Søk i stiler
 

Jula - eit kåseri om den finaste av alle høgtider


Kåseri om julen!
Sjanger:KåseriLastet opp:31.01.2001
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Jul
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



Glade jul, heilage jul
Englar dalar ned i skjul…


Jula, no er den her igjen. Med pinnekjøt, sju sorter kake, gløgg og nøtter tek den oss med storm. Jula, ei høgtid som står for fred, forsoning og kjærleik. Ei tid då familie og vener samlast for å slappe av.

Tenk om dette var verkleg! Jula har for dei fleste blitt ein stor kjøpefest kor materialismen har teke over. Kven husker på litlegut i krybba? Eller håpet om fred? Når juleafta setjer inn er det ikkje akkurat tankar om fred i verda som står i hovudet på Ola Nordmann. Nei, no skal det opnast pakker for fullt. Kven får dei flottaste tinga?
Eg husker som liten at eg alltid var livande redd for å få mjuke pakkar. Kven vil nå ha klær til jul? Nei, la det heller vere leiker, eller noko sånt.

No, når eg har vakse litt er det dei mjuke pakkane som freistar. Kven vil nå ha leker til jul?

Heile julescenariet utspel seg mens mor og far set i sofaen og venter spent på om den neste pakken blir eit ”hurra” eller eit ”søren”. Frå tid til anna høres det eit knekk frå sofaen. Om det var ei nøtt eller fingrane til far legger ingen merke til, alle er for opptatt med sitt.

Meir tragisk enn dette kan ting umogleg verte, spør du meg kanskje, men vent å sjå. Tragedien kjem etter alle pakkene er opna og alle set med sitt. Då er liksom jula over på ein måte. All forventninga og gleda er liksom tørka ut, omtrent som vêrvarslinga på NRK.

Alle går og masar om fred og ro, men få er dei som opplever den. No seier eg ikkje at ein skal slutte å gi kvarandre presangar og sånn, personleg syns eg det er eit av høgdepunkta med jula, men dette med presangar har gått til hovudet på dei fleste. Kvifor må allting vere så dyrt og perfekt?

Eg hugser når eg var liten og slapp unna med å lage potetnissar og julehjarter på juleverkstad på skulen. Det var tider det. Men så vaks eg opp og då blei smila til mor og far ikkje like store når dei fekk trenissar og sånt, sirleg innpakka i rødt papir med grønt band. Trur forresten det hadde noko med at eg brukte ein halv rull teip på to pakkar. Dei kunne sitte opptil fleire minuttar og arbeide seg gjennom med saksa, og sånne ting har som regel det med å dempe gleda litt.

Så har vi julemusikken då. Når jula kjem, vanlegvis rett etter haustferien, vert ”Absolute Music- platene” bytta ut med julemusikk i alle variantar. Eg er sikker på at det fins fleire tusen versjonar av songar som ”White Christmas” og ”Jingle Bells” . Alle innspelt av forskjellige stjerner i musikkverda. Som om det er noko spesielt med songen akkurat når dei synger han.

Når vi først snakkar om jul så må vi ikkje gløyme julebord. Sesongen startar tidlig i november, og er den tid i året då firma og foreiningar over heile landet får sjansen til å samle interesserte til pinnekjøtt, ribbe og sprit. Kven vil vel gå glipp av gratis drikke?
Sjølv har eg ikkje vært så heiltent på dette med julebord og sånn. Heile konseptet er jo brukbart då, men dei pleier som oftast å skeine heilt ut ettersom hemningane forsvinn. Nei, då likar eg meg best med begge beina på trygg jord. Ein veit jo aldri kven som hamnar i seng med sjefens kone.

Mange har si meining når jula eigentleg startar. Nokon meiner den startar med dei første juledekorasjonane i butikkar, andre meiner den startar litle juleaften etter all julehandling er ferdig. Til slutt kjem den gjengen som meiner at det er jul først når kalenderen viser 24. desember og klokka viser 17.00. Eg steller meg litt utanfor desse gruppene. Når eg kjenner det klør i fingrane mine etter å handle julegåver, og det blir snakk om kva slags sortar kake som skal bakast, først då er det jula startar. Problemet er vel at denne kjensla varierer frå år til år. Nokre gonger kjem den tidleg, andre gonger seint. Men eg kjem no i hamn kvar jul, sjølv om eg av og til må ut på litle juleafta og handle dei siste gåvene.

Når roen senker seg over huset og familien samlast for å nyte pinnekjøt, og røde lys brenn, ja, først då er det skikkeleg jul. Då kan vi tenke over kva jula eigentleg står for. Tro, håp og kjærleik.

Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

lærere
12.12.2013 09:03

Bra!
13
anbefalinger
jeg liker ikke denne teksten, fordi det ikke er vært enn 4 menn 3. jeg er en veldig dyktig lærer som har tatt utdaning. Nå skal jeg ut å ta meg en snus, røyk og litt alkoholl. og dermed skal jeg lærer elevene mine det nye kapittelet i naturfag, som handler om kromosoner og hormoner  Smile :-\)

Meg
21.12.2005 21:59

Bra!
8
anbefalinger
Knallbra Kårseri.. Stå på videre Smile :-\)

Silje Elise
03.12.2008 12:21

Bra!
7
anbefalinger
dritt bra, dette kan du !  Very Happy :-D

Ida
08.12.2004 17:35

Bra!
6
anbefalinger
Virkelig bra! Kjempegodt skrevet og artig å lese!

Shapetool
08.12.2008 19:07

Bra!
6
anbefalinger
Good Good ; ) får jeg spørre hvilken karakter du fikk på det? : P *nysgjerrig*

sigrid
11.12.2008 18:42

Bra!
2
anbefalinger
bra kåseri, men ligna kanskje litt mykje på et essey? altså, litt lite humor og ironi. men uansett, gode poeng og moro å lese. kva fekk du slags karakter? eg skriv eit kåseri om jula sjølv nå for tia : )

idah
18.12.2009 01:23

Bra!
2
anbefalinger
Kva karakter fekk du? Var ikkje den beste nynorsken eg har lese, heller ikkje det beste innhaldet. Men det var inspirerande, sidan eg sjølv skriv om det same nett no  Smile :-\)

hei
12.12.2013 09:12

Bra!
2
anbefalinger
jeg får bare 6 på dette  Wink ;-\)  Smile :-\)

BlenderFanny
14.12.2013 13:26

Bra!
1
anbefalinger
"Eg hugser når eg var liten og slapp unna med å lage potetnissar og julehjarter på juleverkstad på skulen. Det var tider det. Men så vaks eg opp og då blei smila til mor og far ikkje like store når dei fekk trenissar og sånt, sirleg innpakka i rødt papir med grønt band. Trur forresten det hadde noko med at eg brukte ein halv rull teip på to pakkar. Dei kunne sitte opptil fleire minuttar og arbeide seg gjennom med saksa, og sånne ting har som regel det med å dempe gleda litt."

Akkurat det avsnittet kunne du ha fjernet. Passer ikke akkurat så veldig bra inn. Tenk deg som en 15-16 åring som lager trenisser -.- å gir det til foreldrene dine. Jo, hvis det er noe du virkelig brenner for og du elsker å lage trenisser så skjønner jeg den. Men, sånn jeg oppfatter at du skriver vil du lage trenisser så du slepper og kjøpe gaver.


12.01.2016 12:08

Bra!
0
anbefalinger
hei


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.018 sec - 1 pageviews