidspunktet til klokke 9.45. Det hadde Winters ikkje høyrd noko om, men Sobel sa at han hadde ringt og sendt ein kurar. Der Winters opphald seg var det ikkje telefon, og det hadde heller ikkje kome nokon kurar. Winters krevja å bli stilt for krigsrett, men dagen etter fekk han eit nytt skriv frå Sobel. Der stod det at han ville bli nekta 48 timars permisjon dei neste 60 dagane, og at han måtte sende eit appellbrev med grunner til for protest og krava for framstilling for krigsrett. For Winters hadde det ingen ting å sei at permen blei inndratt. han pleide som regel å vere at i leiren, og det var Sobel klar over. Sobel ville at Winters skulle ta straffa og la vere å stille for krigsrett. Winters ville få fram ei krise. Han var lei av kranglinga med Sobel. Kompaniet E var ikkje stort nok for begge. Offiserane prøvde å finne på noko som kunne avslutte saka mellom Sobel og Winters. Det enda med at det ikkje blei nokon krigsrett. Men Sobel forsette å kverulere gjennom skriva sine som begynte å hope seg opp framanfor Winters. Til slutt ga Winters opp. Han underteikna papira til Sobel om at han hadde ingen unnskyldning for å ikkje møtt opp til latrine inspisering, og for at han hadde latt ein soldat deltatt i teneste i ubarbert tilstand. Bataljonssjef Robert Strayer såg korleis dette gjekk føre seg å bestemte seg for å flytte Winters frå kompaniet E. Winters blei nå messeoffiser.

 

D – dagen nærma seg. Winters var vekk, og Sobel var forsett i ledinga av kompaniet E. Dette førte til at underoffiserane reagera. Sersjantane i kompaniet E innkalla til møte der dei ville stille oberst Sink for eit ultimatum. Enten måtte Sobel gå eller så levera dei stripene sine tilbake att. Dette var dei einaste måten Sink og Strayer kunne forstå kor mykje dei ønska å bli kvitt kaptein Sobel. Men Winters fekk overtalt dei til å ikkje stille Sink for eit ultimatum. Nokon dagar seinare innkalla Sink alle underoffiserane i kompaniet E. hadde det ikkje vore for at kampane ikkje var langt unna hadde dei alle kunne ha blitt skutt for å ha drive med mytteri.

 

Like i nærleiken av Aldbourne hadde 101. Flybårne divisjon oppretta ein fallskjermskule som skulle kvalifisere leger, feltprestar og den slags til å hoppe som fallskjermsoldatar på D – dagen. Kven var vel betre enn Sobel til å leie ein slik skule, sidan han hadde brakt fram divisjonens beste kompani. Så Sink overførte Sobel og sette inn løytnant Meehan som var frå kompaniet B (baker.) Winters blei henta inn att som troppssjef for 1. Tropp. Nå kunne dei fungere som eit vanleg kompani att. Sobel var endeleg vekk som dei så lenge hadde venta på.  

 

Løytnant Meehan skulle ikkje vere leiaren til kompaniet særleg lenge ettersom flyet han var om bord i blei skutt ned av tyskarane rett føre dei skulle hoppe ut over Normandie. Då var det Winters som tok over som øvstkommanderande for kompaniet E etter Meehan.

 

Til å begynne med var Winters løytnant og nestkommanderande i Easy kompaniet under Sobel. Så vart han flytta, men så vert han tilbake på plassen sin at som nestkommanderande under løytnant Thomas Meehan. Etter ulykka med Meehan skulle heile kompaniet sjå hans leiarevner. Når dei skal ta seg inn i Carentan blir dei beskytt av tyske soldatar. Alle soldatane slenger seg ned i grøftene ved sida. Winters reiser seg opp og blir ståande midt i vegen og skrike på soldatane at dei må komme seg opp å rykke framover. Nokon av soldatane måtte han sparke i baken å dra opp. Dei hadde stivna heilt. Han fekk dei opp til slutt og tok seg inn og fekk sikra Carentan. Eit godt eksempel på Winters gode evner.

 

 

Avslutning/konklusjon

 

Kva forma kompani E til å bli så gode soldatar med så godt samhald?

I tre år tilbragde soldatane tida saman. Dei sprang opp Currahee saman, dei hoppa ut av fly saman, dei tilbragde fleire netter i skyttargrava saman. Saman kjempa dei for fred. Dei visste at dei kunne stole på kvarandre. I den siste episoden blir det avslørt kven som overlevde. Det er blant anna eit intervju med Winters, der han fortel at barnebarnet han sitt ein gong hadde spurt han: ”Bestefar, var du ein helt i krigen?” Bestefar sa: ”nei, men eg tenestegjorde i eit kompani med heltar.”[2]

 

Det er ei rekke tilhøve som fører til at soldatane i kompani E blir så samansveisa og dyktige. Det heile byrjer under rekrutteringa. Flyborne styrker var noko nytt og ukjent, dette førte til at dei som søkte seg dit var modige menneske. Vidare fekk kompaniet ei heilt spesiell behandling. Sobel var ingen dyktig offiser og han kunne aldri ha leda dei i strid, ettersom soldatane ikkje hadde tillit til han. Likevel kan soldatane i kompani E takke akkurat Sobel for at dei blei så ekstremt dyktige. Sobel trena gutane hardare enn nokon andre i heile 2. Bataljon, sannsynlegvis hardast i heile det flyborne våpenet. Dette førte til at det vart noko spesielt å gjere teneste i kompani E. Soldatane fekk ein felles fiende, nemleg Sobel. Ein felles fiende skaper felles mål og slik også samhald. Soldatane i kompani E sto saman mot Sobel, gjennom dei tøffaste treningane og forholda hæren hadde å by på. Etter den tøffe treninga var kompaniet E dei tøffaste av dei tøffe.

 

Bortsett frå Sobel hadde kompani E svært dyktige leiarar. Både offiserar og underoffiserar var særs dyktige. Dels grunna god seleksjon og dels grunna den harde treninga under Sobel i Kompani E. Offiserane og underoffiserane heldt kompaniet saman og vidareførte den gode krigskunsten og haldningar gjennom heile krigen. Mesteparten av mannskapa blei bytta ut i løpet av felttoget. Likevel fortset dei å vere best, takka vere dyktige leiarar.

 

Løytnant Winters speler ei sentral rolle. Han viser seg å vere en offiser skapt for krig. Med han som sjef gjennomfører kompani E angrep som den dag i dag vert bruka som skule eksempel. Winters kompetanse fører til at soldatane stoler på han og Winters trygge leiarskap, vidareutviklar kompani E gjennom den fyrste tida av felttoget.

 

Det er naturleg at Winters blir forfremma. Det blir fort behov for han på eit høgare nivå. Ein periode slit kompani E under ein dårleg sjef. Likevel er dei robuste og uthaldande, den tøffe treninga og Winters gode eksempel har sett spor i fleire ledd i kompaniet og dei er der sjølv med ein dårleg sjef. I denne perioden er underoffiserane ekstremt viktige. Dei er av eit godt kaliber og tek godt vare på kompaniet gjennom denne tøffe perioden.

 

Min konklusjon er at modige menneske som utsettast for ein så ekstrem behandling som dei får av Sobel, utviklar eit unikt samhald. Et samhald som går på tvers av nivå og gradsystem. Den tøffe starten set i gang ein prosess som fortset heile krigen og gjer dei til nokon av krigens beste soldatar

 

Korleis gjekk treninga og opplæringa av soldatane føre seg?

Var du ikkje i militæret måtte det vere noko som feila deg for at du skulle sleppe unna. På den tida skulle alle vere med. Men det var ingen som tvinga deg til å verve deg til flybårne. Der var det frivillige som meldte seg. Det er og ein av grunnane til at dei blei så gode. Kompania var ikkje fulle av soldatar som var der bare på grunn av dei måtte. Dei var der fordi dei ville vere ein av dei beste. Dei var stolte over å vere fallskjermsoldatar, og dei var stolte over å tenestegjere med dei mennene dei gjorde. Dette skulle bli deira beste venner

 

Dei trena soldatane hardt frå fyrste stund. Desse soldatane skulle bli dei beste, og dei var sannsynlegvis så godt trena som ein soldat kunne bli på den tida. Dei var like uthaldande som eit fotballag. Dei forberedte dei så godt dei kunne med realistiske hopp og kampar, men ein kan ikkje forberede seg på alt. Soldatane hadde hatt menge treningshopp og visste akkurat kva dei skulle gjere, men på sjølve D – dagen gjekk ikkje hoppet så bra som forventa. Det var nemleg ein som hadde kome opp med ein ide med å feste ein ekstra pose som skulle henge i ein tråd ned frå beinet når dei hoppa. For mange så røyk denne så kalle beinposa av i det dei hoppa ut av flyet fordi lufttrykket frå propellane var så kraftig. Mange soldatar var utan våpen og ammunisjon.

 

Men det var nok det mentale som ikkje var så lett og forberede seg på. Ingen hadde vore i krig før, og visste ikkje korleis det var. Å sjå kompisen sin bli drepen eller hardt såra var nok noko av det som kravde mest av soldatane, nokon blei aldri seg sjølv att. Nokon kunne kanskje takle det bar der og då, men sleit mykje seinare i livet. Fleire av dei overlevande seier det at når krigen fyrst var i gong trudde dei ikkje at dei kunne dø. Dei var altfor sterke til det. Ein av soldatane pakka til og med seg fallskjermen, for den skulle han ha med seg heim så kjærasten kunne bruke den som bryllaupskjole når han kom heim. Men når dei hadde vore der litt skjønte dei at det var tilfeldig kven som døydde. Dei måtte berre innsjå det at dei allereie var døde.

 

 

Kva slags leiare var det kompani E hadde, og korleis var dei som leiarar?

Kompaniet E hadde fleire leierar, men eg har teke utgangspunktet i tre av dei. Sobel, Meehan og Winters. Sjølv om det ikkje er stort å seie om Meehan, tek eg han med for hans dødsfall førar til at Winters tek over.

 

Herbert Sobel: Under opplæringa med Sobel vert kompaniet som ein kasteball. Sobel meinte at kompani E trengte hardare trening enn kompani F og kompani D fordi dei var Easy kompaniet. Dei skulle vere dei beste. For Sobel var ikkje den treninga som dei andre kompania hadde nok. Han behandla dei hardt, han behandla dei urettferdig, og kun 10 prosent av dei som verva seg til flybårne greidde å gjennomførte. Det var ikkje tilfeldig kven som greidde å kvalifisere seg, dei satt no igjen med dei beste. Sobel ska ha ros for å ha skapt eit så bra kompani, men hans leders til gjorde han mislikt. Han var ingen god militær leiar. Han kunne aldri ha leia dei i strid. Han var skvetten, han greidde ikkje å leie soldatane på øving ein gong utan å mislykkas. Men det var Sobel som skapte Easy kompaniet og dei soldatane som overlevde takka Sobel for det.

Thomas Meehan: Meehan fekk aldri vist sine leiarevner ovanfor kompaniet E. Meehan var det Sobel ikkje var. Ein mann med sunn fornuft. Med Meehan var det ingen tabbar på øvinga, eller strenge straffer for ingen grunn.

 

Winters: Winters var ein god soldat og ein god offiser. Han leda ann, ikkje berre når det var lett, der det var vanskeleg og. Han forstod seg på mennene sine. Han var sympatisk, han kjente dei som dei personane dei var, og ikkje bare som soldatar. Det var aldri snakk om å sende nokon annan i hans plass. Han var ein utruleg god leiar med mot og krigskunnskap. Soldatane respekterte Winters. Dei såg opp til han. Dei var til og med villige til å levere inn stripene sine for å få han tilbake. Men dei var fornøgde da Sobel måtte gå, og Winters kom tilbake att.

 

Dei skulle få oppleve kor særeigen Winters var som leiar. På D – dagen var det han som leia kompaniet E, og fekk skryt allereie fyrste dagen for måten han hadde leia kompaniet på. Winters verken drakk eller røyka. Han var sjenert og ingen skøyar. Han var ein sindig og roleg type. Ingen hadde nokon gong sett han skrike. Det var heilt imot hans personlegdom.  Heilt til slaget om Carentan i Frankrike. Denne dagen såg dei kor modig Winters var, og han inspirerte heile kompaniet med motet sitt. Seinare blir Winters utnemnt til major og bataljonssjef for sine framragande leiarevner.

 

 

Kilde:

 

Bøker:

- Krigens brorskap. Steven E. Ambrose. Schibsted forlagene.

 

Film:

- Band of brothers. Tom Hanks og Steven Spielberg. HBO.


[1] Herbert Sobel. Band of brothers.

[2] Richard Dick Winters. Band of brothers. HBO

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil