Galne jul, hektiske jul... (Melodi: Glade jul, heilage jul)

Kåseri på nynorsk om førjulsforberedelser. Disposisjon til teksten står nederst. Skrevet på norsktentamen.
Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2008.12.04
Tema
Jul

Ut i frå mi personlege meining, skal juleførebuingar nettopp ha begynt, det er 4. desember, Jul i Blåfjell og The Julekalender har starta på TV for fullt. Om du er som meg, og trudde at jula har nettopp byrja, tek du så utruleg feil…

 

Dei første juledekorasjonane i butikken kom fram i oktober, besteforeldra sa seinast i september ”ja no er det ikkje lenge til jul heller, kva ønskjer du deg?” og Radio Ålesund si travle kvinnelege stemme dei brukar for julereklamar starta i byrjinga av oktober; den stemma som hørest ut som den kjem frå ei kvinne som er fast bestemt på å plage lyttarane og stresse dei mest mogleg. ”Snart er det jul, og Stor Moa har alt du treng av julepynt. Vi har femti millionar butikkar på ein stad slik at du berre treng ein dag til å bli ferdig med juleshoppinga, ingen grunn til stress…”. Ho er nok kjent for dei fleste i Ålesundsområdet.

 

Mora mi hatar den kvinna, hatar ho. Hatar ho så mykje at ho har slutta å høyre på Radio Ålesund i førjulstida (altså frå oktober og utover). Ho seiar ho blir stressa, og ikkje roa. Eg synast det er morosamt. Ikkje berre fordi eg synast at det er morosamt å sjå mamma så inderleg irritert, ikkje fordi eg synast at kvinna si stemme er rar og hørest ut som ho har hatt biverknader av helium. Nei, det er ikkje på grunn av det.

Det er rett å slett tanken av kva som har skapt denne irriterande reklamen. Om du er så pass treig at du fortsett sitt som eit einaste spørsmålsteikn til denne kommentaren, så skal eg forklare nærmare…

 

Det er nemleg slik at jula ikkje berre varer frå jul til påske, men frå slutten av sommaren til påska. Skuleelevar sitt på skulebenken med stjerner i augna og tenkjar på juletidar som ”berre” er 4 månader unna. Maset om å bestille julebord ligg som eit stort trykk på foreldra dine allereie i oktober, men verst er det med mødrene…

 

Man skulle trudd at når julevarane kjem ut i butikken så tidleg som oktober, hadde dei byrja å handle då, slik at dei fekk det betre når det nærma seg jul. Men nei då… Dei ventar til det siste minuttet før dei går galne på Storsenteret med mannens kredittkort og handlar til handlevogna sprekk og plastikkposane rivnar. Det er nettopp dette julereklamen for Stormoa spill på, at stressa husmødrer går amok med kredittkort og handlar til kortet går i minus. Hadde husmødrene teke hintet allereie i oktober og byrja da, hadde dei ikkje høyrt på Stormoa reklamen.

 

Men no er altså advent kome for fullt, og det merkast KRAFTIG. Det er som om folk trur at alt som har med jul er forbode før advent, og dei klarer så vidt å halde seg. For når advent har kome, eksploderar hus og heim og butikkar med jul. Det er som om ein vulkan har nettopp sprengt og ut renn det jul i staden for lava.

 

Når eg skrudde på TV’en 1. desember, var det så mykje juleinnhald på TV at det var like før den sprakk. Reklame for den ”beste samlinga av julesongar” som var gitt ut i den nøyaktig same CD’en som året før og året før det igjen, barne-tv med adventsprogram, knalltilbod i alle butikkar, nyheitar som handlar om temaet jul og gudane veit kva anna. Det er som om TV stasjonane har tenkt ”No er det endeleg advent, no kan vi bombardere sjåarane med all slags jule juggel og håpe på at vi kan få opp vårt patetiske sjåar tal!”.

 

Men før all den bombarderinga med jule juggel kom på TV’en, hadde vi i staden blitt bombardert med nyheitar om finanskrisa. No nyleg såg overskriftene slik ut ”Folk blir meir pessimistiske”. Men før det igjen såg det slik ut ”Folk vil bruke like mykje pengar på jul i år”. Altså, vi er i ei finanskrise som rammar dei aller fleste av oss; vi må vere meir forsiktige med pengane våra, seier ekspertar på økonomi. Folk flest seier at dei er bekymra over pengane dei har i banken, og at dei er meir forsiktige med pengane dei brukar. Men når det kjem til jul, nei då er det knallviktig å kjøpe absolutt alt man får auge på; alt skal kjøpast. Man skulle trudd at når folk seier at dei skal vere forsiktige med pengane sine, så hadde det gjaldt jula også. Kva er det som gjer at folk brukar like mykje på julegåver like vel? Er det den uunngåelige trengsla for å glede folk, eller er det konkurransen om å kunne gi den beste julegåva til borna og ikkje vere den som får eit lite sukk og falsk takk frå den snørrete ungen?

 

Noko anna som slår meg når det kjem til jul, er alt det som folk kjøpar. Vanlegvis, og spesielt i finanskrisetida, er folk litt meir forsiktige med pengane sine. Dei kjøpar det dei treng, og unner seg kanskje noko ekstra fint av og til. Men når det gjelder juleførebuingar, er det som om folk er desperate etter å få kjøpt noko.

 

No nyleg var eg ein kjapp tur innom Nille for å kjøpe veslesystera mi ein julekalender med ekle sjokoladar inni. I det sekundet eg sette fot i butikken, var det som om eg gjekk inn i ein maurgard og maura var menneskje. Det krydde av folk som bar på alle slags moglege ubrukelege ting. Ei rekke med folk stod at med ei hylle i butikken fylt med varer, og stira på varane i fleire minutt, som om dei håpte at dei skulle komme på ein grunn god nok til å kjøpe det som var der. Heldigvis var der ein kalender igjen, og eg fikk eit stygt blikk frå ein russisk dame som var tydelegvis på veg til å ta den sjølv.

 

Som eg sa tidligare, så er det som om folk var desperate for at 1. desember skulle kome, og når den dagen kom, merkast dette. Eg blei faktisk litt forbausa over at når eg kjørte forbi alle husa på veg til skulen den dagen; omtrent alle husa hadde fått lysestaken på plass i vindauget og lys på rekkverka og taka. Desse lysa lyste altså som stjerner klokka sju om morgonen, den 1. desember. Dette betyr at mannfolka var ute seint dagen før for å setje opp desse lysa etter kommando frå kjerringa.

 

Men så kjem ein liten klisjé, den måtte jo kome før eller seinare; har folk glømt kva jula eigentleg handlar om? Jula handlar ikkje om materialistiske ting og å handle til kredittkortet går i minus. Vi feirar jo jul for at Jesusbarnet blei fødd, hugsar dykk det? Eller har vi gått så langt at folk ikkje lenger hugsar meininga med jula, og berre tenkjer på å kjøpe, kjøpe, kjøpe?

 

Det hadde ikkje kome som noko sjokk no dersom folk svarte ”Ja men eg vil jo berre glede folk med gåver,” og ”vi vil jo ha det ekstra koseleg i huset no i juletida”. Men ærleg talt folk, det finst jo ei grense? Men dessverre så har den blitt skyvd lenger og lenger fram år etter år, og no forbinder dessverre dei aller fleste jula med materialisme, og ikkje kristendommen.

 

Og det morosame (eller det triste?) er at dei fleste julegåver blir bytta i romjula. Hadde det ikkje då vore betre å spare seg sjølv for maset og berre sette seg godt tilbake og nyte jula som ein kristelig høgtid? Det får vere opp til deg.

 

 

Disposisjon

Når oppgåva sa at vi kunne skrive en tekst om juleførebuinga, kunne eg ikkje dy meg. Eg synast at det er hysterisk morosamt måten førebuinga går for seg, og måtte berre ha det med i teksten.

 

Eg tenkte at eg først skulle kome med ei innleiing om at no er desember her, og at juleførebuingane skulle byrja no. Men juleførebuingane har gått for seg sida oktober.

 

Så ville eg ta med forskjellige punkt og komiske situasjonar om juleførebuingar, dvs. shoppinga og stresset før jul. Dette blir då hovuddelen min.

 

Så avsluttar eg med, eller konkluderer med at kanskje det hadde vore betre å ikkje stresse sånn med juleførebuingar like vel, og berre slappe av i staden. Mange kåseri er også best når avslutninga er litt open, det er den her ved at eg har latt lesaren bestemme sjølv kva som hadde vore best; stresse eller ikkje stresse.

 

Alt i alt synast eg at eg har skrive eit sabla godt kåseri, og håper du synast det same!

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst