Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Planetane i solsystemet

Planetane i solsystemet

Tekst om planetane i solsystemet.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
26.11.2008

I solsystemet er sola og alt som går i bane rundt ho. Det er ni planetar som går i bane rundt sola. Planetane kan ikkje produsera eige lys til å lysa, men sola lyser på dei. Sola er eigentleg ei mellomstor stjerne, og ho er den stjerna som er nærast jorda. Ho ligg rundt 150 millionar kilometer frå jorda. Dei største stjernene er mykje større enn sola, men dei er lengre vekke. Sola er like stor som ein million jordkloder, og ho er omtrent 1,4 millionar kilometer i diameter. Ho gjer energi og varme til jorda. Utan sola hadde jorda vore mørk og iskald, og ingen organismar kunne ha levd. Sola er full av stormar som herjar. Det som sola kastar ut er glødande gass. Sola er altså ein stor klump med gass. I kjernen er gassen trykka saman, og er veldig varm. Det kan verta opptil 15 millionar grader. Når sola er så varm smeltar hydrogenatoma til helium, og ho får enormt mykje energi til å skinne. Ho sender ut lys, infraraudt og ultrafiolett lys til verdsrommet og til andre planetar. Sola vart til for meir enn 5 milliardar år. No er ho passe varm til at me kan leve på jorda, men det kjem til å forandre seg. Ho kjem til å verta større og mykje varmare. Då vert det altfor varmt til å leve på jorda, og ho kjem til å sluke Merkur og Venus. Seinare kjem ho til å skrumpe inn, og dø. Det vil skje om ca. 5 milliardar år.

 

Dei indre planetane

Merkur ligg nærst joda vår. Det tyder at Merkur er svært varm, fordi sola steikjer han. Merkur er òg den nest minste planeten i solsystemet, men han går i bane rundt sola, raskare enn nokon anna planet. Jorda er tre gonger større enn Merkur. Temperaturen på Merkur variera mykje. Om dagen kan det verta opp til 380 grader, og om natta kan det verta nedtil minus 170 grader. Det er fordi at Merkur ikkje har nokon atmosfære til å holde på varmen. Overflata til Merkur er av stein, og kjernen er av jern og nikkel.

 

Venus er planet nummer to frå sola, og er den planeten som er nærast jorda. Han er omtrent like stor som jorda, og er fast. Det er enda varmare på Venus enn på Merkur, fordi Venus har skyer som held på solvarmen. Difor kan ikkje astronautar landa på Venus. Overflata til Venus synes ikkje , fordi skyene roterer rundt han. Skyene er av giftige gassar. Venus er synleg frå jorda rett før soloppgong, og rett etter solnedgong. Difor vert han kalla «Morgonstjerna» og «Aftenstjerna».

 

Jorda er den einaste planeten som mennesket kan leve på, og er planet nummer tre frå sola. Avstanden til sola gir akkurat passeleg temperatur til at menneske og dyr kan leve. Frå månen ser jorda ut som ein blå planet, fordi mestedelen er dekka av hav. For mange millionar år sidan var jorda dekka av krater, men no er mestedelen av dei vekke. Overflata til jorda endrar seg heile tida, fordi vinden og regnet herjar. Jorda bruker litt over 365 dagar på ein runde rundt sola. Det er altså eitt år. Jorda snurrer òg rundt seg sjølv. Det tar 24 timar, og det vert kallast ein dag. Jorda står litt på skrå. Då står sola av og til høgt på himmelen, og lågt på himmelen. Når ho står høgt på himmelen, er det sommar, og når ho står lågt på himmelen, er det vinter. Det er difor me har årstider. Jorda er annleis enn dei andre planetane, fordi han har vatn og ein atmosfære som gjer at me kan leve. Atmosfæren er ein samling av gassar. Den viktigaste gassen er oksygen. Menneske, dyr og planter må ha oksygen for å leve.

 

Månen er av stein, og går i bane rundt jorda. Han er full av krater, og liknar mest på Merkur. Månen er mykje mindre enn jorda. Temperaturen om dagen er opptil 100 grader, og om natta nedtil minus 170 grader. Det ser ut som om månen lyser, men det er berre sola som lyser på han. Det fins vatn på månen, men ikkje luft. Det tyder at menneske ikkje kan leve eit normalt liv på månen. I 1969 landa truleg det første mennesket på månen.

 

Mars er den fjerde planeten frå sola, og er den siste planeten i det indre solsystemet. Året på Mars varer 687 dagar. Mars har ein atmosfære som menneske ikkje kan leve i. Vinteren på Mars variera frå 0 grader til minus 100 grader. Om sommaren kan temperaturen komma opp i 15 varmegrader. Før var det vatn på Mars, men no er det is. Det er blitt funne restar etter liv på Mars. Det er etter mikroorganismar. Det er små dyr som me berre kan sjå med mikroskop. Mars er berre halvparten av jorda. Det tyder at Mars er liten. Mars har to, små månar, som er forma som poteter. Det er storm på Mars heile tid, og det kan me sjå i frå jorda, dersom dei er sterke nok. Me kan sjå Mars frå jorda som ei raud stjerne.

 

<bilde>

 

Dei ytre planetane

Jupiter er den femte planeten frå sola. Han er òg den største planeten i heile solsystemet. Han er 1000 gonger større enn jorda. Ein dag på Jupiter varer berre i nesten 10 timar, men eitt år varer nesten 12 år. Jupiter er laga av nesten berre gass. Dei indre planetane er laga av stein. Menneske kan ikkje landa på Jupiter fordi han er flytande. Gassen er pressa så hardt saman at den har blitt flytande. Jupiter har ein atmosfære med fleire lag. Der finst det både vatn og giftige gassar, og det kan komma nedtil minus 150 grader. Det er mykje varmare i midten av Jupiter enn overflata til sola. Jupiter har store stormar som har herja lenge. Ein storm kunne me sett frå jorda i 300 år. Det kallast "Den raude flekken". "Den raude flekken" er større enn jorda.

 

Saturn er den sjette planeten frå sola. Eitt år på Saturn er nesten 30 år på jorda, men ein dag er litt meir enn 10 timar. Saturn er eigentleg veldig lik på Jupiter. Han har dei same gassane, nesten same temperatur og har sterke vindar. Men han er mindre enn Jupiter. Saturn har ringar som er laga av stein og is. Det er eigentleg tusenvis av smale ringar, men me kan berre sjå tre store ringar. Saturn har 18 månar som me kjenner til. Titan er den mest kjente. Han er òg den største. Det kan hende det finst liv på Titan. Han liknar på jorda slik jorda var for lenge sidan. Saturn er den nest største planeten i solsystemet. Me kan sjå Saturn frå jorda, fordi han lyser så sterkt. Saturn er veldig lett, og kunne ha flyte i vatn.

 

Uranus er den sjuande planeten frå sola. Uranus er eigentleg ganske ukjent, sidan han er veldig langt vekke. Eitt år på Uranus er like langt som 84 år på jorda. Uranus er laga av stein og is, men det finst òg mykje gass. Uranus er stor, og har ringar slik som Saturn. Ringane til Uranus er svært mørke, og er vanskeleg å sjå. Han har 13 ringar. Uranus vart først oppdaga 13.mars 1781. Uranus er den tredje største planeten i diameter. Uranus ligg 2871 millionar kilometer frå sola.

 

Neptun er den åttande planeten i solsystemet. Han ligg 4504 millionar kilometer frå sola. Neptun har berre blitt besøkt ein gong. Det skjedde 25. august 1989. Atmosfæren til Neptun er av hydrogen, helium og metan.

Neptun liknar på Uranus, men han er litt mindre. Ein dag på Neptun varer i litt over 18 timar. Eitt år varer nesten 165 år. Det er veldig kaldt på Neptun. Gjennomsnittstemperaturen er minus 240 grader. Det bles store stormar på Neptun. Det vert vist som ein mørk flekk, og vert kalt «den mørke flekken». Neptun er den fjerde største planeten i solsystemet.

 

Pluto er den siste planeten i solsystemet vårt. Han bruker lengst tid av alle planetane, til å gå ein runde rundt sola. Han bruker 248 år! Ein dag på Pluto varer i 6 dagar og 9 timar. Han vart oppdaga i 1930. Pluto er den minste planeten, og er mindre enn månen. Pluto har ein kjend måne som heiter Charon. Charon er ein spennande måne, fordi han har ein atmosfære som jorda har. Me veit lite om Pluto, fordi han ligg så langt vekke frå jorda.

 

<bilde>

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil