Søk i stiler
 

Bang, bang!


Handlar om Linnea som mister familien sin på ein tragisk måte.
Sjanger:NovelleLastet opp:10.11.2008
Språkform:NynorskForfatter:Anonym
Tema:Familie
Drap
Selvmord
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



Kniven skar seg ned i handbaken, og blodet pipla fram. Smerten kom til å forsvinne snart. Det var ikkje lenge igjen no. Snart skulle alt vere over. Ikkje noko meir medfølande blikk eller stirring. Aldri meir smerte eller sorg… No såg dei på ho igjen. Det var trist auge som stirra på ho, aldri glade. Sørgande blikk som prøvde å unngå å sjå på ho, men som ikkje fekk det til. Ho kunne føle blikka deira i nakken heile tida. Snart skulle ho dit ho høyrde heime, saman med familien sin igjen.

 

“Korleis går det med deg? “. Dama på andre sida av pulten stirra intenst mot ho. Linnea såg ikkje ut til å høyre noko av det ho sa, og såg berre tomt utover vindauge. ” Eg kan ikkje hjelpe deg viss du ikkje seier noko”. Ho venta litt før ho forsett forsiktig.” Du hugsa dei sant? Foreldra dine? Og den vesle bror din?”. Augo snudde seg mot dama eit augeblink, og dei var tomme og matte. Så snudde ho seg igjen og forsette å sjå ut vindauge. Sjølvsagt hugsa ho, det var som ein film inne i hovudet hennar som gjekk rundt og rundt. Fire personar som sit og et middag. Ein mann som kjem inn og tar fram ein pistol. *Bang bang*. Mannen ved enden av bordet sig ned frå stolen og ned på golvet. Mannen med pistolen knyt borna fast til kvar sin stol, og dreg kvinna med seg inn på naborommet. Hyla frå kvinna fyller romma med skrekk, før dei neste skota kjem. *bang bang*. Den vesle guten byrjar å grine, og jenta ved sidan av prøver å trøyste. Prøvde å hysje han ned. Plutseleg står han i døra igjen og stirrar på dei. Jenta veit kva som skal til å skje. Ho prøver å nå henda til den vesle guten , men han blir dratt opp av mannen med pistolen. Mannen held guten i håret, og hylet frå jenta vert overdøvd av endå eit *bang bang*. Den vesle gutekroppen ligg slapt på bakken. Mannen drar ho med seg inn på soverommet. Ho seier ikkje imot. Det greie ho ikkje. Mens han held på med ho ligg ho berre der. Tankane hennar er heilt andre plassar. Han vert sint når ho ikkje strittar  imot og slår til ho. Slaga kjem om og om igjen, og det hender at han sparkar ho hardt i magen og andletet. ”Linnea? Snakk med meg! Du kan ikkje holde alt dette inni deg!”.

 

Den forbanna dama prøver å trenge inn i skalet mitt. Stirrar på meg med dei intense og medfølande blikka sine. Ho kjem aldri inn. Det er berre eg som høyrer heime der. Inni skalet mitt. Skal det liksom hjelpe å snakke? Eg vil ikkje snakke, ikkje med ho og ikkje med nokon andre! Kvifor snakke?Å snakke gjer deg berre trist. Då må du hugse tilbake på alt det vonde. Nei, eg blir her i skalet mitt, til tida er inne. Det er snart klart no, om ei lita stund.

 

”Eg vil berre hjelpe deg. Ikkje gjere deg noko vondt”. Linnea såg på ho med uforståande, tomme blikk. ” Kva er det du prøver å oppnå ved å ikkje snakke? Det vil berre gjere ting verre”. Ho retta blikket ut av vindauget igjen. ” Eg veit at det ikkje er enkelt, men kjem til å bli betre. Eg og hadde ein tøff barndom, kan eg få høyre din skal du få høyre min?”. Linnea rista berre på hovudet og tok kniven opp av lomma. Så byrja ho og synge stille for seg sjølv.

 

Death, my friend, you are always there,
from you, no one flee, you are everywhere
,
still, I wonder, why you are never here...

Death, my friend, you release others from pain,
all those people, they get free, so many slain,
yet, I ask, why I am still here in vain...

Death, my friend, you everywhere see,
from you, just redemption, can I plea,
here I ask, come here, set me free...

 

Tide er komen, eg berre veit det. Det er min tur no. Nå skal eg endeleg få sove, sove fredfullt og stille. Sleppe å tenke, sleppe å hugse, ikkje minst sleppe å sjå det for seg. Kniven skjær i gjennom huda. Gjennom handleddet denne gongen. Og ei elv av blod renn ned på genserermet. Eg skal bli fri no, eg skal gløyme uønska minner… Mamma? Pappa? Veslebror? Eg kjem heim no.

 

”Linnea.. Linnea?! Nei!”


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

anonym
21.11.2010 17:10

Bra!
0
anbefalinger
kjempe bra historie.... Smile :-\)
men den var velgig trist holdt på å grina når eg leste det

Emilie
07.12.2010 22:16

Bra!
0
anbefalinger
Kjempe bra skrevet!  Very Happy :-D
Men når du skrev "Dei" på begynnelsen, hvem mente du da?
Du nevnte ikke noe om det i historien.
Ellers bra..Fikk du noen karakter på den?

wow!!
19.05.2012 22:03

Bra!
0
anbefalinger
Beste jeg har lest på nynorsk...


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.013 sec - 1 pageviews