Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Diktanalyse: "Lagnad sa vi"

Diktanalyse: "Lagnad sa vi"

Nynorskstil hvos jeg analyserer diktet "Lagnad sa vi" av Arnljot Eggen.

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
22.10.2009

Diktet Lagnad sa vi er skrive av Arnljott Eggen (fødd 1932) og utgitt i boka Sprekker i muren i 1969. Diktet er skrive i frie vers, det vil seie at det ikkje rimer. Diktet er delt inn i 30 vers fordelt på to avsnitt. Først ei lang strofe og så ei kort avslutning på 3 linjer. Diktet har ikkje noko regelviss metrum, men diktaren gjentar same setning, lagnad sa vi, i annakvar linje nesten som eit refreng. Dette gjev diktets fyrste del ein stødig rytme. Rytmen passar bra til eit dikt som nesten kan leses som ein revolusjonistisk opprørssong.

 

I byrjinga er diktet ordna og pent, setningane er annakvar gong vers og ”refreng”. Her gjer personane i diktet små og uviktige brotsverk, til dømes; når vi slumpa til å snåve i einkvan, som etter kvart tar seg opp i alvorsgrad. Når udådane til personane i diktet blir retteleg alvorlege blir setningane i diktet lengre, noko som gir eit meir rotete intrykk. Det reflekterer graden av kaos i samfunnet. Dette er eit godt døme på at form følgjer innehaldet.

 

Diktaren nyttar verkemiddelet hyperbol, det vil seie å overdrive for å oppnå ein dramatisk effekt. Han nyttar særs sterke og overdrevne språklege bilete:

lagnad sa vi

til barns beinstumpar og brende andlet

 

Diktaren skriv i andre person fleirtal, han fortel kva vi har gjort. Dette gjer at vi føler at diktet angår oss, at det er vår felles historie diktaren fortel. I og med at innehaldet er så gruvekkjande støytes vi frå det, vi ønskjer ikkje å bli samanlikna med- eller skulde for å ha gjort det same som personane i diktet. Målet til diktaren er å få oss til tenkje, og stilen tydeleggjer bodskapet. Diktet er sterkt moraliserande; ingen vil vel vere som personane i diktet.

 

Hovudtemaet i diktet er undertrykking. Diktet fortel ei historie om eit undertrykt folk. Kven som undertrykte folket i byrjinga er ikkje så viktig, poenget er at folket heile tida seier at det er lagnaden si skuld. Dei nyttar lagnaden følgjerett som unnskyldning for at dei ikkje gidd å kjempe imot, og dei undertrykkjer også kvarandre. Diktet er også eit kall til å gjere opprør mot systemet og ikkje berre følgje straumen som dau fisk.

 

I norrøn litteratur møter vi lagnaden som ein urokkeleg kraft som gjer som den vil. Menneskja (og gudane også for den saks skuld) må føye seg etter ham og freiste å gjere det beste ut av høvet. Det gangnar ikkje å freiste å blidgjere eller unngå lagnaden sin.

 

Diktaren her har eit tolleg anna syn på lagnaden. I diktet hans er lagnaden ein unnskyldning menneskja nyttar når vonde ting hender. Dei nyttar ham også aktivt mot kvarandre. Dei er som små barn som syng høgt LALALALA og stappar fingrane i øyra når dei vaksne seier noko dei ikkje vil høyre.

 

Dette fører oss til bodskapet i diktet, nemleg at ein ikkje kan bruke lagnaden som unnskyldning for vonde ting som skjer og som ein gjer mot andre. Det finnes ingen unnskyldning for dette, og ingen unnskyldning for ikkje å kjempe imot det vonde. Diktet inneheld også ein åtvaring: Om vi ikkje kjemper mot det som undertrykkjer oss men sløvt lar det halde på, blir vi etter kvart sjølv ein del av det vonde. Og sjølv om misgjerningane som vi unnskylder i byrjinga berre er små og ubetydelege, kan det lett balle på seg og få store konsekvensar.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil