Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Evas øye: bok og film. (Karin Fossum)

Evas øye: bok og film. (Karin Fossum)

Forfatteren, boken, filmen med mer.

Sjanger
Særemne
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
09.02.2001
Beskrivelse av emnet/problemstillinga:
  • Sei noko kort om forfattaren
  • Skrive kort om kriminal sjangeren.
  • Beskrive boka, kvaslags intrykk ho gav meg.
  • Sammenlikne boka og filmen med kvarandre.
  • Er noko forandra frå bok til film for å gjere filmen meir salgbar for det breie publikum? Er hendelseforløpet likt?
  • Opplevde eg personane på same måte?
  • Er personane sin karakter forandra frå bok til film?
  • Korleis blei boka moteken?

    Primærlitteratur:
  • Evas øye
    Sekundærlitteratur:
  • Internett,
    Tema: Massemedia


    "Evas øye", bok og film. 1: Innhaldet.
    2: Innleiing.
    3: Litt om forfattaren.
    4: Om boka.
    5: Om filmen.
    6: Ei samanlikning mellom dei to.
    7: Kjelder eg har teke i bruk.

    "Evas øye", bok og film.

    I dei siste åra er det særleg krimforfattare som til dømes Gunnar Staalesen, Anne Holt og Karin Fossum som har nådd ut til det breie laget av befolkninga. Eg fann Karin Fossum si bok heime i bokhylla. Boka vekte mi interesse på grunn av biletet på omslaget som minna meg om Mona Lisa. Dette biletet, kombinert med tittelen, gav meg eit inntrykk av at noko makabert kunne ligge bak. Då eg i tillegg såg at ho var komen som film var det nok til at eg las ho. Film er det mediet som til vanleg fengjer interessa mi framføre bøker, sett bort ifrå fantasy-sjangaren som i dei seinare åra har vore noko av ei besettelse for meg. Men eg gav boka ein sjanse. Her vil eg leggje fram noko av det eg fekk utav ho og filmen.

    I årsskiftet 1839/40 skreiv nordmannen Mauritz Christopher Hansen, den første detektivhistoria i verden, namnet på det historiske verket var: "Mordet på maskinbygger Roolfsen". Dette var eit og eit halvt år før han som blir kalla kriminal-litteraturen sin opphavsmann, Edgar Allan Poe, gav ut si første bok. Grunnen til at Poe fekk heiders-tittelen "Krimmens far", er at han skreiv sine bøker på engelsk, noko som gjorde at dei tidlegare blei givne ut på fransk og blei leste av fleire folk. Detektivane er til vanleg retthuga og truverdige typer som folk kan sette si lit til, og ikkje sjeldan har dei ein følgjesven som følgjer med over alt.

    Karin Fossum blei fødd i 1954. Ho debuterte i 1974 med ei diktsamling og i 1995 blei Evas øye skriven. Det var den fyrste kriminal- romanen Karin Fossum skreiv. Karin Fossum jobba, før ho blei forfattar, som kassadame, drosjesjåfør, heimehjelp, på sjukehus, i aldersheim og til sist med rehabilitering av narkomane.

    Boka:
    Boka handlar om Eva Magnus, ein nedbroten kunstnar, nyleg skild aleine-mor med økonomiske problem. Bilda ho malar blir sjeldan eller aldri selde, og rekningane hopar seg opp. Ein dag ho er i byen for å klage på ein malingsboks, ser ho barndoms venninna Marie Durban. Etter femogtjuge år har dei to venninnene mykje å snakke om, og "Maja" som har god økonomi etter å ha livnært seg som hore dei siste åra, tek Eva med på kafé og restaurant, og dei dreg heim til Maja ganske "på druen". Maja overtaler Eva til å byrje å arbeide som hore ho óg. Eva møter opp og sit berre og ser på igjennom ein dørsprekk fyrste gongen. Men så går noko gale. Kunden til Maja mistar besinninga då ein kniv fell ut av senga, og han kveler Maja midt i synet til Eva. Kniven var meint som skydd og til skremsel mot valdelege kundar. Ironisk nok var det den som førte til at ho døydde. Før Maja døyr, fortel ho at ho har to millionar kroner på hytta, og ho peiker ut Eva som einearving. Mordet gjer forståeleg nok eit djupt inntrykk på Eva og ho blir besett av tanken på å ta Maja sin mordar. Dette blir sjebnesvangert for ho. Det ho så gjer er vel noko Hamsun ville sagt skjer på grunn av det "ubevisste sjæleliv". Ho tek alle pengane i leilegheita til Maja , og seinare dreg ho i tillegg og hentar dei to millionane. Normalt ville vel eit menneske ringt til politiet under slike omstende, men måten det her blir framstelt på, gjer at Eva sitt val ikkje synest så merkeleg.

    Politibetjenten som tek saka heiter Konrad Seier. Han er ein stille og roleg mann med sorg og einsemd som ein stein kring hjartet. Han er ikkje ein stereotyp krimhelt, for som Karin Fossum sjølv seier : " - Jeg følte at alle detektivfigurer var brukt opp enten de var alkoholikere, rundbrennere eller lesbiske. Min politimann er en skrekkelig ordentlig og anstendig mann." Han tek seg eit glas Whisky før han legg seg om kvelden, har ei dotter, er enkjemann, og mora ligg på ein sjukeheim, ute av stand til å kjenne att sin eigen son. Den trufaste partnaren og venen hans er ein hund ved namnet Kollberg.

    Då eg las denne boka, blei eg reven med akkurat på den måten eg synest ein skal når ein les ei bok, og til tider sat eg som på nåler mens augo flaug frå linje til linje. Boka var lett å lese, men nokre gonger forsvann drivet i forteljinga. Ho vart skriven på ein naturleg måte og språket var til tider så fengjande at eg ikkje klara å sjå vekk. Eit døme på dette kan være: "...Resolutt satte hun det ene beinet oppi doen....,lot seg senke nedover i det mørke hullet og viftet fortvilet med føttene mens hun ventet på å støte mot bunnen, og endelig var den der, en slags myk masse hun sank ned i...Spannet med to millioner stod mellom beinene hennes. Det slamret i en dør inne i hytta, og nå hørtes voldsomme eder. Det var en mann, og han var rasende. "

    Filmen:
    Eg syntest filmen var god, men regissøren heldt seg ikkje til boka i ein slik grad eg meiner han skulle. Det var ein mengde skilnader mellom boka og filmen. Nokre større enn andre. Noko eg fann positivt med filmen, var at personane såg ut nesten akkurat slik eg hadde forestilt meg dei. (Alle så nær som faren til Eva. Eg hadde forestilt meg at han var mykje eldre.) I boka heitte dottera til Eva, Emma. På filmen, var namnet forandra til "Jenny". Kvifor det blei forandra forstår eg ikkje. Eva har ingen jobb utan maling, men i filmen har ho hatt mange små-jobbar. Det som førte til at Eva fann den ho trudde var mordaren, var bilen. Dette var og forandra frå boka til filmen. I boka er det ein kvit Opel Manta, medan i filmen er det ein raud Thunderbird. Forløpet i handlinga er heller ikkje det same. Dette synest eg er litt øydeleggjande for filmen. Filmen blei etter mitt syn ikkje betre, meir salgbar, dramatisk av at forløpet blei endra. Kanskje regissøren synest at boka ikkje var god nok.

    I boka hoppar dei meir fram og tilbake mellom personane enn kva dei gjer i filmen. Slik må det vel kanskje vere for ikkje å gjere filmen forvirrande. Filmar er tross alt meir komprimert enn bøker. I film må det skje meir, han må ein ha eit høgare nivå av spenning jamt igjennom. Dette gjer at ein må utbrodere og gjere han meir action-fylt for at han skal fengje like bra som boka, dette ser ein klårt i filmen. Når Eva bryt seg inn i hytta bruker ho i boka hammar og meisel, men i filmen knusar ho eit vindauge, og når Eva har stole pengane frå hytta, og går til bilen, blir ho plutseleg blenda av eit par halogenlamper, korpå ho sett utover lyng og hei i eit forsøk på å kome seg unna. I filmen derimot kjem ho seg inn i bilen og den ukjende mannen kjem heilt bort til ho før ho flyktar, etter store problem med å få bilen i gong. Dette er ein del meir actionfylt enn bok-versjonen. Den same effekten finn ein og når ein i romanen blir sett inn i tankane til Eva medan ho sit og frys nedi toalettet. Vi blir kjende med frykta ho føler og tar del i adrenalin- rushet. Ho sit å tenkjer på kva som vil skje hvis mannen må på do, kva han vil seie viss han ser det bleike andletet hennar stire opp på han. Lukkeleg for ho gjer han ikkje det. I filmen derimot, pisser han rett på skoa hennar. Dette er nok ei omskriving som skal gjere det meir spanande.

    Konklusjon:
    Sjølv om drivet i boka blir borte iblandt, og dei 296 sidene blir vel mange, er boka ein kriminalroman som eg vil anbefale nokre kvelds timar på, og filmen er heller ikkje å fnyse av. Då boka kom ut fekk ho masse gode kritikkar, mykje ros og lite ris. Filmen blei og godt motteke, han fekk terningkast fem i VG, Fædrelandsvennen, Fremtiden, Tønsberg Blad, Hamar Dagblad, Sandefjord blad, Agderposten og Fredrikstad Blad. I tillegg blei filmen tildelt Amandaprisen i år. Personleg synes eg korkje boka eller filmen fortener så god kritikk, men ein firer er ikkje usannsynleg.

    Kjelder:

    Evas øye
  • http://www.vg.no/vg/95/11/10/48sekser.html
  • http://www.vg.no/vg/95/anm/bok/1110groessende.html
  • http://www.dagbladet.no/kontekst/3945.html
  • http://www.dagbladet.no/forfatter/forfatter.html
  • http://www.dagbladet.no/kultur/1999/03/10/160147.html
  • http://go.sol.no/go/a?http://home.sol.no/~fasmer/eo.html

    Bibliografi:
    o Elskede Poona (kriminalroman) 2000
    o De gales hus (roman) 1999
    o Djevelen holder lyset (kriminalroman) 1998
    o Den som frykter ulven (kriminalroman) 1997
    o Se deg ikke tilbake! (kriminalroman) 1996
    o Evas øye (kriminalroman) 1995
    o Søylen (noveller) 1994
    o I et annet lys (noveller) 1992
    o Med ansiktet i skyggen (dikt) 1978
    o Kanskje i morgen (dikt) 1974
  • Legg inn din oppgave!

    Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

    Last opp stil