Søk i stiler
 

Sjølvsikker eller usikker?


Sidemålstentamen, 10. klasse, julen 2009.

Karakter: 6

Sjanger:EssayLastet opp:13.12.2009
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Selvfølelse
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



Gruppepress er utbredt i Noreg. Barn og ungdom blir jamleg utsett for sterkt press i skuledagen, og mange synst rett og slett det er vanskeleg å stå i mot. Nokre få har høg nok sjølvtillit til å stå i mot, til å tørre å skilje seg ut, og til å ikkje behøve å vere som ”alle andre” i klassen. Dessverre er det ikkje mange som har det, og derfor må vi finne ei løysing. Er det noko ein kan gjere for å få slutt på gruppepress?

 

For å vere litt personleg i starten, vil eg fortelje om ein skule eg gjekk litt på i Noreg for nokre år tilbake. Det var ein vanleg norsk skule, med mange elevar. Alle elevane var delt opp i fleire forskjellige gjengar. Nokre gjengar var dei ”kule” gjengane, nokre dei ”vanelege”, ein gjeng brydde seg berre ikkje om livet, medan andre blei sett på som ”taparar” og ”outsiderane”.  

 

Dei ”kule” hadde dyre merkjeklede, gjekk rundt og såg ned på alle andre, gav inntrykk av at dei var rike, og ikkje ville ha noko med ”vanlege” menneska å gjere. Alle ”bimboane” på skulen var i den kategorien. Bimboar er dei som har farga håret platinablondt, leiker dum og vedunderleg, er oransje i andletet etter overdriven brunkrembruk, pluss at dei har det brunkremskiljet på halsen som berre lyser mot oss andre, men som dei sjølve ikkje ser. I tillegg snublar dei gjerne over trådlause telefonar. Nokre trur til og med ein kan drepe ein fugl ved å kaste den utfor eit stup…

 

Dei ”vanlege” derimot, som eg nemnte ovanfor, var som folk flest. Kanskje som deg, men i alle fall som meg, og det var derfor den gjengen eg kom inn. Vi prøvde så godt vi kunne å vere vennlege mot kvarandre, og gjekk i klede ein kjøper på butikkar som Vero Moda, H&M, Cubus og Only. Deretter kom dei som ikkje brydde seg. Dei gav faen i alt, for å sei det rett ut. Røyking, drikking og festing var det einaste som sto i hovudet på dei. Til slutt var det ”taparane” og ”outsiderane” som dei blei kalla. Dei gjekk som oftast rundt aleine eller sto i eit hjørne saman med nokre andre i sin gjeng. Viss ein av oss ”vanlege” prøvde å prate med dei, ble ein sjølv sett på som ein tapar.

 

Gruppepresset var såpass sterkt at sjølv ikkje ein av dei såkalla kule personane kunne gå bort til taparane eingong, for då blei dei utstøytt av sine egne. Da er det verkeleg vanskelig å stå i mot, for ein vil verken miste vennene sine, eller gjengen sin. Sånn er dessverre miljøa på mange skuler i Noreg, utan at eg veit kvifor. Har de svaret? Kanskje nordmenn har eit ekstra stort behov for å vise seg fram for andre? For å vere best? Har det noko med alle svenskevitsane å gjere?

 

Trass i det er vi best på noko også da, så vi har ein liten grunn til å være sjølvgode. Northug til dømes, han er ein fabelaktig langrennsløpar! Han vinn støtt og stadig over svenskane, og det liker dei sjølvsagt ikkje. Vi nordmenn derimot, vi ler og fortsete med å fortelje svenskevitsar her i Noreg. Tilbake til saken igjen; eg synst likevel at ein kan oppføre seg vennleg. Skulen er ikkje eit slags spel eller eit løp, slik som dei Northug går, er den vel?

 

Ein kan ikkje vente at alle skal vere venner, men ein treng vel ikkje av den grunn å sortere medelevane i båsar etter korleis ein sjølv, eller nokre andre menneske ser på dei? Da blir heile opplegget som ein flokk med sauer. Nokre må vere den svarte sauen som blir utstøytt og sett ned på, medan alle dei andre følgjer flokken og leiren. Visste du at viss leiaren i ein saueflokk går utfor eit stup, så følgjer halvparten av flokken etter?

 

Vi menneske er heldigvis sjølvstendige individ med evna til å tenkje sjølv, sjølv om vi ofte kan samanliknast med saueflokkar. Å følgje etter og herme etter andre er noko vi ofte gjer. Det har blitt til ein slags vane for oss. Når det kjem til stykket, er vi alle like. Uansett alder, hudfarge, religion, bustad og kjønn så har vi alle ein gang vore like, og hatt dei same behova. Kvifor skal det da vere sånn at nokre menneske trur dei er så mykje betre enn andre? Det som er enda verre er at dei faktisk blir sett på som mykje betre av andre menneske og. Som ein slags leiar, på ein måte.

 

De må vakne opp! Sjå dykk rundt, kva ser de? Likar de det de ser? Vi må få ein slutt på alt dette med gruppepress, for det er ikkje enkelt å stå i mot. Det har eg erfart sjølv. Ein må ha ein god dose sjølvtillit og vere sjølvsikker for å klare det, og sånn skal det ikkje vere. Alle skal ha mogelegheita til å ta egne og sjølvstendige val utan å bli utsett for gruppepress.


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

sug pikk
17.03.2016 11:52

Bra!
1
anbefalinger
sug pikk


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.013 sec - 1 pageviews